Created with Sketch.

Blonde on Blonde

Blonde on Blonde er det sjuande studioalbumet til Bob Dylan. Det kom ut i mai 1966 på Columbia Records. Albumet vert rekna som det første viktige dobbeltalbumet i rockehistoria,Alan Light, "The All-TIME 100 Albums", Time, 13. november 2006 og dei mange songane gjorde at ein måtte fordele dei på to LPar. Dylan innførte ein meir ekletisk stil i bluesrocken hyan innførte på Highway 61 Revisited og songane hadde enno meir surrealistiske tekstar. Det markerte òg slutten på ein æra for Dylan, som snart skulle kome ut for ei stygg motorsykkelulukke som tvinga han til ein lengre pause frå musikken. Albumet vart spelt inn i Nashville og vart produsert av Bob Johnston. Det nådde niandeplassen på Billboard-lista i USA og selde til dobbelt platina. I Storbritannia nådde albumet tredjeplassen. Det er rangert som det niande største albumet gjennom tidene hos både VH1 og Rolling Stone. Innspeling Bakgrunn Newport Folk Festival i juli 1965 var første gong Dylan prøvde ut den nye stilen sin på konsert. På dei to neste konsertane hans, i slutten av august, var Al Kooper og bassist Harvey Brooks, som begge spelte på Highway 61 Revisited, med som musikarar, men gitarist Mike Bloomfield og trommeslagar Bobby Gregg kunne ikkje vere med. I staden hyrte Dylan Robbie Robertson og Levon Helm, som begge var medlemmar av the Hawks (som seinare vart kjend som The Band). Den første konserten vart halde 28. august i New York. Første halvdel av konserten bestod av eit akustisk sett, medan andre halvdelen var elektrisk. Den elektriske delen av konserten fekk dårleg mottaking av publikum. Fleire dagar seinare heldt Dylan ein identisk konsert i Los Angeles, men denne vart langt betre motteken av publikum. Dette skuffa Dylan, som sa at han ønskte dei hadde bua, fordi det var god publisitet.Heylin, Clinton (2003). Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 228-43. HarperCollins. ISBN 0-06-052569-X.