Stiftinga Hallingdal Museum er eit kulturhistorisk museum for Hallingdal med 124 kulturhistoriske bygningar og 33 000 gjenstandar fordelt på 7 besøksstader i Hallingdal. Samlingane inneheld byningar, gjenstandar, tekstilar og foto frå perioden 1300-2020.

Om Hallingdal Museum

Stiftinga Hallingdal Museum er eit kulturhistorisk museum for Hallingdal med 124 kulturhistoriske bygningar og 33 000 gjenstandar fordelt på 7 besøksstader: Hallingdal Museum Nesbyen, Gol Bygdemuseum, Hemsedal Bygdatun, Ål Bygdamuseum, Dagali Museum, Hol Bygdemuseum og Dokken Fjellgard. Gjennom ulike arrangement, temadagar og utstillingar legg museet til rette for opplevingar og kunnskapsformidling knytt til både eldre og nyare tid. Det er eigne opplegg for skule og barnehage.

Målet er at gjenstandane me forvaltar skal bli digitalt tilgjengelege for alle interesserte, og håpar at samlinga blir nytta til studier, undervisning og biletsøk.

Me set stor pris på attendemeldingar og kommentarar til innhaldet på desse sidene. Dersom du oppdagar feil i postane, har ny informasjon eller utfyllande opplysningar er det fint om du tek kontakt!

Besøksadresser:

Hallingdal Museum Nesbyen: Møllevegen 18, 3540 Nesbyen

Kunstlandskap Nesbyen: Møllevegen 5A, 3540 Nesbyen

Ål Bygdamuseum: Øvre-Ålsvegen 43, 3570 Ål

Hol bygdemuseum: Mogrendvegen 25, 3576 Hagafoss

Dagali Museum: Bygdevegen 76, 3588 Dagali

Gol Bygdemuseum: Skagavegen, 3550 Gol

Hemsedal Bygdatun: Øvre Løken, 3560 Hemsedal

Månedens gjenstand

Kvar månad viser vi fram ein utvalt gjenstand frå samlingane våre!

For juni viser vi eit fargerikt overliv frå samlinga til Hol Bygdemuseum. Gå inn på «Aktuelt» øvst på denne sida for å sjå eller trykk her.

Eit overliv, eller eit liv, er ein overdel utan ermer som er brukt som nemning på overdelen til ulike kvinnebunadar.

Overlivet frå Hol er i ulldamask, med stripar i grønt, kvitt, raudt og gult. I tillegg er det vevd inn kvite blomemotiv. Livet har smale kantingar av blågrønt ulltøy, og det er fora med kvitt linlerret. Livet er sydd for hand, og ein ser bruk av både ufarga og farga tråd. Ryggen er utan bandpryding. Høgd rygg 30 cm, vidde nedst 92 cm, høgde under ermet 10,5 cm.

Det finst ikkje veldig utfyllande informasjon om dette livet i protokollane til museet, men det kan truleg kategoriserast som eit eldre overliv, på grunn av storleiken. Overliva har gradvis krype oppover, dei lengste er eldst og dei stuttaste er frå dei to fyrste ti-åra av 1900-talet. Ofte er desse overliva spretta av kufte eller stakk (Noss 1992, s. 197).

Overlivet vart ein del av Hol Bygdemuseum sine samlingar i 1917, då det vart kjøpt frå Ustedalens Museum. Opplysningar frå protokollen syner at livet vart kjøpt inn saman med fleire andre draktdelar, og kom truleg frå Trøo. Ustedalens Museum var eit privat museum som Henrik Løyte (1845-1939) starta på Løyte (gnr. 69, bnr. 1) i Ustedalen. Rundt 1900 kjøpte Henrik den vesle rosemåla stova i Raunsgard, og skipa eit museum av stova og om lag 200 verdifulle ting han hadde samla. Då Hol Museum etter vart skipa, fekk museet kjøpe stova og samlingane for 5000 kr.

Overlivet kan også sjåast i butikken til Hallingdal Museum Nesbyen.

Visit us

Share to