Nikolai Astrup, Natt, ant. tidleg etter 1902
Nikolai Astrup, Natt, ant. tidleg etter 1902 Dag Fosse, KODE

Måleri i Astruptunet

Nikolai Astrup (1880-1928) laga i følgje kunsthistorikar Øystein Loge om lag 210 måleri. Astrupsenteret ved KODE har gjennom sitt forskingsarbeid i seinare tid funne ut at det antakeleg fins ein god del fleir. Ved Astruptunet har vi 20 måleri, kor av 3 er deponerte av andre eigarar.

Astrup vaks opp i på prestegarden på Ålhus i Jølster frå han var 3, til han som 15-åring drog til Trondheim for å gå på latinlina ved Katedralskolen i to år. Så var han to år heime som huslærar før han drog til Oslo og Paris for å studere. Han gjekk først ei stund på Tegneskolen før han byrja ved Harriet Backer sin malerskole og så hos Christian Krohg ved Academie Colarossi i Paris. I mai 1902 vende Astrup heim og budde i Jølster fram til han døde i 1928, berre avbrote av 3 studiereiser til Europa og Nord-Afrika. Frå 1911 budde han på sørsida av Jølstravatnet med sin eigen, etter kvart veksande, familie. Astrup var ein av dei første norske kunstnarane som valde å busette seg i eiga heimbygd, etter å ha vore ute for å ta utdanning.

Landskap

Landskapsmåleria i Astruptunet skildrar prestegarden på Ålhus kor Nikolai budde fram til 1911, Kjøsnes og Stardalen kor han ferdast ein del, Myklebust kor han budde med familien sin frå 1911 og tunet på Sandalstrand kor han budde frå 1912 til han døde i 1928.

Ålhus

Det eldste måleriet vi har i samlinga måla Nikolai med olje på ei treplate då han var om lag 12 år. Han har skildra eit landskap med berre ein flik av ein kveldshimmel øvst i biletet. Slik skaper han eit tett «naturinteriør» rundt den «bunadskledde» ungjenta som sit i profil på ein stor stein attmed ein bekk i framgrunnen. Kva grubler ho på medan bekken sildrar forbi? Kva lengter ho etter? Her blømer naturromantikken.

Landskap med sittende kvinne [Maleri] Astrup, Nikolai

Naturen, gardane og kulturlandskapet på Ålhus fekk ein stor plass i Astrup sin motivkrins. Måleria frå århundreskiftet fram til om lag 1907 er ofte natt- og skumringsmotiv. Dei er difor relativt mørke og til tider melankolske. Det er som regel prestegarden og omgjevnadane som vert skildra. Stakittgjerdet, hagen, den vesle haugen, husa, nabotunet eller fjella på andre sida av vatnet går igjen. Astrup er opptatt av å skildre detaljar og kvar tresort kan kjennast att.

Måleriet «Maaneskin i prestegaarden», frå mellom 1902 og 1907, har ein spesiell atmosfære. To menneske talar over grind medan blomane skin av seg sjølv i mørkret og månen og lauvkronene skapar skuggar på veggane til dei to samankopla kvite husa i prestegarden. Mannen med hatten kan vere Astrup sjølv.

I eit anna nattmotiv frå prestegarden, «Høstskumring i hagen», frå 1902, gjer dei merkelege og nesten trugande lauvmassane prestegarden sine hus små og uvesentlege. ”Storasken” og dei andre organiske elementa er hovudmotivet i biletet. Slik er det òg i biletet «Natt», laga tidleg etter 1902. Der skapar vinden merkelege formar med greinene i den fremste trekrona. Ein måne vi ikkje ser lar eit og anna kvitt hus lyse opp i mørket. «Frå Prestegården, frå ca. 1902, er eit forarbeid til «Høstskumring i hagen».

Det litt draumeaktige «Fruktblomstring med gul himmel» skildrar frukt- og bærhagen i prestegarden innover mot Ålhusdalen. Nok ein gong har Astrup skapt eit intimt naturinteriør med den høge horisonten, den gylne himmelen og dei sjølvlysande blomstrande fruktrea i framgrunnen.

Nikolai Astrup, Maaneskin i prestegaarden, mellom 1902-1907
Nikolai Astrup, Høstskumring i hagen, 1902
Nikolai Astrup, Natt, ant. tidleg etter 1902
Nikolai Astrup, Frå Prestegården, ca. 1902
Nikolai Astrup, Fruktblomst med gul himmel, utan år

«Juninat kl. 3 1900», ant. frå 1925, av nabotunet på Ålhus er særs spesielt då Astrup først har trykt nøkkelplata til tresnittet «Soleienatt», laga i 1915, på lerretet og så måla oppå denne «malen». Astrup måla det gamle Ålhustunet med soleiene allereie i 1905, så dette var eit motiv han kom attende til fleire gonger og i ulike medium. I vårt måleri ligg Ålhustunet bada i lyset frå den lyse sommarhimmelen og dei våte delane av bøen er fulle av skarpgule soleier og bekkeblom. Snøen ligg framleis flekkvis i fjella og syner at det framleis er tidleg på sommaren. Astrup sin kjærleik til det gamle og forgagne kjem her til uttrykk. Det karakteristiske klyngetunet har sidan vorte reve litt etter litt og i dag står berre nokre få av husa att. Ingen av måleria eller tresnitta med dette motivet er heilt like. Astrup laga òg to andre blandingsverk basert på den same trykkplata: «Kvennagong og Jølstratun», frå etter 1920 og «Ålhustunet og bjørker», utan dato.

«Ålhusdalen», frå ca. 1906, er måla på ein meir utflytande måte kor landskapet og husa glir meir over i kvarandre. Astrup har vald å nytte ein høg horisont i biletet, som i det vesle barnemåleriet, og han har vore ute nattestid, som i mange av dei andre skildringane frå Ålhus.

Ein kuriositet i Astrupsamlinga er er måleriet «Badende kvinner», frå ca. 1901. Motivet med nakne menneske i naturen er uvanleg for Astrup. Biletet verker òg uferdig då det manglar detaljar i kropp og andlet. Dei dokkeaktige kvinnene sit med føtene i ein bekk. I bakgrunnen kan vi skimte noko som kan vere Audun Hugleiksson si borg på Ålhus, slik ein tenker at den såg ut. Fjell og tre rammar inn scena, berre litt himmel er synleg. Dei lyserosa, litt stive kroppane lyser opp det mørke skumringslandskapet.

Juninat kl. 3 [Maleri] Astrup, Nikolai
Ålhusdalen [Maleri] Astrup, Nikolai
Badende kvinner [Maleri] Astrup, Nikolai

Myklebust og Stardalen

I 1911 flytta Astrup med den vesle familien sin til Myklebust, kor dei først leigde eit lite krypinn og så kjøpte tomt og bygde nytt. I samlinga har vi eit udatert måleri derifrå kalla «Myklebust». Her har Astrup gått eit stykke frå huset han leigde for å skildre nokre av dei mest sentrale gardane i grenda mot søraust. Vi ser at slåtten er i gong og at bøndene har byrja å hesje. Målemåten er òg her ganske utflytande, og horisonten høg, men det mest spesielle med biletet er måten han skildrar himmelen, skyene og tåka som kjem snikande nedover frå ein av dei øvre fjelldalane på. Vinkelen mot søraust gjev ein indikasjon på at det kvite svake lyset vi ser i skyene er frå månen og at Astrup nok ein gong har vore ute på nattestid. Det var astmaplager som gjorde at Astrup så ofte vandra og måla om natta. Difor er landskapa tomme for folk og vi får sjå kulturlandskap og natur i ro og stille.

Eit anna måleri som kan vere knytt til Myklebust er det vesle «Forarbeid til Trollbotnen», laga før 1908, då Nasjonalmuseet sitt måleri «Trollbotnen» vart måla. I Jølster er det tre område kor namnet Trollbotn vert nytta på ulike måtar om både fjell og fjellvatn; i Stardalen, Årdalen og søraust for Myklebustdalen. Astrup har lagt på målinga i store strøk for å skissere ulike former i fjellet, vatnet og fleire parti med snø. Ein del område i biletet står umåla. Målemåten abstraherer motivet og ein må nesten vite kva han skildrar for å forstå kva ein ser. I det ferdige måleriet i Nasjonalmuseet sitt eige, er motivet òg ganske abstrahert, men ein ser heilt tydeleg fjell, snø, vatn og ein meir detaljert framgrunn med gras og store steinar.

«Fond i Jølster», frå 1902, syner gardane på Fonn inst i Stardalen og er skildra på ein meir detaljert måte med mange små og korte penselstrøk. Fjella Gallen og Storenyken ligg som ein vegg inst i dalen, men ved å ta med litt meir himmel enn vanleg og skildre dalen frå ein litt høg synsvinkel opp i lia på venstre sida, makter Astrup å få denne delen av dalen, karakterisert av høge fjell på alle kantar, til å stå fram som relativt open. Vi kan sjå at det er tidleg på sommaren då elva er stor av snøsmelting og snøen framleis ligg i dei høgste fjella.

Nikolai Astrup, Myklebust, utan år
Nikolai Astrup, Forarbeid til Trollbotnen, før 1908
Nikolai Astrup, Fond i Jølster, 1902

Sanddalstrand og Sanddalen

Kunsthistorikar Leif Østby peiker i si skildring av Astrup i Norsk kunstnarleksikon på at måleria etter kvart skifter karakter mot ein lysare og lettare koloritt og at målingsstrøka vert lausare. Motiva er oftare skildra i dagslys. Vi får sjå lyse eksteriør med kona Engel, småsøsken og eigne barn og fargerike interiør frå garden på Sandalstrand.

I Astrupsamlinga har vi to måleri frå tunet på Sandalstrand som Astrup kjøpte og flytta til i 1912, då dei ikkje fekk skøyte på Myklebust. Den skisseaktige skildringa kalla «Frå Sandalstrand» er antakeleg måla mellom 1914 og 1916, utifrå det vi kan sjå av detaljar i biletet. Astrup byrja raskt å arbeide med det bratte terrenget; han terrasserte med torvgardar og skar ein smal veg i sikksakk frå Jølstravatnet og opp i tunet. Vi kan sjå store steinar framleis frie for vegetasjon som støtter opp torvgardane mellom vegen sine slyngingar. Dei tomme skråningane syner at han enda ikkje hadde byrja å dyrke frukt og grønsaker. Vi kan skimte nokre av dei eldste bygningane i tunet; Kjøkenstova og Gamlestova til venstre for stien og løa, oppe til høgre. I bakgrunnen dragast auget mot det svarte omrisset av fjellformasjonen «Snødronninga» over Helgheim, på hi sida av vatnet.

«Heimen» er måla i 1918 eller seinare. Astrup har her sett tunet frå ein høgre synsvinkel og det får den øvste delen av stien til å sjå ut som ein veg innover i biletet og tunet. Familien har planta små frukttre og dyrka grønsaker i opne felt. Til høgre under fjøsen ser vi «Grotten», med ein steinbenk og eldstaden inst under den store steinen. Heilt bak i tunet kan ein skimte Nystova som vart byrja på i 1918. Det er tidleg sommar med blomstrande frukttre og ein lyseblå himmel fylt med kvite kumulusskyer. I framgrunnen og på vegen inn i tunet ser vi 2 jenter og ein gut. Kanskje er det Nikolai og Engel sine tre eldste born; Kari Petra (1911-1953), Arnold Böcklin (1914-1995) og Turi Petra (1916-1991) vi ser. Dette måleriet ser heller ikkje heilt ferdigstilt ut då målinga er ført på i tynne strøk og nokre parti av lerretet framleis står umåla.

«Kornstaur», utan år, er måla frå midt nede i nabogrenda Sanddalen på bøen til det vi i dag kallar Anderstunet. Astrup skildrar her den austlege delen av Sanddalen med frå venstre Nesttunet, Midttunet, Anderstunet og gardane oppe ved Haugane. Mot den mørkegrå himmelen ser vi frå venstre fjella Sandbotsegga, Knebben, Høgenuken og Kvitefjellet. KODE, Bergen forvaltar to variantar av det same motivet. Begge har eit tettare utsnitt og i det eine står kornstaurane fram nærast som levande vesen med andlet og kroppsspråk (BKM.Dep.00400/07). I det andre, frå ca. 1920, rammer to unge rognetre fulle av rognebær inn det meir haustlege motivet (BKM.Dep.00368/07). Begge desse versjonane av Kornstaur er meir fargesterke og ekspressive enn den varianten vi har i Astruptunet, som i kontrast står fram som ei meir sakleg registrerande skildring av grenda.

Det vesle udaterte måleriet kalla «Høyhes» står fram som eit nydeleg portrett av ei hesje og hesjeteknikken. Astrup har måla den i motlys, slik at vi får eit spel av lys og skugger i biletet, i tillegg til alle variantane av grønt og brunt. Utsnittet er så tett at det ikkje ein gong er ein flik av himmel med. Restaureringshandverkar Bjarne Sunde har fortalt museumsleiar ved Astruptunet, Solveig Berg Lofnes, om historia til hesja i området: «På slutten av 1800 talet tok ein i bruk trehesjer. Desse vart sett opp og kunne stå ute heile året. Kvar vår måtte ein sjå til at dei var funksjonelle og bytte staur, tro og bjørkeband som var dårlege. I Astruptunet kan ein sjå to ulike trehesjer, ei vanleg og ei skarhes som vart sett opp der det var bratt. Her i området som det var lite tilgang på einer, vart det som oftast nytta rogn og selje til staur og tro. Til å knyte troene opp nytta ein vidjeband av bjørk.»

Nikolai Astrup, Frå Sandalstrand, 1914-1916
Nikolai Astrup, Heimen, etter 1918
Nikolai Astrup, Kornstaur, utan år
Nikolai Astrup, Høyhes, utan år

Portrett

Astrup såg på seg sjølv først og fremst som målar og det var naturen han var mest opptatt av å måle, men illustrasjonane hans til Kincks ”Vestlandsnoveller” og skildringane av ulike Jølstertyper i svart-kvite tresnitt syner at han også hadde taket på det å skildre menneske. Blant måleria finn vi tre portrett.

Portrettet av mora Petra Constance Astrup (1860-1930) som sit på ein stol og strikkar, formidlar ei mild og lun heimleg atmosfære, mykje grunna det tette utsnittet, det raude sjalet og den kvardagslege situasjonen med strikketøyet. Petra er skildra om lag frå livet og opp og ser konsentrert på strikketøyet med eit svakt smil om munnen. Ho er skildra mot ein mørk og utydeleg bakgrunn. Det einaste elementet vi kan skimte frå rommet ho er i er stolryggen. Slike skildringar av kvinner med handarbeid var eit vanleg genremotiv blant målarane på denne tida.

Portrettet av faren, sokneprest Christian Astrup (1844-1919), er derimot meir formelt. Christian er skildra ståande om lag frå knea og opp, i sine svarte presteklede med kvit pipekrage. Astrup har her vald å gå lengre frå motivet. Christian ser mot oss med ei alvorleg mine og berre andletet og pipekragen lyser opp i biletet mot dei mørke kleda og den mørke bakgrunnen. Han står fram som både fjern og verdig, og ein kan sjå at Astrup her ikkje har laga ei familiær skildring av faren. Kanskje var biletet meint som eit offisielt portrett som skulle vere plassert i kyrkja eller på prestekontoret?

Det tredje portrettet er av ein eldre mann med eit stort grått skjegg. Han er skildra frå livet og opp i halvprofil. Den enkle brune jakka med ein knapp knept over bringa kan tyde på at det er ein arbeidskar Astrup har skildra. Mannen stirer tomt framfor seg og dei lukka, litt nedover vende leppene gjev eit litt dystert inntrykk. Astrup har gjeve liv til andletet ved å måle nokre raudlege penselstrøk på kinna og øyret som stikk ut av håret.

Nikolai Astrup, Kunstnerens mor, før 1908
Nikolai Astrup, Kunstnerens far, før 1908
Nikolai Astrup, Gammel mann med skjegg, utan år

Interiør

Inspirert av Harriet Backer lagde Astrup sitt første interiør i stort format i 1901 av «Den gamle røikstove på Kjøsnes». Her skin interessa hans for lokal tradisjon og bondekultur igjennom. Han har fått med seg ei rekke detaljar i biletet: konstruksjonselement, dørhengsler, kistebeslag, omn, vindauge, vedkasse og ein sprekk i ein golvplanke. Astrup er særs registrerande, men han har ikkje klart å skape ein atmosfære med lys slik Backer ofte gjorde. Rommet verkar stort og aude og perspektivet er ikkje heilt realistisk. Kontrasten er stor til hans seinare frodige og fargerike «stillebeninteriør» frå heimen på Sandalstrand (sjå i dei andre samlingane her på Digitaltmuseum).

Nikolai Astrup, Den gamle røikstove på Kjøsnes, 1901

Sluttord

Astrup sin måleriproduksjon spenner frå relativt sakleg registrerande og naturalistiske skildringar av tun, landskap, folk og interiør i Jølster, til meir stemningsladde, forenkla, symbolske og besjela motiv. Dei fleste av måleria i Astruptunet fell innunder den første kategorien. Ein kan sjå både naturalisme, ny-romantikk, realisme og naivisme i Astrup sine bilete. Han strekker seg etter eit enkelt uttrykk og er aller mest opptatt av fargar, og dei kjensler og stemningar dei skapar.

Kunsthistorikar Jan Askeland såg Astrup som ein naturromantikar som dekte både det monumentale og det intime, det dramatiske og det idylliske, han var nærsynt naturalist og lydhør stemningsdiktar. Han løfta heimbygda opp til noko allment, noko utanfor tid og stad, noko universelt og evig. Astrup var oppteken av at mennesket sin nærleik til naturen vart trua av det urbane industrisamfunnets framandgjering. I likskap med fleire andre på same tida, lengta Astrup ”attende til naturen”, til noko ekte og opphavleg. Mykje av kunsten hans var eit forsøk på å halde fast ei tapt tid.

Kreditering:

  • Alle fotografi av måleria i Astrupsamlinga i Jølster er tekne av Dag Fosse ved KODE i Bergen. Takk til Astrupsenteret ved KODE for at vi får bruke bileta.
  • Takk til Tove Haugsbø, same stad, for utfyllande informasjon kring motivet "Juninat kl. 3 1900".
  • Takk til Solveig Berg Lofnes, avdelingsleiar for Astruptunet og Ingeborg Mellgren Mathiesen, landskapsarkitekt og hagehistorikar for utfyllande informasjon ved fleire høve.

Litteratur:

  • Jan Askeland, «Norsk Malerkunst. Hovedlinjer gjennom 200 år», 1981.
  • Leif Østby, Norsk kunstnerleksikon, bind 1, 1982-1986: https://nkl.snl.no/Nikolai_Astrup

Astrupmåleri i andre samlingar på Digitaltmuseum

Vårkveld i Jølster [Olje på lerret] Astrup, Nikolai
Sommervind og lekende barn [Maleri] Astrup, Nikolai
Helg [Maleri] Astrup, Nikolai
Snøfjell [Maleri] Astrup, Nikolai
Grå vårkveld [Maleri] Astrup, Nikolai
Vårnatt i hagen [Maleri] Astrup, Nikolai
Prestegården i regn [Maleri] Astrup, Nikolai
Kollen [Maleri] Astrup, Nikolai
Prestegårdsjordet i Jølster [Maleri] Astrup, Nikolai
Måneskinn [Maleri] Astrup, Nikolai
Seter i måneskinn [Maleri] Astrup, Nikolai
Tun i Jølster [Maleri] Astrup, Nikolai
Kvinnelig halvakt [Maleri] Astrup, Nikolai
Portrettstudie av ung pike [Maleri] Astrup, Nikolai
Jonsokbål [Maleri] Astrup, Nikolai
Vår med hvit hest [Maleri] Astrup, Nikolai
Lekende barn [Maleri] Astrup, Nikolai
Trollbotnen [Maleri] Astrup, Nikolai
Vårlandskap [Maleri] Astrup, Nikolai
Skog i sne [Maleri] Astrup, Nikolai
Landskap i måneskinn [Maleri] Astrup, Nikolai
Fantasikomposisjon [Maleri] Astrup, Nikolai
Fantasikomposisjon [Maleri] Astrup, Nikolai
Høstregn i fjellbygda [Maleri] Astrup, Nikolai
Vår i Jølster [Maleri] Astrup, Nikolai
Vårkveld i Jølster [Maleri] Astrup, Nikolai
Revebjeller [Maleri] Astrup, Nikolai
Stabbur i Jølster [Maleri] Astrup, Nikolai
Varmen kommer i jorden [Maleri] Astrup, Nikolai
I hagen (Prestegårdshagen) [Maleri] Astrup, Nikolai
Aktstudie av gammel mann [Maleri] Astrup, Nikolai
Tørrværsdag i løen [Maleri] Astrup, Nikolai
Befringstølen [Maleri] Astrup, Nikolai
Dansk bondegård [Maleri] Astrup, Nikolai
Ålhus kirke, St. Hans [Maleri] Astrup, Nikolai
Kornstaur [Maleri] Astrup, Nikolai
Hvit blomst [Maleri] Astrup, Nikolai
Fjøsinteriør [Maleri] Astrup, Nikolai
Vårlandskap [Maleri] Astrup, Nikolai
Kjerringa med lykta [Maleri] Astrup, Nikolai
Slåttonn [Maleri] Astrup, Nikolai
Over hagegjerdet, Jølster [Maleri] Astrup, Nikolai
Interiør i Jølster prestegård [Maleri] Astrup, Nikolai
Selvportrett i hule [Maleri] Astrup, Nikolai
Olaves [Maleri] Astrup, Nikolai
Ålhus prestegård og kirke [Maleri] Astrup, Nikolai
Lodden natt [Maleri] Astrup, Nikolai
Natt [Maleri] Astrup, Nikolai
Vårregn og kirsebærtrær [Maleri] Astrup, Nikolai
Prestegårdshagen [Maleri] Astrup, Nikolai
Prestegården og Jølstervann [Maleri] Astrup, Nikolai
St. Hansbål (skisse) [Maleri] Astrup, Nikolai
Getsemane [Maleri] Astrup, Nikolai
Svanøybukten [Maleri] Astrup, Nikolai
Trær og snøfjell [Maleri] Astrup, Nikolai
Foss og kvernhus [Maleri] Astrup, Nikolai
Sandalstrand [Maleri] Astrup, Nikolai
Gåsen [Maleri] Astrup, Nikolai
Stilleben [Maleri] Astrup, Nikolai
Vårstemning [Maleri] Astrup, Nikolai
Regnstemning under trærne ved Jølster prestegård [Maleri] Astrup, Nikolai
Stilleben (skisse) [Maleri] Astrup, Nikolai
Rabarbra og småpike på Sandalstrand [Maleri] Astrup, Nikolai
Mor og barn ved havebordet [Maleri] Astrup, Nikolai
Tidlig snø [Maleri] Astrup, Nikolai
Vårstemning ved gammel husmannsplass [Maleri] Astrup, Nikolai
Kornstaur [Maleri] Astrup, Nikolai
Forsommer, Jølster [Maleri] Astrup, Nikolai
Fjøsfrieri [Maleri] Astrup, Nikolai
Fra Sunde [Maleri] Astrup, Nikolai
Prestegården [Maleri] Astrup, Nikolai
Epletre i blomst [Maleri] Astrup, Nikolai
Interiør med vugge [Maleri] Astrup, Nikolai
Rabarbra [Maleri] Astrup, Nikolai
Vårnatt i hagen [Maleri] Astrup, Nikolai
Juninatt og gammelt vestlandstun [Maleri] Astrup, Nikolai
Fugl på sten [Maleri] Astrup, Nikolai
Kvennavatten [Maleri] Astrup, Nikolai
St. Hansbål [Maleri] Astrup, Nikolai
Begravelsesdag i Jølster [Maleri] Astrup, Nikolai
Kvennagongsvatten [Maleri] Astrup, Nikolai
Marsmorgen [Maleri] Astrup, Nikolai
Revebjeller [Maleri] Astrup, Nikolai
Kari. Motiv fra Sunde [Maleri] Astrup, Nikolai
Klar juninatt [Maleri] Astrup, Nikolai
Priseld [Maleri] Astrup, Nikolai
Fødselsdag i hagen [Maleri] Astrup, Nikolai
Vestlandsstøl [Maleri] Astrup, Nikolai
Kvinneportrett [Maleri] Astrup, Nikolai
Vårnatt i hagen [Maleri] Astrup, Nikolai

Oppdatert søk etter Astrup måleri i Digitaltmuseum

Share to