Gudbrandsdalsmusea AS

Gudbrandsdalsmusea er regionmuseum for Gudbrandsdalen med mange avdelingar knytt til ulike tema. Museet er ein møtestad for arbeid med natur, kultur, kunst og kunnskap mellom fortid, nåtid og framtid i museet sitt ansvarsområde, dei 9 kommunane frå Ringebu og nordover i Gudbrandsdalen.

324 nye objekter siste 7 dager

About Gudbrandsdalsmusea AS

Gudbrandsdalsmusea er regionmuseum for Gudbrandsdalen med mange avdelingar knytta til ulike tema. Museet er ein møtestad for arbeid med natur, kultur, kunst og kunnskap mellom fortid, nåtid og framtid i museet sitt ansvarsområde. Museet er ikkje eigar av samlingane, men har samarbeidet regulert ved driftsavtalar med dei ulike eigarane,

Museet skal utvikle sin kompetanse på natur- og kulturhistorie og vere aktiv i utviklinga av eit kulturbasert næringsliv.

Museet kan ta på seg oppgåver for andre/nye einingar som ligg innanfor driftsselskapets formål.

Museet skal vera eit non profit selskap. Eventuelt driftsoverskott skal førast attende til drifts-selskapet.

Ved avdelingane er det utstillingar om jordbruk, bergverk, jakt og fangst, husflid og handverk, den siste verdskrigen, dei unike stavkyrkjene, aktuelle tema m.m..

Ved dei tre friluftsmusea kan ein vera med på mange aktivitetar og demonstrasjonar som vi har tilbod om saman med lokale lag og einkeltpersonar .

I Opplandsarkivet sine 5 avdelingar kan ein få hjelp til å granske slekt, lokalhistorie, folkemusikk, sjå i arkivmateriale og foto frå området.

Pilegrimsleden, St. Olavsvegen Oslo – Trondheim, er ei indre og ytre reise gjennom kulturhistorie og landskap med pilegrimssenter på Hundorp og Hjerkinn. Pilegrimssenteret på Hundorp er del av regionmuseet.

Avdelingar:
Lesja Bygdatun
Einbustugu, Dombås
Presthaugen, Lom Bygdetun
Stavkyrkjesenteret, Lom
Jutulheimen
Bergverkssenteret, Otta
Gudbrandsdal Krigsminnesamling, Kvam
Dale-Gudbrands gard med Pilegrimssenter, Tusenårstig og administrasjon.
Stavkyrkjeutstilling, Ringebu Prestegard
Bygningsvernavdeling på Hjerleid, Dovre
Arkeolog for museet, Lesja.
Opplandsarkivet med avdelingar: Dombås, Skjåk, Vågå og folkemusikkarkiv i Vågå og Hundorp.
Ringebu Historielag har registrert si fotosamling under Gudbrandsdalsmusea, signatur GMRH. Dette tilbodet kan utvidas til andre historielag etter eige avtale med museet.

Share to