Reklame i Norge - Del 1

HUSK Å SPØRRE EFTER NORSK LEVENDE TORSK. Om reklame før andre verdenskrig.

I Norske Intelligentz-Seddler, Norges første avis, finn vi allereide i den første utgåva i 1763 ein fiskereklame: «Hos Mad. Jørgen Pedersen paa Hiørnet af Raadhuus-Gaden og Store Strand-Gaden ere endnu nogle Dunker bedste Anchois at faae for 5 Mark stykket (…) alt for billige Priiser». Gjennom historien har folk alltid reklamert for varene sine på ulike måtar, og då ein fekk trykte aviser var reklamen raskt på plass.

Avertissement

Varemerker hadde ein framleis ikkje, ein berre ramser opp alle varene i utvalget. Annonse frå Norsk Fiskeritidende, 1883. Norges Fiskerimuseum

Frå rundt 1850 vart det trykt små produktannonsar i avisene der ein skryt uhemma over produktene som blir presentert. Tidlegare var det kun tekst som gjekk nærast i eitt, men etterkvart kom det også teikningar med i annonsane. Framstillingsteknikkane og billedkvaliteten vart bedre på 1880-talet. Dei første reklameplakatane vart laga på denne tida. Firmanavn vart framheva, teksten blir større og bodskapen tydelegare.

Fotografia hadde svært god kvalitet i siste halvdel av 1800-talet, men trykketeknikken var framleis ikkje god nok til at ein klarte å gjengi motivene. Motivene ein ser i annonsane i denne perioden er den mest brukte teknikken xylografi (tresnitt). Illustrasjonane vart overført til trykkblokker for høgtrykk, noko som gjorde at alle detaljane kom godt fram. Xylografane var pionerar innan reklameillustrasjon, og var svært viktige i det grafiske handverket.

Merkevarer

«Sildeeksportørene i Bergen har sine egne bestemte merker på sin sild, og efter disse kjøpes og verdsettes silden i utlandet.» (Beskrivelse av Søndre Bergenhus Amt, 1921)

Eit døme på slik merkevare er Sun Brand for røkesild og Blaue Marke for saltsild fra Rolf Olsen A/S. Andre kjøpmenn gav også navn til sine produkt. Atlantica vart registrert i 1895 som varemerke for Georg Martens produkter: fersk, saltet og røket fisk, rogn, tran, fiskelim og guano. Hermetikkindustrien var tidleg ute med å ta i bruk moderne markedsføring på eksportmarkedet. Hermetikkboksane fekk etiketter på 1890-talet, og motivene på etikettane vart etterkvart meir kunstferdig utforma. Fiskerihandelen fulgte etter, og tok til å merke og navngje produkta sine.

Emballasjen vart meir påkosta, alt frå hermetikk til tobakk fekk fine esker. USA var det store reklamelandet, og innflytelsen derifrå er tydeleg. Ein utvikla markedsføring og nye reklameformer for eit kjøpesterkt publikum, og tok til å forstå kor viktig det visuelle uttrykket var i reklame og annonsar.

Under første verdskrig vart det handla og investert langt meir enn tidlegare, pengane sat laust, og reklamebransjen fekk høve til å etablere seg som faggruppe. Dei vart eit formidlande ledd mellom annonsør og publikum, og fekk god hjelp i det økonomiske oppsvinget Norge hadde under første verdskrigen. Det vart hovudsakleg brukt norske teiknarar, som hadde utvikla sin eigen særeigne strek, reklamen vart meir underhaldande og fekk eit meir grafisk uttrykk utover 1920-talet.

Bergens industri ekspanderte sterkt på slutten av 1800-talet. Sjøbod med reklame. Hopen til venstre høyrde til Blaauwgården, medan hopen rett fram tilhøyrde Mowinckelgården. Foto: 1890-1899. K. Knudsen, UBB

Norges første reklamesjef

Robert Millar. Maleri av Eivind Engebretsen

Den irske presten Robert Millar (1878-1960) kom til Norge i 1903 og bytta ganske raskt beite frå teologi til reklame. Han fekk jobb som reklamesjef i Det Nordenfjeldske Dampsskibsselskab i 1909. Millar grunnla den moderne reklamen i Norge og var heilt sentral i utviklinga av reklame som fag. Han gav ut boka «Reklamelære» i 1916, der ein for første gong kan lese ei samla framstilling av markedsføringens prinsipp. «Svindelannonceforetagender» er eit ord som vart mykje brukt på den tida, om bedrifter som ikkje var ærlige og prøvde å lure folk med falske annonser. Millar klarte å auke kredibiliteten i reklamen, og viste at reklamen også kunne vere samfunnsnyttig.

Noko av det han er mest kjent for er hans bidrag til Statslånet i 1917. Forsyningssituasjonen i krigsvinteren 1917 var prekær. USA lånte Norge 50 millioner kroner, og Norges befolkning vart oppfordra til å delta i å teikne såkalla «statslån» for å vere med å bidra til å sikre matvarehjelp i ei vanskeleg tid for mange. Kampanjen gjekk tregt før Robert Millar vart kobla inn og gjorde den til ein suksess-historie.

Mat for konger og fattige

Reklameforeningen i Oslo gav frå 1922 ut tidsskriftet Propaganda. Her finn ein artiklar om det meste innan reklamefaget, og er ei fantastisk kjelde for dei som vil fordjupe seg i reklamehistoria. I nr. 22 februar 1927 handlar det mellom anna om tran, nærare bestemt Reklamefondet for tran. I artikkelen «Reklamen for norsk fisk i utlandet. Hold kvaliteten oppe!» blir det referert frå ein livlig diskusjon i Fiskerirådets siste møte i Bergen, om kor mykje pengar som skulle setjast av til reklame i utlandet. Beløpet som var ført opp på busjettet, kr 5000, vart dobla. Propaganda kommenterer: «Hold varenes kvalitet så høi som mulig. Vi har skarpe konkurrenter som ser sit snitt til å erobre de markeder, hvor vi er kommet inn, såfremt der fra vår side vises slapphet i kravene til varenes kvalitet.»

Tidsskriftet Propaganda finnes i samlingene til Norsk Handels- og Norsk Reklamemuseum.

Ein annan diskusjon i 1927 handlar om Norge som turistdestinasjon og korleis ein reklamerer i utlandet. Teiknaren Trygve M. Davidsen vart kritisert for sin turistplakat for Norges Statsbaner. Han svarer på kritikken i Propaganda: «Vi oppnår ingen utvikling av vår reklame ved å peke på hvor meget bedre det gjøres i utlandet – det bidrar til å føre bestillingene dit, og vi gjør oss fattigere enn vi er».

Det er fokus på at varer skal produserast i Norge, og at folk må handle norsk. Mange reklamer er ordrike og kollektive, det vil seie reklame som er satt inn på vegne av ein bransje eller fleire butikkar. Desse reklamane kunne ha ein heller moralistisk ordlyd, noko som var typisk for reklame på denne tida. Ein ville oppdra publikum. Slik reklame vart også brukt på norske varer som skulle selgast i utlandet.

Plakat utført av Fabritius Reklamebyrå A.s
Plakat utført av Fabritius Reklamebyrå A.s

Reklamebransjen var opptatt av at ein ikkje skulle kopiere andre sine teikningar. Ein kan lese følgjande resonnement i Propaganda: "Til venstre en Lindbergannonse for tran. Til høire engelsk annonse for Yuma-brød (i Windsor Magazine). Sannsynligheten taler for at den norske er en efterligning, en meget grov."

Propaganda 1927
Propaganda 1927
Reklame der den påståtte plagierte teikninga er brukt. Norsk Handels- og Norsk Reklamemuseum

Tekst på norsk reklame i utlandet: Ivrige, svoltne barn rundt kveldsbordet. Ein dag på skulen, og så nokre glade timar med leik, har skapt ein voldsom apetitt. Korleis ein skal fø dei er eit dagleg problem. Norges fiskarar og Norges hermetikkfabikkar har løysinga. Sild på boks er eit ideelt måltid for barn i vekst - og for voksne og. Det er eit av dei billigaste og sunnaste maten som finst. Fiska i dei krystallklare fjordane i Norge, lagt på boks i fabrikkar som er heilt reine. Norsk sild er mat som passer for kongar, men billig nok til å vere innan rekkevidde for den slankaste lommebok.

Det store tiåret - 1930-talet

Reklame der pakning og fabrikkmerke blir framheva. Norsk Handels- og Norsk Reklamemuseum

«Hvad har ikke reklamen gjort for å høine og standardisere kvaliteter, for å skaffe praktiske og sanitære pakninger? Hvem vilde nu våge å by oss de lurvete svisker og fikener som kjøpmannen i vår barndom rotet frem fra skuffen sin? Nu ber vi om et «merke» og vet hvad vi får. Bak hvert merke står et ansvarlig firma som er avhengig av vår velvilje – «goodwill»- Blir vi lurt en gang, eller kan andre by oss noen fordel, så farvel! (Avis, 1932)

Reklamen fann eit nytt utstillingsvindu i vekepressa. Det var mange dyktige illustratørar i mellomkrigstida. 1930-talet blir rekna som det store tiåret i norsk reklame. Vekepressa med godt teknisk utstyr kunne gjengi teikningar og foto i høg kvalitet, og dei laga annonsar som var på høgde med det beste som vart laga i utlandet.

Trass i økonomiske nedgangstider fekk vi ein reklameindustri som utvikla mange gode og fantasifulle reklamer. Ein ser at det er ei lengt mot fornying og modernisme på denne tida. Ønsket om luft, god plass og enkle linjer gjaldt ikkje berre hus, klede og dagligliv, men også i det typografiske arbeidet og teikningane som vart laga som reklame. Reklamen får større plass, gjerne heile sider, og fart og modernitet dominerer.

Det blir brukt meir fotografi som understreker det saklige og objektive ein var opptatt av. 1930-talet er ein periode med kreativitet og inspirasjon, trass i at det er økonomiske nedgangstider. Enkelte argumenterte for at reklame førte til auka omsetning, og dermed ei motvekt mot overproduksjon og arbeidsløyse. Den legg grunnlaget for at gode tider igjen skal komme. Og det var i ferd med å bli bedre tider på slutten av 1930-talet. Men så kom andre verdskrigen.

Mange bransjer gjekk saman om fellesannonsar, her for fiskeforretningane. Norsk Handels- og Norsk Reklamemuseum
Reklame for norsk tran. Fellesannonse for ein norsk eksport-artikkel i utlandet. Norsk Handels- og Norsk Reklamemuseum

Kjelder

  • Avisboken. Håndbok for annonsører og katalog over norske aviser. 1932
  • Norsk Reklame 1935
  • Norske Intelligentz-Seddeler, juni 1763
  • Reklamen i raske riss, 1944
  • Reklamebildet. Norske annonsar og plakatar frå århundreskiftet til i dag. Oslo, 1986
  • Reklamebyen Bergen, 1995. Finn R. Jørstad og Truls Grung. Utgitt av Stiftelsen Norsk Handelsmuseum – Norsk Reklamemuseum i samarbeid med Salgs- og Reklameforeningen i Bergen
  • Norway. A mothly review of Norway’s selling buying and shipping.

Add a comment or suggest edits

For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».

Leave a comment or send an inquiry

Share to