Det Norske Teatret er eit teater som spelar på nynorsk og norske målføre. Teatret ligg i Oslo og vart skipa den 22. november 1912 med Hulda Garborg som styreformann.
2. januar 1913 hadde teatret si første framsyning i Kristiansand før dei la ut på spelferd. 6. oktober 1913 hadde det si fyrste framsyning i Oslo. Det var Jeppe på Berget av Ludvig Holberg, omsett av Arne Garborg. Opninga skjedde med kong Håkon 7. til stades. Framsyningane etterpå var prega av teaterslag i gata utanfor teatret, der riksmålsungdomar prøvde å få stogga framsyningane. Noko det same hende i 1948, då teatret framførde Peer Gynt i nynorsk omsetjing og musikk av Harald Sæverud.
Dei fyrste åra heldt teatret hus i teatersalen hjå Bondeungdomslaget i Oslo, sidan flytte det til Stortingsgata 16. Der heldt det hus til det fekk eit nytt bygg i Kristian IVs gate i 1985.
(Kilde: Wikipedia 2010 / eldre fotoregister 1992-2004)