main article image
Foto: Sølvi Vik

Dei viktige fiskarvottane

"Vanterne som de haver paa hænderne erer af js, ligesaa haarde, som de vare af Jern, saa det er et stort Guds under, at de ikke fryse hænderne af sig, men her er mange som fryser all deres hilsen og helbred af sig."

I 1591, altså for over 400 år sidan, finn vi det første som er skrive i Norge om fiskarvottar. Det var fogd Erik Schønnebøl som skreiv om Lofoten og Vesterålen. Folk hadde ikkje så gode klede som i dag, og som fogden påpeikar, var det nok mange som fraus seg alvorleg sjuke på den tida, både på land og på havet. Dei færraste av dagens befolkning har eit arbeid der ein må ha hendene i kaldt sjøvatn over tid, men dei fleste har opplevd å vere lenge ute ein vinterdag og komme inn med naglebit, og dei hugsar kor vondt det gjorde. I dag har alle gode, vasstette vottar både til jobb- og fritidsbruk. Til liks med resten av kleda er dei stort sett kjøpte og ofte laga av kunstfiber og industrielt framstilte.

Tidlegare vart alle former for klede tilverka i hushaldet og som regel av lokale råvarer. Kvinner har til alle tider produsert uunnverleg arbeidsutstyr for fiskarane langs kysten. Fiskarvottar, eller sjøvottar som dei òg blir kalla, er ein slik naudsynt og viktig del av fiskarutstyret. På Sotra og i Øygarden blir dei kalla vavette, av va (vad) som er fiskesnøre eller line, og vette, som er ei gammal fleirtalsform av ordet vott. Enkle, glattstrikka, kvite eller grå vottar har vore i bruk langs heile norskekysten, og dette er dei vanlegaste fiskarvottane. Dei skulle for det første halde kulden ute, for det andre skåne fingrane for harde påkjenningar om bord i båten og på bryggja. Det var difor viktig med sterke og passeleg tjukke vottar. Fiskarane brukte dei gjerne som børste når dei vaska fisken og reingjorde buken. Med slik dagleg bruk er det lett å skjøne at dette var plagg som fekk hard medfart. Det fanst ulike typar vottar til ulik bruk, arbeidsvottane ein brukte i arbeid med fisken, var litt tjukkare enn vottane ein rodde med. Valet av materiale, tilverking og form vart bestemt av funksjonen, og nøye tilpassa arbeidsoppgåvene.

Her har alle fiskarane på seg fiskarvottar i arbeidet med nota. Foto: A.B. Wilse/Norges Fiskerimuseum

Vottar og vevlingar

For fattige kvinner eller menn i byen og på bygdene kunne strikkinga vere redninga. Etterspørselen var stor, faktisk større enn produksjonsevna, og til langt utpå 1700-talet vart det importert mellom anna vottar. På denne tida kunne ein dyktig strikkar klare å lage mellom eitt og to par vottar per dag. Og då var det langt meir arbeidskrevjande vottar enn dei vi vanlegvis strikkar i dag, der masketalet stort sett er mellom 50 og 60. Vottar på 1600-, 1700- og 1800-talet hadde gjerne eit masketal på 170. Den ferdige votten kunne vere opptil ein halv meter lang og ha ein tommel som ein fekk heile neven nedi. Ein fiskar frå Nordland fortalde i 1961 at «garnvotten han far brukte, var så stor at då eg var liten, smatt eg heilt nedi votten med nerkroppen». Så snart jentene var gamle nok til å begynne å strikke, gjerne berre seks–sju år, kom mor med strikkepinnar og garn: «No, mor, e da på tide du lære deg å spøta!»

"En bondepige forklarede sig således for mig, at «når børnene begynde at læse, så begynde de også at arbeide», og hun havde da lært både at læse og strikke, da hun var 6 år. Der begyndes med små prøvekluder, så får den lille pige lov at strikke et par buxesæler til broder, så lærer hun at strikke på (nye fødder på et par gamle strømper), så den venstre strømpe med den høire til mål o.s.v. Da hun var 12 år, strikkede hun første gang et helt par, og sin første bundings-trøie fik hun gjort, da hun var 14 år. Men næsten til hun reiste hjemmefra, i 19 års alder, varede det moderlige tilsyn ved." (Sundt 1867)

Ein stor del av arbeidet for kvinnene var å tilverke klede. Dei brukte mykje tid på å karde, spinne, tvinne, strikke og tove for å lage ulike typar klede: genserar, sokkar og sjølvsagt dei viktige vottane. Alle vaksne menn hadde to par vottar, men på fiske trong dei tre–fire par. Desse vottane vart mykje brukte og utslitne i løpet av sesongen, så dei måtte ha minst to nye par i året. Fram til rundt 1900 var det vanleg med spøta vevlingar, ei lang, smal stoffremse som ein surra rundt handleddet og underarmen. Trøyeermene var gjennomvåte av sjøvatn og gnog mot huda, og det gjorde at fiskarane ofte var plaga med byllar ved handledda. Vevlingane hjelpte mot desse plagene. I Øygarden brukte fiskarane vevlingar av vadmål fram til 1880-talet, etter denne tida vart dei spøta i rettstrikk på to pinnar. Når vi legg til alle dei andre plagga som trongst, skjønar vi at det vart ikkje så reint lite strikking av det. Ikkje eingong om kvelden, når ein hadde kveikt i oljelampen og sett seg ned rundt bordet, var det fritid. Ein sat ikkje med hendene i ro i fanget, alltid var det eit arbeid som skulle gjerast, både for menn og kvinner.

Ho mor la spøt ferdig om kvelden nedmed senga, som ho skulle ta opp. Om morgonen høyrde eg at ho sette seg opp i senga og begynte å strikka. Eg høyrde strikkepinnane, men eg såg henne ikkje. Hadde ikkje råd til å tenna lys på heller, me måtte spare på olja. (Sofia Sæle, i Asphaug 1992)

Denne øygardsvotten har fått ei rift midt i sliteflata og er reparert med eit vove ullstykke som er sydd på. Det har gjort han endå meir slitesterk enn han var i utgangspunktet. Foto: Sølvi Vik

Heimeindustri

Fiskarvottar frå Øygarden, velbrukte og tova så dei knapt passar til ein vaksen mann. Foto: Sølvi Vik

Øygardskvinnene var nevenyttige og i stor grad sjølvhjelpne, og husfliden i heimane var svært mangearta. Både vaksne og barn var involverte i husflidsaktivitetane, og det var ei skam å ikkje arbeide dersom ein hadde høve til det. Arbeidet med tekstilane måtte innrettast etter fiskeria og arbeidet med jordbruket, men føregjekk meir eller mindre heile året. Om hausten og utover vinteren skulle ein spinne garn, strikke vottar og strømper og sy klede som mennene skulle ha med seg. Spinninga og vevinga tok omtrent like lang tid av arbeidsåret som fisket i Lofoten. Ein kombinerte ulike typar arbeid. «Den jenta som ikkje kunne bitte ein sjyvott-tommel med byggsuppa kokte, ho var nå kje nåkke,» sa folk i Lofoten. Kvinnene måtte prioritere det viktigaste, det mennene skulle ha med seg på båten, og det var ikkje reint lite.

Etter kvart var det fleire og fleire i bygdene som skaffa seg strikkemaskiner. Det var då heilt slutt på å strikke undertøy. Dei som hadde sauer, leverte ferdig spunnen, fin, tynn tråd til maskinstrikkarane og fekk att ferdige genserar og undertøy, og sokkelegger som ein kunne strikke foten på sjølv. Dei som hadde strikkemaskin, kjøpte mønster og fekk mange oppdrag. Mange sat oppe om natta og arbeidde for å bli ferdige. Det gav ikkje mykje pengar i kassen, men ein fekk nokre kroner til overs. Nokre av dei som strikka slik, hadde ikkje anna arbeid enn å strikke på oppdrag.

Ei anna form for heimeindustri var handstrikking. Særleg etter krigen var det mange som tok til å strikke for å levere til forretningar i byen. Dei handstrikka plagga hadde høgare kvalitet enn dei maskinstrikka. I Øygarden var det mange kvinner som gav strikka klede til basarane på bedehusa, særleg småplagg, som leistar og vottar. Slike plagg vart produserte på løpande band i mest alle heimar. Dei hadde fast utsalspris og gjekk raskt unna. Alle hadde behov for desse bruksplagga, og ein støtta ei god sak ved å kjøpa dei og elles ta lodd.

"Av ullgarnet strikka dei strømper og labbar. I vinterhalvåret gjekk alle med to par leistar, det vil seie dei gjekk med korte heimestrikka labbar utanpå lange heimestrikka strømper. Slik fotbunad var naudsynt, inne gjekk alle på sokkeleisten og golva var ofte enkle og kalde. Kalde var også treskorne som sto i bislaget. Karane måtte ha to par leistar i sjøstøvlane. Og dei måtte ha store sjøvottar til sildefisket. Kvart år måtte det strikkast nye vottar, dei krympa til det ugjenkjennelege i sildesjauen." (Martha Skjold, i Asphaug 1992)

Fiskarvottar på DigitaltMuseum

Share to