Tingvoll kyrkje
Tingvoll kyrkje på Tingvoll på Nordmøre er ei steinkyrkje som vart bygd kring 1180 i romansk stil med grunnplan som langkyrkje. Kyrkja blir også omtala som «Nordmørsdomen». Bygget er freda.
Ho er ei av dei gamle steinkyrkjene som vart bygd i Noreg gjennom tidene som enno står og framleis er i bruk. Kyrkja og det store vinkelrette våningshuset i nærleiken, ligg på ein vakker plass på nordsida av Tingvollfjorden. I eldre tider var Tingvoll tingstad for Nordmøre og det er difor ikkje unaturleg at kyrkja vart bygd her.
Kyrkja er rikt dekorert; frå målingane på veggene i våpenhuset, kalkmåleria i skipet til taket i koret med stjerner og halv-månar. I 1928-29 var kyrkja gjennom ei heller stor restaurering. Det noverande interiøret stammar i hovudsak frå 1600-talet. Kyrkja blir nokre gonger kalla «Nordmørsdomen».
En af vore interessanteste gamle fylkeskirker er Tingvolls kirke paa Nordmør, der fra sin lune plads i den grønklædte li yndig speiler sig i Tingvollvaagens dønninger.(Johan MeyerMeyer, 1910, s. 3)
Bakgrunn
I middelalderen vart det reist 10 steinkyrkjer i Møre og Romsdal, av desse er Edøy og Tingvoll kyrkjer på Nordmøre. Tidligere omfatta Nordmøre også ytre del av Sør-Trøndelag der det vart reist fire steinkyrkjer (Dolm, Veklem, Austrått og Rein).Ekroll, 1997, s. 273f Det er usikkert kvifor ei så stor kyrkje vart sett opp akkurat på Tingvoll. Namne tyder på at det var tingstad. Elles er det ingen spor som gir haldepunkt for at Tingvoll var ein sentral stad på Nordmøre. I middelalderen var Tingvoll truleg fylkeskyrkje for Nordmøre og vart reist på ein gamal tingstad. Det er ukjent kven kyrkja var vigd til.Fjær, 1931, s. 8 Johan Meyer gjekk utfrå at det først har stått ei stavkyrkje på staden og at steinkyrkja vart reist etter at stavkyrkja brann ned under borgerkrigane på 1100-tallet.Meyer, 1910, s. 3 Kyrkjestaden vart omtala i 1357 (Þingualla kirkiu) og presten i 1333 (sira Einare a Þingwelli). Den er ikkje eksplisitt omtala som fylkeskyrkje i middelalderen. Gerhard Schøning skreiv i 1773 at den var fylkeskyrkje. Den var hovudkyrkje iallefall frå 1443 og blir i 1589 nemnt som hovudkyrkje med anneks på Frei og Øre. Tingvoll ga namn også til skipreidet.Brendalsmo, J., & Eriksson, J. E. G. (2016). Kildegjennomgang. Middelalderske kirkesteder i Møre og Romsdal fylke. Riksantikvaren/NIKU. November 2016.