Reklame i Norge - Del 2 - 1940 til 1945

Foto: Norsk Handels- og Norsk Reklamemuseum/Museum Vest

"Den situasjon som inntrådte den 9. april 1940 bragte norsk handel op i nye uvante forhold, og kjøbmennene stillet rimelig nok ennu større krav til sine organisasjoner. Foreningens virksomhet blev i denne tid mer servicebetonet og kontakten med det offentlige nødvendigere enn noensinne." (Oslo Kjøpmannsforening 1881 – 1941)

Midlertidige brot på vanlige forsyningslinjene gjorde det umulig for mange bransjer å opprettholde varetilførselen. All tilførsel av fisk og andre varer til hovedstaden stoppa opp, det var tilløp til panikk og folk tok til å hamstre.

Blendingspåbud

Butikkane nytta anledninga til å markedsføre blendingsgardiner. Frå Norsk Reklame, februar 1941. Frå samlingane til Museum Vest

Mørklegging og blendingspåbudet som fulgte med krigen var til stor sjenanse for forretningslivet. Ein prøvde å kompensere med å forlenge sommartida.

Plakaten med teksten HUSK BLENDINGEN vart trykt i eit større opplag og sendt ut til landets industrielle bedrifter til opphenging i kontorer og arbeidsrom frå Industriforbundets Luftvernkontor. Den var trykt i fem fargar i formatet 55 x 80 cm. Norsk Reklame, februar 1941.

Frå 1930-talet som blir omtalt som det store tiåret innan norsk reklame, vart krigsåra frå 1940 -1945 den rake motsetnaden. Dei første kringkastingsselskapa vart oppretta i Oslo i 1924 og i Bergen i 1926, og var delvis reklamefinansierte. Ein kunne bruke 15 prosent av sendetida på reklame. Korleis radioreklamene hørtes ut veit vi ikkje, det er ingen lydband frå den første tida som er bevart. Då krigen kom i 1940, stoppa reklamesendingane umiddelbart, og dei vart heller ikkje teke opp att etter krigen. Fordi avisreklame var så begrensa desse åra, er det plakatkunsten som står att som det mest særprega reklameuttrykket.

Utstillingsplakat utforma av Harald Damsleth.

Den stramme funkis-stilen som prega 1930-talet blir erstatta av ein ny stil, tydeleg inspirert av tysk (og sovjetisk) propagandakunst. Tyske kunstnarar vart framheva, og i reklameteikningane ser ein idealiserte, sterke menn og kvinner med romantisk preg. Kroppskulturen, det perfekte menneske, var eit ideal for nazistane. Menn var heltar, kvinner feminine og romantiske. Dei visuelle bileta består i 1940 framleis mest av teikningar, ikkje fotografi. Det nasjonalromantiske vart framheva gjennom klede (bunad), møblar og kunst. Dei som arbeidde med reklame sympatiserte ikkje nødvendigvis med regimene tendensane kom frå, men påverknaden på stilretninga er likevel tydeleg.

Annonse frå Norsk Reklame, januar 1941 Frå samlingane til Museum Vest

Propagandakunsten hadde eit voldsomt uttrykk, og var samstundes ypperleg handverk. Det var dei aller dyktigaste teiknarane som utarbeidde bileta, og det er ikkje rart at det påverka alle som jobba innan reklamebransjen, uansett kva politisk ståstad dei hadde.

Nedgangstidene under verdskrigen førte til papirrasjonering og forbud mot annonsar og reklame over ein viss størrelse. Det fanst lite varer og var dermed heller ikkje det store behovet for reklame. Både aviser og annonsar krympa i størrelse. Bergens Arbeiderblad (BA) vart stogga av politiske grunnar frå 1941, medan Bergens Tidende vart utgitt med store begrensningar. Det okkuperte Norge var materielt magert, men reklamebransjen prøvde likevel å halde hovudet over vatnet. Ein ser at det blir meir reklame for å reparere ting, som hattar eller sko. Nokon brukar anledningen til å reklamere for blendingsgardiner.

Håpet, sorga og gleda

Døme på reklame frå krigsåra.

Håpet er lysegrønt. Annonse frå Vi selv og våre hjem, oktober 1942. Frå Museum Vest sine samlingar
Sorgen er stor. Annonse frå Vi selv og våre hjem, juli 1942. Frå Museum Vest sine samlingar
Gleden går over alle grenser. Annonse frå Vi selv og våre hjem, jula 1942. Frå Museum Vest sine samlingar

Goodwill-reklame

Reklamen blir også nytta til å halde motet oppe. Vindusutstillingane på Sundt i krigsåra er utført etter alle kunstens regler av dekorasjonsavdelinga, sjølv utan varer å selge. Om ikkje anna kunne ein sende patriotiske signal til byens befolkning, gjennom statuer av Ole Bull, Edvard Grieg, eller lage juleutstillingar med nissar og bunadskledde mennesker. For barn var det god underholdning å gå og kikke i vinduene der det var utstilt leiker og pynta juletre. Andre firma brukte tida på å halde firmanavnet friskt i minne hos folk når krigen ein gong var over. (Bilde)

Annonse for Bergens Tidende frå Norsk Reklame, desember 1943. Frå Museum Vest sine samlingar

26.september 1941 arrangerte Reklameforeningen i Oslo eit medlemsmøte med foredrag av redaktør E. Munthe Kaas. Han talte om goodwill og betydninga av å halde den ved like. Utan varer å selge, og det som finst av varer selger seg sjølv, men det er noko som er viktigare enn dette, nemleg å halde på kundekretsen ein har opparbeida seg og halde på tilliten, meinte han. Denne tilliten må ein vedlikehalde for at den ikkje skal gå tapt. Han gjorde eit poeng av at erstatningsindustrien vil gjere det den kan for å halde på kundane når ting er tilbake til normalen. Reklamen skal altså ikkje berre «tjene det øieblikkelige salg, den har også en konserverende oppgave. Det gjelder å bruke reklamen til å holde de gamle varemerker levende i folks bevissthet».

Varehuset Sundt

Varehusene prøvde å opprettholde gode kundeforhold gjennom krigen, sjølv utan varer å selge. Det brukte kreativiteten til å lage gode reklamer og gode utstillingsvindu, mellom anna for å halde motet oppe hos befolkninga.

Bruk rasjoneringsmerkene hos Sundt. Foto: Norsk Handels- og Norsk Reklamemuseum/Museum Vest
Framleis varer å få tak i! Foto: Norsk Handels- og Norsk Reklamemuseum/Museum Vest

Stikk til nazistane

Vottar var eit mykje brukt symbol for motstandsrørsla i Norge. Forside på Norsk Reklame, februar 1941. Frå Museum Vest sine samlingar

Bergens Reklameforening fekk drive ganske fritt i krigsåra, og teiknarane hadde mykje tid til å utvikle seg og teikne til bøker i staden for til den vanligvis så hektiske reklamebransjen. Det utvikla seg dessutan ein ny form for kunst, den som leverte meir eller mindre skjulte stikk til okkupasjonsmakta. Dette var ein risiko å ta, og konsekvensane kunne bli store. Men ikkje mindre anerkjenning fekk ein på heimebane for «innsatsen». Det kanskje aller beste dømet på dette er bergensaren Fridtjof Sælen, som jobba med reklame og var ein dyktig teiknar. Han var også forfattar og ga ut barneboka «Snorre Sel» på John Griegs Forlag i 1941. Det tok ikkje meir enn ein månad før boka var forbudt i Norge, med sine ondsinna måsar Sving og Svang, som var eit lite diskret bilde på SS (Schutzstaffel). Snorre Sel levde på eit isflak forma som Norge, og mørke skyar kom drivande sørfrå. Sælen var ein modig motstandsmann, og boka levde vidare i skjul gjennom krigen. Du kan lese den digitalt i Nasjonalbibliotekets arkiv nb.no.

Disney eller Hitler

Harald Damsleth framfor eit stort, vevd teppe som var utstilt på Nordmanna-utstillinga.

Medan dei fleste brukte faget sitt til å boikotte og vise motstand, var det andre som støtta nazistane. Ein av dei store illustratørane og reklameskaparane frå 30-talet, Harald Damsleth, gjekk i nazistane si teneste, og hans plakatar og propagandateikningar for Nasjonal Samling prega mykje av det visuelle landskapet under krigen. Damsleth var halvt tysk, og hadde sterk tilknytning til Tyskland heile livet. Han var så dyktig at han i 1939 fekk tilbod om å jobbe for Walt Disney, men han takka nei for å ta omsyn til familien sin. Etter krigen vart han dømt til fem års straffearbeid, og karriera var over, sjølv om han fortsatte å jobbe innan reklame og illustrasjon med små oppdrag, og då utan å få sette namnet sitt på arbeidet.

NS produserte frå 1933 til 1945 rundt 290 ulike plakatar i fargar i samband med forbod, påbod, plakatar til utstillingar, stevner, idrettsarrangement, og ikkje minst anti-britisk og anti-sovjetisk propaganda. Plakatane var viktige i partiets propaganda, og ein brukte store ressursar på produksjonen. Det var profesjonelle teiknarar og folk frå reklamebransjen som utforma motivene, på oppdrag frå Kultur- og folkeopplysningsdepartementet. Så vart materialet distribuert rundt i landet i ulike format, det minste til buss, trikk og tog.

Kjelder

  • Reklamebyen Bergen. Finn R. Jørstad og Truls Grung
  • Oslo Kjøpmannsforening 1881-1941. Franz Georg Schrøder
  • Propaganda 1939 og 1940
  • Norsk Reklame 1941 – 1945
  • Den norske nasjonalsosialismen. Nasjonal Samling 1933-1945 i tekst og bilder. Hans Fredrik Dahl, Bernt Hagtveit og Guri Hjeltnes

Add a comment or suggest edits

For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to