main article image

Å lære «omtenksomhet og nevenyttighet ved bruk av strikketøy, nål og om mulig saks»

Skulen har til alle tider vore underlagt reformer, både når det gjeld pedagogikk og fagleg innhald. Då dei praktiske handverksfaga gradvis vart innført frå siste halvdel av 1800-talet var dette med bakgrunn i nasjonale kulturverdiar og ei aukande bekymring for at handverkskunnskapen skulle forsvinne med den stadig aukande industrialiseringa!

Handarbeide var praktisk nyttekunnskap og skulle, først og fremst førebu jentene på framtida som husmor. Det vart obligatorisk som skulefag i byskulane i 1889 og på bygdene først i 1936, då skulen innførte same timetalet på bygda som i byane.
I ei av dei tidlege lærebøkene for faget var det definert at jenter skulle lære «omtenksomhet og nevenyttighet ved bruk av strikketøy, nål og om mulig saks».

Frøken Caroline Halvorsen

Det var nokon få kvinner som særleg kom til å prega handarbeidsfaget og som sette standarden for handarbeidsundervisinga gjennom fleire generasjonar. Ei av desse var Caroline Halvorsen. Heilt frå 1880-årene og inn i mellomkrigstida var frøken Halvorsen sine lærebøker og modellar i bruk både i klasserommet og heimen. Ho leia, og underviste ved kurs for lærerinner i meir enn 30 år og meir enn 1800 deltakarar førte hennar mønster og metodar videre. “Caroline Halvorsens vott” var kjent over hele landet. Både den og “Caroline Halvorsens strømpeberegning” var basiskunnskap for unge kvinner i fleire generasjonar.

Caroline Halvosens strikkebok

Det er eit hav av tid, pedagogiske idear og samfunnsendringar mellom Reform 94, Kunnskapsløftet og Strikkebok frå 1901. ”Børnene sidder under arbeidet med ret ryg, begge ben paa gulvet, albuerne tæt ind til kroppen og med hovudet let foroverbøiet. Arbeidet maa ikke holdes nær øinene, og det paases, at børnene har den rette haandstilling, saa de vænner sig til at bruge alle fingre under arbeidet.”

Strikking var gjerne første øving når elevane starta med handarbeide i første klasse. Det kravde ikkje så store ressursar og tanken var at dette også øvde opp finmotorikken ” fordi alle fingre bliver beskæftiget derved og maa hjælpe til med arbeidet”.
Elevane lærde gjennom kopiering av framviste ting og instruksjonar lærerinna teikna på tavle, eller viste med tjukke pinnar og band. Underveis skulle også lærerinna forklare litt om materialar og utstyr dei brukar. Frøken Halvorsen gir gode råd m.a. til alle dei som strevar med å halde maskene av pinnen, då «kan man sette en oppblødet ert på pindernes ene ende.»

Hovudpensumet er for første klasse i grunnskulen til femte klasse. I første startar alle med basis rettstrikk og dei fleste øvingane skal bli bruksting – tidleg på 1900-talet kunne dette vera «tavletørrer – ovnslapp – støvedug - pennevisker og naalebog». Elles er det lagt stor vekt på rett holdning og rett teknikk og på korleis ein startar, avsluttar og føyer saman ved rundstrikking m.m. Alt saman detaljer som er viktige for å få eit fint, velfungerande og sterkt resultat.

I ein alder av 11-12 år hadde jentene lært grunnleggjande strikkeferdigheiter slik at dei kunne strikke basisplagg og mønster. Utanom skuletida fekk dei sikkert hjelp heime til å øve – og mengdetrening kom av seg sjølv når dei etterkvart måtte ta del i det evigvarande og alltid nærverande arbeidet med å halde heile familien med sokkar, lange ullstrømpar og andre kvardagsplagg. Ein kan tenkje det var god hjelp for husmora når jentene var komne så langt.

Frøken Halvorsen si strikkebok var retta mot lærerinna som skulle undervise, men også tenkt til bruk i heimen. Dei som var så heldige å få ei slik bok fekk rettleiing også om større klesplagg som skjørt og store tørkle og dekorative mønster. Det var kanskje dei ferraste som hadde råd til å kjøpe strikkebøker og vi veit det var vanleg praksis å strikke opp prøvelappar av mønster dei såg hjå andre. Det same vart gjort med hekle- og broderimønster. Dei lånte og kopierte og lagde eigne samlingar av mønsterlappar.

Nytt skjørt etter 119 år gamal oppskrift

Strikka (under)skjørt frå Caroline Halvorsens strikkebok frå 1901.

Caroline Halvorsen underviste for handarbeidslærerinner i meir enn 30 år og oppskriftene hennar var pensum i skulen. Det vil seie at dei alle fleste jenter som fekk handarbeidsundervsining mellom 1900 og 1950 har strikka slike underskjørt, og sikkert brukt dei også.

Vi trur oppskrifta kan fungere fint til eit vanleg skjørt:

Skjørtet vårt har ei livvidd 70 cm og er 44 cm langt. (Lengde og livvidde regulerer du etter behov ved færre, eller fleire striper). Det er strikka i Ask ullgarn frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Du treng 150 gr av den mørke og 100 gr av den lyse fargen.

Ein strikkar skjørtet på tvers slik at opplegget vert lengda. Du startar og sluttar stripene på same side av strikketøyet.

Rette striper: Legg opp 90 masker med mørk farge (på rundpinne). Strikk fram og tilbake på pinnen, kun i rettstrikk. Strikk tilsaman 18 pinnar rettstrikk slik at du får 9 riller i denne stripa.

Skråstripene strikkar du slik: Strikk ein pinne rett over med lys farge. Snu strikketøyet og strikk 9 masker, snu igjen og strikk tilbake til kanten. Snu igjen og strikk 18 masker før du igjen snur og strikkar tilbake til kanten. Hald fram på denne måten og strikk 9 masker lenger for kvar gong mot kanten. Avslutt stripa med ei heil pinne.

Strikk 11 skråstriper og 11 rette striper før du avsluttar med baksida av skjørtet der det kun er rette striper. Til 70cm livvidde skal du ha til saman 17 rette striper og 11 skråstriper.

Sy saman skjørtet. Her kan du også montere glidelås om du vil ha det.

Ta opp masker langs kanten oppe. Strikk belegg som blir bretta inn på vrangsida og sydd til. Strikk belegget slik at du får glatt rettstrikk på innsida av skjørtet når du brettar det inn. Strikk ca 4 cm. Brett inn og sy belegget fast på innsida. Du kan eventuelt montere ein breid strikk i denne løpegangen.

Order this image

Share to