Gjestgjevariet i Salhus

Gjennom fleire hundreår var Salhus gjestgjevarstad. Forutan å tilby reisande tak over hovudet og mat og drikke var gjestgjevarane gjerne involverte i handel og skipsfart. Busetjinga i Salhus går i alle høve attende til mellomalderen før 1350. Den strategiske plasseringa ved fjorden gjorde Salhus veleiga som stoppestad for reisande.

Hanne Dale, Norsk Trikotasjemuseum

Namnet «Salhus» kjem av gammalnorsk Sálúhus, det vil seia eit «sælehus» . Truleg dreidde det seg om eit herberge reist på 1100- eller 1200-talet. Å byggja eit slikt hus blei sett på som ei god gjerning, som bidrog til at sjela til byggherren fekk eit kortare opphald i skjærselden. Salhus var krongods ved reformasjonen, så det er godt mogeleg at kongen kan ha stått bak. I seinmellomalderen låg Salhus øyde, men garden vart rydda på nytt i 1520-åra. Det var dansken Jens Stolpe som då slo seg ned her. Sannsynlegvis dreiv han også herberge.

«..1 tylde øl och et glas brendeVin..»

Etter alt å døma var det kontinuerleg gjestgjevardrift i Salhus utover 1500- og på 1600-talet. Sal av øl og brennevin gav truleg mest inntekter. I 1706 heiter det at udi Salhuus tappis undertiden 1 tynde øl och et glas brendeViin for de Reisende. Sakførar Johan Simon Cramer sikra seg i 1749 privilegium frå stiftbefalingsmannen over Bergen stift til å stå for gjestgjevardrift i Salhus. I løpet av nokre år fekk han sett opp nye bygningar og gjort naudsynte utbetringar. Ei forordning frå 1757 påbaud kongeleg løyve til gjestgjevardrift, noko Cramer sikra seg året etter. Han fekk tilby mat, drikke og overnatting. Øl kunne bryggjast på staden, men framstilling av brennevin var strengt forbode. Drifta måtte ikkje føra til noget Fylderie og Tidsspilde for Bonden eller Andre.

Etter at Cramer døydde i 1766 blei gjestgjevarstaden auksjonert bort. Forutan det store gjestgjevarhuset fanst drengestove, ein mura kjellar, eit hønsehus, to eldhus, smie, fjøs med låve, kalvehus, smaleflor og tre utløer. Nede ved sjøen stod eit stort bygningskompleks med sjøbuer og bustader over, samt eit naust. Buene vart truleg brukte til sildesalting.

Barclay de Tolly

Ved ein ny auksjon i 1767 overtok den pensjonerte kapteinen Albert Christopher Barclay de Tolly gjestgjevarstaden. Han var av skotsk adelsætt. Han og etterkomarane hans dreiv gjestgjevarstaden i fleire generasjonar. Rett nok kjøpte kjøpmann Christopher Kahrs Salhus i 1788, men han slo seg ikkje til her. Etter 1800 auka handelsaktiviteten knytta til gjestgjevarstaden. Albert Christopher Barclay Horsenius gjekk til dømes i utanriksfart med seglskipet «Pure Lykken».

Gjestgjevardrifta blei nedlagt kort tid før 1900, men den gamle hovudbygningen er nyleg restaurert.

Referansar

Opphavleg publisert som Digital fortelling, DF.1589 PRODUSENT: Frode Fyllingsnes EIGAR: Kulturnett Hordaland Teksten er gjengitt med nytt foto i 2020.

LITTERATUR: Fotland, Nils: Salhus i gamal og ny tid. Bergen: Forfattaren, 1945. Fyllingsnes, Frode: Åsane - i fortid og nåtid. Bergen: Bodoni, 2007. Haukedal, Edv.: Åsane. Bygda og folkelivet. Ei orientering. Åsane: Åsane folkeopplysningsråd, [1956?]. Johannessen, Marianne Herfindal (red.). Åsane i hundre - en reise i tekst og bilder. Billedredaktør: Helge Sunde. Bergen: Media Bergen, 2004. Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet. Registreringsrapport. Del 2: Midtre og indre Hordaland. Bergen: Fylkeskonservatoren i Hordaland og Historisk museum, 1975. Rinde, Otto: Åsane soga frå den eldste tid til 1940. I: Åsane bygdebok, s. 39-425. Bergen: Åsane Sogenemnd, 1975.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to