Blonde
Blonder brukt som hovudplagg i den bretonske folkedrakta.
Blonde er ei samlenemnning for gjennombrotne tekstilvarer som ofte er bandforma. Dei kan vera knytta, vovne, broderte, hekla eller strikka, anten for hand eller med maskin. Blonder blir ofte nytta som bordar til å pynta andre tekstilar, men kan også vera hovudtekstil.
Ordet «blonde» er den franske hokjønnsforma av fargen blond.
På fransk viser det til ein særskild type knipling laga av gulfarga råsilke eller av sølv- og gulltråd.
Historie
Knipling med kniplepinnar på ein bakgrunn.
Ein kan laga blondeaktige kantar av dei lause trådane som finst som avslutting på ein vevnad, men i streng forstand er blonder eit eige arbeid. Som ein forløpar for kniplingsaum finn ein reticella-teknikken frå seinmellomalderen, som opphavleg var ein utskårsaum.Bra Böckers lexikon, 1979. Oppgjeven av Svensk Wikipedia.