main article image

Kvithua

KVITHUA - LINHUA - HODNEHUA - GJERSTADHUA - KONESKAUT

Kvithua er eit hovudplagg for gifte kvinner som består av eit kvitt lin- eller bomullslerret (hueposen) med ei understøtting (valk eller vøvling/vøling). Hueposen, som dannar sjølve hua, er samla i eine enden med foldar og avslutta med ein brodert rosett kalla «roso» eller «kruno». Denne enden skal hengja ned på ryggen. Lengda varierer, men me ser at dei eldste er dei kortaste. Denne hovuddelen av hua er nokolunde lik over heile Nordhordland. Det som er ulikt, og som syner kvar ein kjem frå, er forma på valken eller vøvlingen. Valken høyrer til i Gjerstad/Haus, medan vøvlingen høyrer til i Hosanger og i resten av Nordhordland. Forma på understøttinga har vore ulik opp gjennom tidene, og dei eldste kvithuene ein kjenner til vart brukte utan understøtting. Kvithuene har vorte kalla linhuer, men dei aller fleste huene som finst på Osterøy museum er i bomullsstoff.

Tradisjonen med hovudplagg for gifte kvinner, reknar ein med kom til landet med kristendomen. Sikre kjelder om kvithua har me frå første halvdel av 1700-talet, då ho er skildra i ulike skrift. Det finst òg bevarte huer frå 1700-talet. Hua høyrer til den tradisjonelle folkedrakta, og vart nytta både til kvardags og til fest. Alle gifte kvinner måtte dekka til håret, så dagen etter bryllaupsdagen fekk nykonene på seg kvithua. Hua fylgde dei resten av livet, og konene vart jamvel lagde i kista med kvithua på.

Skikken med kvithuene held seg til langt ut på 1900-talet, sjølv etter at den tidlegare folkedrakta gjekk ut or vanleg bruk. I dag er det slutt på å dekkja til håret på denne måten, men kvithuene er likevel å finna på enkelte gifte kvinner i bygdene, men no berre som hovudplagg til bunaden – altså til festbruk. På denne måten vert tradisjonen vidareført – om enn med endra innhald og meining.

Her er Ingeborg Rød saman med barnebarnet Åshild. Ingeborg sydde kvithuer (linhuer) i over 50 år.

Share to