main article image

Noregs vanlegaste musikkinstrument?

I ei nasjonal undersøking av musikkinstrument på norske museum frå 2009 vart det registrert over 6 000 instrument. I rapporten frå prosjektet står det følgjande om museumssamlingane: «Kanskje den vanligste [musikkinstrument]typen i det hele tatt er salmodikon». Det vart då rapportert inn over 300 slike på landsbasis og ved Musea i Sogn og Fjordane finst det i dag 20 salmodikon. Men kva er eit salmodikon og kvifor finst det så mange av nettopp desse instrumenta på norske museum?

I si vanlegaste form er Salmodikonet eit musikkinstrument med ein streng, vanlegvis strekt over ei resonanskasse eller nokre gonger berre ein planke. Det har eit gripebrett med metallband, der ein set ned fingrane for å få tonane ein ønskjer, medan ein stryk over strengen med ein boge. Det er lansert ulike teoriar om opphavet til salmodikonet, men det verkar iallfall vera semje om at det vart utvikla i Nord-Europa på første halvdel av 1800-talet, med lokale tilpassingar i dei skandinaviske landa der instrumentet vart særleg populært. Namnet «salmodikon» kjem av at instrumentet vart utvikla til læring av salmesong (frå gresk: psalmos=salme og ode=song). I denne artikkelen vil me sjå litt nærare på den norske historia til dette instrumentet.

Salmodikonet under er frå Nordfjord Folkemuseum si samling og av nokså typisk utsjånad. Dette er brukt på gamle Rand skule i Innvik, Stryn, men har òg stempel frå Carl Warmuth musikhandel i dåverande Christiania.

«Nationen kjender neppe Musik meer end af Navn»

Tidleg på 1800-talet var det fleire som offentleg uttala seg om kor dårleg dei meinte det stod til med salmesongen i kyrkjene. Musikklæraren Lars Roverud skreiv følgjande i eit skriv om «musikens tilstand i Norge» frå 1815:

I de fleste Kirker haves intet Orgel. Sangen bestyres da af de saa kaldte Klokkere, hvoraf neppe 1 af 50 kjender en Node, endsige de skulde have Musikdannelse, og hvor skulde de vel have faaet den fra? De fleste synge Kirkemelodierne efter deres egen Smag, d. e. med Alskens Tremulanter, og jo høiere og stærkere de kunde skraale, desto bedre. Der gives ogsaa næsten i hver Bygd én blandt Almuen, der kappes med Klokkeren i at skrige (…).

Dette var ei tid der salmesong vart rekna som ein viktig del av danninga, og mange lærte salmane av foreldre eller besteforeldre heime, men gjerne med ulike melodiar frå stad til stad. Slik fanst det eit rikt mangfald av religiøse folketonar. Men når ein så møttest i kyrkja, kunne det nok verta litt ymse med samklangen, særleg om det ikkje var ein stødig forsongar. Det var difor fleire i det offentlege ordskiftet som ytra ønskje om organisert opplæring i salmesong. Lars Roverud viste òg ein tydeleg skepsis til den generelle musikkunna til det norske folk, då han skreiv at «Nationen kjender neppe Musik meer end af Navn». Roverud bestemte seg for å gjera noko med dette og reiste ut i Europa for å henta inspirasjon. Han kom heim att med ideen om å bruka salmodikonet i musikkopplæringa.

Utviklinga av eit undervisingsinstrument

Dette skjedde samstundes med større endringar i det norske skulevesenet. I 1827 kom «Lov angaaende Almue-Skolevæsenet på Landet». Lova slo mellom anna fast at alle kyrkjer skulle ha ein kyrkjesongar som òg skulle vera «skoleholder». Eitt av faga lova kravde undervising i var «Sang, efter Psalmeboken». Lars Roverud visste å nytta dette og presenterte eit forslag om å ta i bruk salmodikonet i skulane. Instrumentet var enkelt å spela på og skulle kunna brukast av læraren med minimal opplæring i instrumentet. Det vart òg laga eigne salmebøker, der notane var bytta ut med tal (siffernotasjon) som òg stod skrive på sjølve salmodikonet, noko som letta læringa. Presten Johannes Dillner (1785–1862), som gjorde eit tilsvarande arbeid i Sverige, skal ha garantert at alle skulle kunna læra seg kva som helst salmemelodi på ein halvtime. Det var nok vel optimistisk, men poenget var å få fram kor lett dette skulle vera å læra seg.

Under til venstre: Detalj av salmodikon med siffernotasjon over notene. Under til høgre: Siffernotasjon for å spela "Et barn er født i Betlehem" frå boka "Choral-Melodier for Psalmodicon" utgjeven i 1841. Merk at dette er ein annan melodi enn den me oftast brukar i dag, då sistnemnde først vart komponert av Ludvig Mathias Lindeman i 1871. Begge melodiar vart publiserte i seinare koralbøker for salmodikon.

Lars Roverud skal særleg ha vorte inspirert av instrument han hadde sett i Danmark. Læraren Jens Worm Bruun (1781–1836) arbeidde med å få salmodikonet inn i den danske skulen, men instrumentet vart ikkje like populært i Danmark som det etter kvart skulle verta i Noreg og Sverige. Tilbake i Noreg vidareutvikla Roverud salmodikonet og utarbeidde fire typar: bass, tenor, alt og sopran. Slik skulle salmodikonet kunna brukast til alle stemmeleie. Han laga òg tabellar som kunne leggjast over gripebrettet, noko som gjorde at ein enkelt kunne bytta toneart. I 1835 vedtok Kirke Departementet at Roverud skulle få starta undervising på salmodikon i enkelte kyrkjesokn. Dette vart raskt ein suksess, og dei komande åra fekk Roverud støtte til å reise landet rundt for å halda kurs i salmodikon. Basert på arbeidet til Roverud trykte Jacob Andreas Lindeman (1805–1846) i 1840 ei «Veiledning til Brugen af Psalmodikon». Her skildrar han oppbygginga av instrumentet så grundig at instruksjonane mogleg kunne brukast til å laga nye salmodikon, sjølv om han presiserer at teikningane ikkje er «aldeles tilstrækkelig til at tjene som Model, hvorefter andre Psalmodica kunne forfærdiges».

Under ser de eit salmodikon med boge og tilhøyrande tabellar. Dette skal vera laga ca. 1850 av Iver Olsen Furuhaugen (seinare Uglehagen), då busett på Amble i Kaupanger. I dag tilhøyrer det De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Salmodikon til folket!

Salmodikona vart raskt tatt i bruk over heile landet og var eit viktig verktøy i skulane dei neste tiåra. Det vart òg masseprodusert og selt salmodikon etter Roverud sin modell frå musikkforretningar og bokhandlarar. Men mot slutten av 1800-talet fekk fleire og fleire kyrkjer orgel. I tillegg kom harmoniumet, òg kalla trøorgel, som etter kvart vart vanleg både i skulestover, bedehus og kyrkjer. Ein hadde slik fått kraftige instrument som gjorde at organisten kunne leia salmesongen. Salmodikonet vart då overflødig og forsvann etter kvart ut av offentleg bruk.

Instrumentet hadde likevel rokke å verta populært i private heimar, truleg av di instrumentet var lett å læra seg og var relativt lett tilgjengeleg. Det vart tidleg òg trykt melodihefte for tostemt og fleirstemt salmodikon. Eit døme er eit hefte med «Musiknummer» trykt i 1853 av M. A. Aarflot i Volda. Seinare vart det òg trykt hefte som «Melodier til Sange i Læsebok for Folkeskolen og Folkehjemmet, udsatte i Ziffre for Salmodikon av Ludv. M. Lindeman. Første Skoletrin» (1867). Populariteten til salmodikonet vart nok òg hjelpt fram av pietismen sitt strenge musikksyn, då salmodikonet verkar å ha vore eitt av svært få godkjende instrument i fleire av desse miljøa. Mange laga seg òg sine eigne salmodikon, nokre enkle i forma, men andre meir forseggjorte, til dømes med form og dekor inspirert av langeleikar og hardingfeler. Enkelte langeleikar vart òg ombygde til salmodikon. I nokre tilfelle vart det sett på ein eller fleire bordunstrenger på salmodikonet for slik å få fyldigare klang.

Salmodikonet under er eit døme på ein heimelaga variant av enkel utforming, men med flott dekor. Dette har truleg vore brukt av kyrkjesongar Knut Christophersen Hamre frå Leikanger, og har «K. C. Hamre 1851» måla langs sida. I dag er det del av samlinga til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Under ser me ein svært modifisert variant av salmodikonet laga i 1886 av felemakaren Olav Kjetilson Vinje, frå Vinje i Telemark. Det vart kalla eit «langspil» og har bassbjelke og lydpinne som ei fele. Dekoren er sterkt inspirert av hardingfela. Det har elles ein melodistreng og ein bordunstreng, i tillegg til fire understrenger. Samstundes kjenner me att siffera over gripebrettet typisk for salmodikona. Eigar av «langspilet» var Olav Sandok (1842–1905) som av religiøse grunnar ikkje fekk spela hardingfele, men i staden lærte seg å spela fleire krevjande hardingfeleslåttar på dette instrumentet, m.a. Førnesbronen, Siklebekkjen og Fossegrimen. Instrumentet er i dag ein del av samlinga til Vest-Telemark Museum. Det finst òg døme på "langspil" frå andre kantar av landet.

Salmodikonet på museum

Populariteten til salmodikonet avtok utover 1900-talet. Musikkhandlar William Farre måtte i 1917 beklaga til ein kunde at han ikkje kunne skaffa salmodikon, ettersom dei då var umoglege å få tak i frå musikkhandlarane i Oslo. På same tid starta mange norske museum innsamlingane sine. Museumspionerar som Gert Falch Heiberg i Sogn reiste rundt til privatpersonar og fekk eller kjøpte inn gjenstandar til museumssamlingane. Blant det som vart samla inn var òg ein del salmodikon, som i dag òg er det vanlegaste musikkinstrumentet i samlingane til Musea i Sogn og Fjordane. Familien Heiberg starta rett nok innsamling av «sognske antikviteter» alt på 1860-talet, så nokre salmodikon kan ha kome inn endå tidlegare. Undersøkingar frå Sverige viser at det vart ei kraftig auke av salmodikon i svenske museumssamlingar alt frå 1870-talet, då det byrja å gå ut av offentleg bruk. Det er De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum som har fleirtalet av salmodikona ved Musea i Sogn og Fjordane, men instrumentet er òg representert i samlingane til Nordfjord Folkemuseum, Sunnfjord Museum og Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Desse salmodikona har stor variasjon i utforming frå dei enklaste heimelaga eller masseproduserte modellane, til dei meir forseggjorte med rosemåling og utskjeringar. Enkelte av instrumenta har stempel frå musikkhandlarar, til dømes J. W. Cappelen i Christiania med merket «salmodikon-fabrik». Ettersom det gjerne vart brukt vanlege felebogar til salmodikona, kan det vera grunnen til at det er få registrerte salmodikonbogar på museet. Det er derimot registrert fleire notebøker for salmodikon.

Ein renessanse for salmodikonet

Det er no godt over 100 år sidan salmodikonet forsvann ut av offentleg bruk i Noreg, og instrumentet som ein gong var vanleg i norske heimar er nok mindre kjent i dag. På slutten av 1900-talet fekk salmodikonet likevel ein renessanse gjennom oppretting av enkelte interesseorganisasjonar for instrumentet. I Sverige vart «Nordiska Psalmodikonförbundet» oppretta i 1993, medan «Nordic-American Psalmodikonforbundet» vart oppretta i USA i 1997. Desse laga arrangerer framleis årlege samlingar og har hatt kurs i spel og bygging av salmodikon.

Eit døme på salmodikonsamspel frå vår tid. «Psalmodikonisterna» frå Hallaryd i Sverige, spelar «Psalmodikon Étude no 1» komponert av Vidar Lundbäck.

I Noreg er det ikkje nokon eigen interesseorganisasjon for salmodikonet, men det finst døme på miljø og enkeltpersonar som har tatt instrumentet i bruk dei seinare åra. Distriktsseksjonen ved Museet Midt har dei siste åra gjennomført eit salmodikonprosjekt, der dei mellom anna har bygd salmodikon og tilpassa moderne musikk for fleirstemt spel på instrumentet, til dømes «The Imperial March» frå Star Wars-filmane. Det vert òg bygt nye salmodikon i Musea i Sogn og Fjordane sitt nedslagsfelt:

Nedst ser me eit salmodikon laga i 2020 av Magnus Hope og Gunnar Smaadal, busette i Jølster. Øvst er eit salmodikon etter lærar A. B. Hamar som vart nytta som modell.

Noregs vanlegaste musikkinstrument?

Mengda salmodikon i norske museumssamlingar, kan tyda på at salmodikonet var svært vanleg i norske heimar på tida musea starta innsamlingane sine. Samstundes var salmodikona langt på veg gått ut av bruk då museumsinnsamlinga tok til for alvor, og tok difor truleg berre opp plass på loft og liknande. Desse var då mogleg lettare å gi til innsamlarane enn meir verdifulle gjenstandar. Slik sett er det truleg at salmodikona er noko overrepresenterte i museumssamlingane samanlikna med andre instrument. Me kan ikkje seia sikkert kor utbreidde desse instrumenta var på sitt mest populære, men organisasjonen Nordiska Psalmodikonförbundet anslår på sine nettsider at det fanst over 100 000 salmodikon berre i Sverige og skriv at det var det vanlegaste instrumentet i Sverige på 1800-talet. Utviklinga i bruken og populariteten til salmodikonet i Noreg og Sverige verkar å ha mange likskapstrekk, medan det ser ut til å ha hatt mindre tyding i Danmark. Med tanke på korleis instrumentet aktivt vart spreidd i Noreg, at mange laga sine eigne instrument og kor mange ulike variantar av instrumentet som finst på norske museum, er det ikkje utenkeleg at salmodikonet på sitt mest populære iallfall var eitt av Noregs vanlegaste musikkinstrument.

Salmodikon på Digitalt Museum

Salmodikon og andre musikkinstrument ved Musea i Sogn og Fjordane

I denne mappa har me samla musikkinstrumenta i samlingane til Musea i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Order this image

Share to