Gunvor Ingstad Trætteberg (1897-1975)

Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Gunvor Ingstad Trætteberg var blandt dei fyrste kvinnene som drog ut for å dokumentere eldre draktskikk i Noreg.

Foto: Ukjent/Maihaugen

Gunvor Ingstad Trætteberg hadde utdanninga si frå Statens handverks- og kunstindustriskule og mykje museumserfaring, før ho utmerkte seg som fagperson innanfor drakt og bunad på midten av 1900-talet.

Trætteberg la ned ein stor innsats for å dokumentere den tradisjonelle draktskikken i Hordaland før han gjekk ut av bruk. Frå 1936 til 1951 reiste ho årleg på feltarbeid langs kysten. Ho fotograferte og teikna sjølv, og ho samla inn eit stort materiale om draktskikken der. I 1951 vart arbeidet til ei stor utstilling. I tida etter vart det skapt mange bunader som bygde på det innsamla materialet til Trætteberg, og mange som arbeidde med bunad, søkte råd hos henne.

Trætteberg løfta opp og fram fiskaren i kulturhistoria, i ei tid der denne yrkesgruppa stod i skuggen av bonden. Dei tradisjonelle kleda som fiskarbonden brukte på sjøen, var del av materialet som Gunvor Ingstad Trætteberg registrerte. Dokumentasjonen av yrkesdrakta til fiskarane, sjøhyra med skinnstakk, var eit viktig nybrotsarbeid. Trætteberg kartla alle plagga som høyrde med til utrustinga – frå inst til ytst. Ho tok òg for seg framstilling og produksjon av draktdelane, utvikling og regionale forskjellar. Ho studerte garving, skinnarbeid og skinnsaum på reise til Troms og Finnmark. Arbeidet varte fram til 1960-talet.

I dei skriftene ho gav ut, la Trætteberg vekt på å setje draktskikken inn i ein europeisk samanheng. Dei delane av drakta som hadde halde seg uforandra langt bakover i tid, vekte særleg interesse, som til dømes sørgjedrakta og andre klede til bruk i seremoniar.

Artikkelen er ein del av utstillinga Fyrstedamer i bunad.

Gunvor Ingstad Trætteberg was educated at the National College of Art and Design, and gained a lot of experience working at museums before distinguishing herself as a dress and bunad specialist in the middle of the twentieth century.

Trætteberg made great efforts to document traditional dress customs in Hordaland before they became obsolete. Between 1936 and 1951 she embarked on annual fieldtrips along the coast. She took photographs, sketched, and collected a large body of material concerning the region’s dress customs. In 1951 her work was transformed into a major exhibition. In the subsequent period, many bunads were created on the basis of Trætteberg’s collected material, and many of those who worked with bunads sought her advice.

At a time when fishermen were being overshadowed by the romantic notion of the farmer, Trætteberg raised their profile in Norwegian cultural history. The traditional clothes that fishermen used at sea were part of the material that Trætteberg recorded. Her documentation of the fishermen’s working uniform – a leather tunic with leather pants – was a vital breakthrough in her work. Trætteberg registered all the garments that formed part of the outfit from the inside out. She also dealt with the preparation and production of the parts of the outfit, its development and its regional differences. On a trip to Troms and Finnmark she studied tanning, leather processing and leather sewing. Her work lasted until the 1960s.

In her published writings, Trætteberg put emphasis on placing dress customs into a European context. Those elements that had remained unchanged since far back in time, such as mourning dress and other ceremonial garments, attracted her particular interest.

This article is a part of the exhibition Leading Ladies in Bunad

Sørgjedrakt frå Midthordland. Denne sørgjedrakta frå Midthordland er ein rekonstruksjon. Sørgjetida etter dødsfall vart markert i draktskikken. Det kunne vere store lokale variasjonar, men felles var ei regulering av kven som skulle vise sorg, og kor lenge. I Hålandsdalen markerte kvinnene tre graders sorg fram til om lag 1870. Ved heil sorg knytte dei skautet under valken, og over dette eit laken som var så stort at det gjekk heilt til stakkekanten. Til halv sorg knytte dei skautet over valken som vanleg, eller dei brukte svarthua. Over dette hadde dei eit kvitt plagg som nådde til livlina. Til lita sorg vart det brukt eit firkanta plagg som dei bretta i trekant og la over skuldra. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Skinnhyre er ytterklede som vart brukte til fiske. Overdelen er kalla skinnstakk og vart brukt saman med skinnbrok, skinnhatt, sjøstøvlar og mellom anna strikka sjøvottar. Kleda har røter langt bakover i tid, men denne skinnstakken er frå 1870-talet, truleg brukt i Hardanger. Liknande plagg har vore brukte langs heile kysten. Skinnstakk og skinnbrok heldt fiskaren tørr og varm ute på sjøen, samtidig som plagga gav rørslefridom. Plagg av oljelerret erstatta gradvis skinnplagga frå slutten av 1800-talet. Privat eige. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Add a comment or suggest edits

For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to