Bagn Bygdesamling

Bagn Bygdesamling vart etablert i 1920. Bygdesamlinga ligg 5 km sør for Bagn tettstad i Sør-Aurdal, på området for garden Islandsmoen. Museumssamlinga består av hus, gjenstandar, foto og privatarkiv frå Sør-Aurdal. Vi gjer gjenstandar, foto og antikvariske bygningar tilgjengelege på DigitaltMuseum. Opplysingar om privatarkiva finn du på http://www.arkivportalen.no. Det er Valdresmusea as som driftar Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger.

41 new objects last 7 days

About Bagn Bygdesamling

I 1920 vart det oppsett hus på tuftene etter gamletunet på Islandsmoen. Veslestabburet og Smettbakbua skulle danne utgangspunktet for det som seinare vart heitande Bagn Bygdesamling. Dei fyrste åra var dette eit privat gardsmuseum, der både hus og gjenstandar hadde tilknyting til folka på Islandsmoen. Etterkvart kom det til fleire gjenstandar frå andre stader i bygda, så då samlinga i 1939 vart gjeve til bygda var namnevalet naturleg.

Museet har i dag 16 hus med gardstun frå Islandsmoen, telthus frå Vangen på Bagn, og forpaktarbustad og storkjøkken frå prestegarden i Bagn. Ei oppgangssag, bekkekvern, skogskoie, badstugu og stabbur står ved Islandsmoelva. Ei krigsminneutstilling i samband med krigshandlingane i Valdres 1940 er sett opp inne i administrasjonsbygningen. Opplandsarkivet har ei avdeling på museet med gamle arkiv frå lokale lag og foreiningar. Ei fotosamling på omlag 3000 bilete er òg oppbevara her. Bagn Bygdesamling ligg ved E-16, fem kilometer sør for Bagn sentrum i Sør-Aurdal kommune.

Bagn Bygdesamling er en del av Valdresmusea as

Bagn Bygdesamling is a part of

You'll find us here

Share to