Aagot Noss (1924-2015)

Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Draktforsking og opplysningsarbeid vart livsoppgåva til Aagot Noss. Ingen har skrive meir om den norske draktskikken enn ho.

Foto: Norsk Folkemuseum

Sommaren 1956 drog den nyutdanna filologen Aagot Noss på feltarbeid til Hol i Hallingdal. På vegner av Norsk Folkemuseum skulle ho dokumentere den tradisjonelle draktskikken på bygdene. Øvst i Hallingdal gjekk eldre kvinner framleis stakkekledde til dagleg. Noss fekk dei i tale, og kvinnene fortalde om kleda som var brukte i bygda, om tekstilarbeid, skikkar og tradisjonar.

Feltarbeidet var starten på ei kartlegging av norsk draktskikk som Aagot Noss heldt fram med livet ut. Som konservator ved Norsk Folkemuseum arbeidde ho systematisk for å skape oversyn over kjeldene til den norske draktskikken. Ho sette intervjumateriale i samanheng med gjenstandar, bilete og arkivkjelder. Kunnskapen formidla ho gjennom bøker, utstillingar og filmar.

Interessa for hovudbunadene vakna tidleg. Noss tok føre seg det store mangfaldet av hovudbunader som har vore brukte i ulike fasar av livet omkring i landet, og normene for bruk av hovudplagg. Som leiar i Landsnemnda for bunadspørsmål prega Noss utviklinga innanfor bunadfeltet i mange år. Under hennar leiing la nemnda vekt på tekstilfagleg kompetanse og rådgiving bygd på tilgjengelege historiske kjelder.

Aagot Noss rydda innanfor fagfeltet ved å klargjere omgrep og leggje vekt på kjeldene til draktskikken. Ho trekte opp skiljet mellom folkedrakt og bunad og står fram som den fremste formidlaren av kunnskap om norske drakttradisjonar.

Artikkelen er ein del av utstillinga Fyrstedamer i bunad.

Kvinnebunad frå Setesdal. Bunadene frå Setesdal er særprega. Den tradisjonelle kledebunaden var framleis i bruk i siste halvdel av 1900-talet, og kyrkjekleda gjekk over til å verte bunad, utan avbrot. Aagot Noss gjorde mykje for å dokumentere, forske på og formidle draktskikken i Setesdal, med ei rekkje feltreiser frå 1965 til 1971. Kvinnebunaden med «blåkupte» (blå trøye), svart utanpåstakk og kvit understakk er sydd av Gunhild Lyngtveit, som var ein av informantane til Aagot Noss. Stoffet i bakstykket i svartestakken er felt, ei form for plissering. Nedrekanten på begge stakkane er avstiva og «skoren». Jorunn T. Rysstad har felt stakkestoffet og vove beltet. Laga 1970–72. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Mannsbunad frå Setesdal. Arbeidet med å lage dei tradisjonelle kvinne- og mannskleda frå Setesdal tek mykje tid og krev spesialkunnskap. Aagot Noss var med og dokumenterte arbeidsprosessane i ein serie filmar. Gunhild Lyngtveit i Bykle demonstrerte korleis ho laga klede av vadmål ho sjølv hadde vove. Arbeidet hadde ho lært av mor si, som laga klede til heile huslyden. Lyngtveit førte tradisjonen vidare, men ho tok på seg å sy bunader for andre. Mannsbunaden er laga av Gunhild Lyngtveit 1970–72, med skjorte sydd av Torbjørg Lien. Dalebuksa med bukselok, vest og lusekupte (lusekofte) er dekorert med løyesaum, eit fargerikt broderi sauma med mjukt ullgarn. Løyesaumen blir sydd på frihand. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Linhatt frå Nordmøre Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Koneskaut frå Fana Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Tobladslue frå Sunnmøre Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Perlekrans frå øvre Valdres Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Add a comment or suggest edits

For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to