I 1974 fusjonerte Trengereid fabrikker med konkurrenten Oslo- Baand og Lidsefabrikk og blei til Cebelle-Trengereid, etter Oslo Baand- og lidsefabrikk sitt varemerke Cebelle. To år etter vart eigarinteressene til selskapet overførte til Trengereid Fabrikker.

Oslo Baand- og Lidsefabrik hadde starta å bygge ein ny fabrikk i Tistedalen ved Halden før fusjonen. I 1974 blei den ein del av Cebelle-Trengereid, som dreiv den vidare saman med fabrikken på Solheim i Bergen og på Trengereid. Eit resultat av omorganiseringa var at all veving blei flytta til Bergen, medan all fletting blei samla i Halden. Avdelinga i Halden blir lagt ned i 1987.

17 objects

Share to