main article image
Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Anna Grostøl (1894-1962)

Sjølv om ho gjorde alt arbeidet på fritida, fekk Anna Grostøl dokumentert viktig kulturarv i form av folkedraktplagg og tekstiltilverking.

Foto: Norsk Folkemuseum

Anna Grostøl vart fødd inn i ein kulturinteressert familie. Ho utdanna seg til lærar, men i alle år dyrka ho interessa for kulturhistorie. På grunn av ein skade under ein skitur i studietida var ho i periodar seinare i livet ikkje i stand til å arbeide som lærar. I staden brukte ho tida på å dokumentere eldre draktskikk.

Anna Grostøl dokumenterte både mannsarbeid og kvinnearbeid, gamle handverksteknikkar og kulturhistoriske gjenstandar. Noko av det ho dokumenterte, var alt gått ut av bruk, anna var i ferd med å forsvinne. Ho tok notat, fotograferte og intervjua informantar som kunne fortelje korleis verktøy og andre gjenstandar hadde vore brukte. På slutten av 1930-talet skaffa ho seg også filmkamera. Ein styrke var at læraryrket kunne utøvast mest kvar som helst. Slik fekk ho anledning til å reise og dokumentere gamle tradisjonar i heile landet.

Grostøl reiste på fleire turar i Vest-Agder der ho dokumenterte bevarte plagg og intervjua eldre brukarar av folkedrakta. Dette arbeidet var med på å legge grunnlaget for kvinnebunaden frå området. Ho var dessutan interessert i teknikken sprang, som ho oppdaga på ei reise i Gudbrandsdalen. Grostøl var òg interessert i oppstadveven, og i 1947 reiste ho på feltarbeid til Troms for å dokumentere tradisjonen. Feltarbeidet resulterte i ein dokumentarfilm som seinare vart vist på kino.

Anna Grostøl var aldri tilsett ved ein kulturhistorisk institusjon, og all dokumentasjon vart utført på fritida. Men arbeidet ho gjorde, var stort og viktig.

Artikkelen er ein del av utstillinga Fyrstedamer i bunad.

Anna Grostøl was born into a family with cultural interests. She trained as a teacher, but spent many years cultivating her interest in cultural history. Following an injury incurred on a ski trip during her time as a student, she was unable to work as a teacher for periods of her later life. Instead, she spent time documenting older dress customs.

Grostøl documented the work of both men and women, old craft techniques, and items of cultural history. Some of what she documented had become entirely obsolete; some was on the verge of vanishing. She made notes, took photographs, and interviewed informants who could tell her how tools and other objects had been used. In the late 1930s she also acquired a film camera. One advantage was that she could practice her teaching profession almost anywhere, giving her the opportunity to travel and document old traditions throughout the country.

Grostøl embarked on several trips in Agder, where she documented surviving items of clothing and interviewed older wearers of folk dress. This work helped to lay the groundwork for the women’s bunad from the region. She was also interested in the sprang technique, which she discovered on a trip to Gudbrandsdalen. Grostøl was also interested in the warp-weighted loom, and in 1947 travelled to Troms on a field trip to document the tradition. The fieldwork resulted in a documentary which was later shown in cinemas.

Anna Grostøl was never employed by an institution of cultural history, and all her documentation was done in her spare time – but her work was vital and of major significance.

This article is a part of the exhibition Leading Ladies in Bunad

Kvinnebunad frå Vest-Agder. Bunaden vart fyrst utvikla tidleg på 1900-talet, men har vore gjennom fleire revisjonar etter som ein har fått ny kunnskap om gamal draktskikk i området. Kartleggingsarbeidet Anna Grostøl gjorde i Vest-Agder, har hatt mykje å seie for utviklinga av bunaden, og Sigrun Skar bygde vidare på arbeidet til Grostøl. Bunaden er ikkje ein rekonstruksjon. Sjølv om gamle plagg frå området ligg til grunn, ber han òg preg av skiftande ideal gjennom tida. Bunaden er utstilt utan hovudplagg, slik det var vanleg på Anna Grostøl si tid. Hovudplagga som vert nytta i dag, som rult, vase og skaut, vart rekonstruert sist på 1900-talet. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Order this image

Share to