Fridtjof Nansen ved mikroskopet på Bergens Museum mens han forsket i nerveanatomi i studietiden, Bergen, 1887.
Fridtjof Nansen ved mikroskopet på Bergens Museum mens han forsket i nerveanatomi i studietiden, Bergen, 1887. Foto: Joh. v. d. Fehr/Nasjonalbiblioteket

Vitskapsmannen Nansen

Øygarden var slett ikkje ukjent for forskaren i hans utrøytelege arbeid med livet i havet, og det var tida på Vestlandet som la grunnlaget for den store vitskapsmannen han skulle bli.

Nansen tok til i jobben som konservator ved Bergen Museum då han var 21 år og tilbragte fem år her. Dette var ei tid då studier av naturressursane hadde høg prioritet og den maritime moderniseringa og utviklinga var framtredande i Bergen. Nansen var ein av initiativtakarane til å få oppretta den første eksperimentelle biologiske stasjonen i Norge, den opna på Marineholmen i 1892. Nansen arbeidde særleg med oppbygginga av nervesystemet hos lavareståande virveldyr. I 1888 var han ferdig med avhandlinga om sentralnervesystemet hos slimålen, som han forsvarte for doktorgraden, og han vart ein sentral person i framveksten av moderne havforsking. Interessa for zoologi og havforsking førte Nansen ut på Sotra og i Øygarden.

Kvalstudier opptok mykje av Fridtjof Nansen si tid i Bergen. "On the development of the dolphin" var ferdig i 1894, og var skriven i samarbeid med Gustav Guldberg, professor i anatomi ved universitetet I Kristiania. Guldberg og Nansen gjorde ei rekkje studier av den embryologiske utviklinga til ulike kvalarter. Dei undersøkte nise-foster, og påviste at desse fostera har ytre anlegg til bakbein, eit funn som vakte internasjonal oppsikt som eit nytt argument til diskusjonen rundt utviklingslæra. Avhandlingane vart ofte illustrert med vakre teikningar.

Trass mange ekspedisjonar til øyane rundt Bergen vart utferdstrongen for stor, og fire dagar etter at Fridtjof Nansen forsvarte doktorgraden sin i 1888, reiste han for å leie Grønlands-ekspedisjonen.

Nansen si teikning av eit 408 mm langt kvalfoster. Guldberg og Nansen, 1894.

Nansens vannhentar

Vannhentarar er mykje brukt i havsforskninga til å ta opp vannprøver. Den mest brukte vannhentaren gjennom tidene er Nansens vendevannhenter, som ein kan senke ned til ønska djupne og lukke den ved at den svinger seg rundt et festepunkt på wiren den er opphengt i. Ofte er det festa eit termometer på. Fridtjof Nansen laga denne i 1910, og patenten er framleis i bruk, men i ein mer moderne versjon. Nansen slapp den opne flaska ned i vannet langs ein kabel. Når flaska så nådde djupet han ønsket vannprøver frå, slapp han eit blylodd langs kabelen. Loddet traff vannhenteren og flaska vart snudd opp-ned og lukka seg slik at vatnet vart fanga inne i flaska. Vendetermometeret som var plassert inne i flasken vart også snudd opp-ned, og viste då temperaturen i det augneblikket flaska vart lukka.

Order this image

Share to