Herdla Museum

På Herdla kan ein få nærkontakt med elementa som har forma den vesle moreneøya. Ein kan leite opp dei mange spora frå andre verdskrigen eller med stor varsemd nærma deg det viktigaste fugleområdet i Hordaland. På Herdla fort kan du sjå utstilt det tyske jagarflyet Gul 16 og vitja eit freda torpedobatteri.

About Herdla Museum

Herdla Museum finn du på øya Herdla heilt nord i Askøy. Museet ligg sentralt til ved Herdlevågen og er det naturlege utgangspunktet for den som vil bli kjent med ei spesiell øy. Museet presenterer både natur- og kulturhistoriske emne. Nytt museumsbygg opnar hausten 2016.

Herdla Museum is a part of

You'll find us here

Share to