Dronning Sonja (1937- )

Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

H.M. Dronning Sonja byrja tidleg å bruke bunad i offentlege samanhengar, og allereie i bryllaupet i 1968 fekk ho ein Aust-Telemark-bunad. Sidan den gongen har ho vore ein ivrig bunadsbrukar og eit viktig førebilete for mange. I utstillinga fortel ho med eigne ord kva bunaden betyr for henne.

Artikkelen er ein del av ustillinga Fyrstedamer i bunad.

Foto: Petter Berg
Beltestakken til H.M. Dronning Sonja vart sydd til opninga av dei olympiske leikane på Lillehammer i 1994. Bunaden byggjer på draktskikken i Aust-Telemark i andre halvdel av 1800-talet og vart tilverka av Tone Huus frå Dalen i Telemark, i samarbeid med Magny Karlberg ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Skjorta vart sydd av Agnes Werring, mens det breie beltet er brikkevove av Torkjell Sletta. Sylvborene på livet er laga av sylvsmed Torgeir Omsberg. Bunaden kan brukast med håret vippa i band, eller med laus vippe, og med skaut i silke eller ull. Det finst eit stort mangfald av ulike stoff, fargar og mønster i draktskikken, men tydelege normer i snitt og saumteknikkar. Mykje av dette blir vidareført i dagens beltestakkar. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Add a comment or suggest edits

For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to