Nye objekter
Om Fjell Festning
Fjell Festning ligg på øya Sotra vest for Bergen. Festningsanlegget vart bygd i 1942–1945 av den tyske okkupasjonsmakta for å sikra innseglinga til Bergen. Fjell Festning var ein del av Atlanterhavsvollen – den tyske festningslinja som gjekk langs Atlanterhavskysten frå Nordishavet til Pyreneane. Etter 1945 tok det norske forsvaret over Fjell Festning, som ein del av Kystartilleriet, og sidan som radarstasjon.
Forsvaret la ned si verksemd i 2004, same året vedtok Riksantikvaren å freda Fjell Festning som eit militært kulturminne. Sotra og Øygarden Forsvarsforening nedla sidan 1990-talet mykje dugnadsarbeid for å sikra anlegget og gjera det tilgjengeleg for publikum, og fekk reist eit vernebygg over kanonbrønnen som fungerer som kafe/forsamlingslokale.