main article image
Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Karoline Grude (1882-1953)

Hulda Garborg hadde ideen om at kvart område skulle ha sin bunad, og hos Karoline Grude og medarbeidarane hennar fekk mange hjelp til å utvikle og sy sin eigen bunad.

Foto: Bondeungdomslaget i Oslo

Karoline Grude var skribent og organisasjonskvinne frå Sandnes. Som styrar for forretninga Heimen husflidsutsal i Oslo bar ho vidare ideane til Hulda Garborg og sette dei ut i livet.

Heimen vart etablert som teiknekontor og systove av kunstnarparet Anna og Aksel Waldemar Johannessen i 1912. Bondeungdomslaget i Oslo tok over i 1923 og bygde ut verksemda, med Grude i spissen. Der kunne bunadnemnder få råd og hjelp til å utvikle sin eigen bunad, og Heimen påverka materialval, form og farge på mang ein bunad over heile landet. Kunstnarar og handverkarar innanfor og utanfor huset vart nytta når ein bunad vart utarbeidd.

Etableringa av husflidsutsal omkring i landet vart eit viktig grunnlag for bunadinteressa i Noreg. I utsala fekk ein både stoff, garn og gode råd.

Grude la vekt på prydsaum i ull, teiknarar med kunstnarisk skolering og norske materiale. Alle skulle kunne få sy sin eigen bunad. Dekorativ prydsaum erstatta tradisjonelt tilfang som luve og tørkle i importerte materiale som var umoglege å skaffe.

Heimen og bunadnemndene kartla kjelder til gammal draktskikk og la dette til grunn for arbeidet, men samtidig var utforminga prega av idear i tida, der ein løfta fram norsk arbeid og materiale, og dei tok omsyn til brukarane. «Ein nyreist bunad må vera i pakt med si eiga tid dersom bunaden skal ha livsvon», sa Grude. Å berre kopiere gamle plagg ville vere utan mål og meining, meinte ho. Og mest av alt la ho vekt på at bunadene måtte gi rom for det norske.

Artikkelen er ein del av utstillinga Fyrstedamer i bunad.

Karoline Grude was an office clerk from Sandnes who was active in the Farmer’s Youth Association. As the manager of the Heimen craft shop in Oslo, she took Hulda Garborg’s ideas further and put them into practice.

Heimen was established as a pattern and sewing workshop in 1912 by the artist couple Anna and Aksel Waldemar Johannessen. In 1923 the Farmer’s Youth Association in Oslo took over and expanded the business, with Grude at the helm. There, bunad committees could get advice and help to develop their own bunads, and Heimen influenced the choice of material, shape and color of many a bunad across the whole country. When a bunad was being developed, artists and craftspersons both inside and outside the firm were involved.

The establishment of crafts shops around the country was an important foundation for the interest in bunads in Norway. Fabric, yarn, and good advice were all available at these shops.

Grude placed great emphasis on decorative embroidery in wool, designers with artistic training, and Norwegian materials. She felt that everyone ought to be given the opportunity to sew their own bunad. Decorative embroidery replaced traditional accessories such as hats and scarves made from imported fabrics that were difficult to obtain.

Heimen and the bunad committees looked at sources for old dress customs and used this as the basis for their work, but the design was also highly characterized by the ideas of the age in which Norwegian craft and materials were emphasized, and great consideration was given to the desires of their customers.

“A newly designed bunad must be in keeping with its own times if it is to last,” said Grude. Simply copying old garments would be meaningless, she said. Above all else, she stressed that the bunad had to leave room for expressions of Norwegianness.

This article is a part of the exhibition Leading Ladies in Bunad

Festbunad frå Gudbrandsdalen. Den fyrste utgåva av festbunad frå Gudbrandsdalen vart utarbeidd av Aksel Waldemar Johannessen i 1922. Denne bunaden er sydd på 1990-talet. Bunaden har grønt liv, blå stakk og silkeforkle. Førelegg og inspirasjon var ein brodert stakk frå Gudbrandsdalen på Norsk Folkemuseum. Utsjånaden på bunaden endra seg dei fyrste tiåra. I dag blir Gudbrandsdalens festbunad sydd einsfarga blå eller svart, og broderifargane er forskjellige. Heimen husflid tok opp att produksjonen av Johannessens versjon på 1990-talet. Utlånt frå Heimen Husfliden. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Lødrupbunad. Lødrupbunaden i rosa-raudt ullstoff er utforma i 1942 av kunstnar Ruth Arnestad Lødrup på oppdrag frå Tynset husflidslag i Østerdalen. Bunaden er ein fri komposisjon inspirert av gamle plagg og ornamentikk frå tekstilar, treskurd og rosemåling i Østerdalen. Utlånt frå Heimen Husfliden. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Kvinnebunad frå Nordland. Denne nordlandsbunaden i grønt klede er sydd i siste halvdel av 1900-talet. Bunaden vart arbeidd fram på 1920-talet etter initiativ frå Hålogaland Ungdomslag, i samarbeid med lærarar på Vefsn folkehøgskule og Karoline Grude på Heimen husflid. Ideen om at ein bunad skulle ha prydsaum, stod sterkt frå 1920-åra. Førelegget for prydsaumen var to broderte stoffbitar frå Vefsn, truleg delar av ei lue. Skjorta i lin fekk same broderi som stakken, men i kvitsaum. Lærar Anna Svare på folkehøgskulen kopierte eit gamalt silkeforkle, og same mønster vart brukt til sjal. Alt frå 1928 sydde elevane bunaden på skulen, og Svare formidla ein prøvemodell til andre skuler. Bunaden vart raskt populær i landsdelen. Foto: Ragni Engstrøm Nilsen/Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Order this image

Share to