Gol bygdearkiv

Her finn du fotografi frå Gol og Hallingdal med forskjellige motiv som personar, landskapsbilete, gardar og gardsliv, arbeidsliv, skulebilete, turisme, store begiveneheitar mm. Har du bilete du vil dele med andre? Kontakt Gol bygdearkiv.

About Gol bygdearkiv

Gol bygdearkiv er eit lokalhistorisk arkiv for Gol kommune. Det skal samle inn, ordne, registrere og ta vare på arkivsaker frå bedrifter, institusjonar, organisasjonar og privatpersonar

Gol bygdearkiv har per i dag ca. 11-12.000 bilete. Kjernen i samlinga er glassplatene etter fotograf E. T. Braaten, som virka i Gol og Hallingdal rundt forrige århundreskifte Arkivet har etterkvart også fått eit stort tilfang bilete frå private fotoarkiv. I samlinga vil de finne alle moglege motiv: personar, landskapsbilete, forskjellige gardar, om livet på garden, arbeidsliv, skulebilete, turisme, feiringar mm. Gol bygdearkiv blir finansiert av Gol kommune, men blir driven på frivillig basis.

I arkivet er også ei utstilling med gjenstandar frå 2. verdskrig samt ei utstilling over gamalt fotoutstyr.

You'll find us here

Share to