Kiper

Havrå.Folk med laukiper på ryggen oppetter bakkane. Trehesjer. Fjord.

Kipe er ei fletta korg som kan berast på ryggen eller hengjast på hesteryggen. Den har vore brukt til å frakte høy, poteter, ved, eller gjødsel, og alt anna ein kunne, og måtte, bere på ryggen. Det var eigne kiper til gjødsel. Når ein skulle bera gjødsel var det om å gjera å bøya seg raskt ned og fram, slik at gjødselen for over hovudet og ut på marka, og ikkje landa andre stader.

Kiper brukt til potet-opptaking, saueull og halm på Havrå, Osterøy

Potet-opptaking på Havrå, hesjer med potetgras i bakgrunnen.
Saueklipping på Havrå. Her brukar dei ullkiper til å samle ulla i.
Frå Halmstålen på Havrå

I bratte vestlandslier har kipa vore eit særdeles viktig hjelpemiddel til langt inn på 1900-talet. Frå garden Havrå på Osterøy veit vi at dei fleste kipene tok 2,5 skjeppe (43.5l), men storakipene kunne ta 50-60 liter, eller meir. Desse vart helst brukt til høy og lauv. Borna fekk eigne kiper på kring 10 l, så kunne dei også delta på sitt vis i det daglege arbeidet. (B.G.Skre: Havråboka)

Materialer

Dei fleste laga kipene sjølve og brukte materialar frå eigen skog. Denne vart stelt slik at dei hadde gode emne til det som trongst vølast eller lagast nytt. Til kipene har det vore brukt både selje, einer og bjørketæger. Kipa har trebotn med hol til å feste spiler i. Denne måtte vera tunn slik at kipa ikkje vart for tung. I botnen er det hol til å stikke stakane. Under og over stakane flettar ein flate spiler. Desse må vera av ferskt materiale. Flettinga går i spiral og kipa skal vera vidare oppe enn nede. Den kan ha handtak eller anna forsterking som er festa til spilene, td. skinnreimer eller tau, for å kunne bere på ryggen.

Kiper på Osterøy museum

Under kan du lese meir om nokon Kiper frå samlinga på Osterøy museum, den grønmalte er ei fiskekipe frå Ole Bull sitt fiskeutstyr. Det var nok ikkje heilt vanleg at fiskekipene var måla, men vi veit at folk i lange tider har brukt å legge frisk torvmose i botnen av kipa når dei skulle bere fisk.

Kipe
Kipe
Korg

Add a comment or suggest edits

For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».

Leave a comment or send an inquiry

Share to