Ishavsmuseet Aarvak vart oppretta for å ta vare på dei rike tradisjonane ein har på Sunnmøre frå selfangst, overvintringsfangst og ekspedisjonar i polarestrøk. Ishavsmuseet har fokus på selfangst, og ligg i Hareid kommune.

Om Ishavsmuseet Aarvak

Ei spanande soge om ishavets sanne heltar, kvardagsheltane, og om ei næring som skulle få så mykje og seie for ein heil nasjon. Selfangst og overvintringsfangst. Mennene som kjempa mot naturkrefter og heimlengsel. Dei som reiste ut 15 år gamle utan tvil i sjela. Skipperar og fangstmenn. Det handla om og overleve, og kanskje oppfylgje ein draum om rikdom. Mange kom ikkje attende, men fikk si våte grav.

Ishavsmuseet vart oppretta for å take vare på dei rike tradisjonane som vi har på Vestlandet frå ferdsel i polarestrøk. At Ishavsmuseet vart lagt til Brandal kjem av at denne vesle bygda var eit senter for all virke i polarestrøk frå Vestlandet, alt frå 1898 av. Det var herifrå dei første skøytene gjekk ut på selfangst i 1898. Dette var starten på ein ny og etter kvart svært så viktig næring for heile Vestlandet. Det var frå Brandal dei utrusta dei første turane. Men andre bygder på Sunnmøre kom raskt etter.

Ishavsmuseet fortel historia om selfangst i Vestisen, Østisen og Newfoundlandsfeltet, og overvintringsfangst på Nordaust-Grønland. Også om kolgruvene i Ny-Ålesund, eller Brandal City som var første namnet på staden. Dei store oppdagarane som Nansen og Amundsen er også representerte, og Ragnar Thorseth som blant anna var første nordmann på Nordpolen er via godt med plass.

Ishavsmuseet er i dag eit viktig dokumentasjons og opplevingssenter. Museet består i dag av ishavsskuta Aarvak frå 1912 sett på land og bygt inn i eige hus. Vidare består museet av driftsbygningar med utstilte gjenstandar frå fangst og fiske. Her finn ein også ei fotosamling på nær 10.000 foto og ei rekkje eldre filmar opptekne i polarestrøk. Utstillingane til Ishavsmuseet går over omlag 2500 m2.

Dokumentasjonssenteret består av arkiv frå fleire viktige ishavsreiarlag, eit stort polarbibliotek, ei stor samling av lydbandopptak og elles store mengder innsamla arkivalia frå ulike hald.

Ishavsmuseet si venneforeining (www.ishavsvenner.net) gjev også ut polarmagasinet Isflaket som kjem ut med omlag 60 sider 4 gongar kvart år. ( www.ishavsmuseet.no/#cid=10 )

Sjå meir om Ishavsmuseet Aarvak på www.ishavsmuseet.no

Visit us

Share to