main article image
Musea i Sogn og Fjordane

Spelemannen på fela

I samlinga til Musea i Sogn og Fjordane, nærare bestemt på Sunnfjord Museum, finst ei hardingfele med ein noko spesiell dekor. Midt på botnen, der hardingfelene ofte har ei lita rose, er det i staden teikna ein spelemann. Kven er spelemannen og kva kan vera bakgrunnen for denne uvanlege dekoren?

Hardingfela vart gitt til Sunnfjord Museum i 2010. I følgje gåvebrevet skal første eigar av fela ha vore Johannes Nilsson, fødd på Sandalstrand i Jølster 13. juli 1873. Gåvebrevet fortel at han var ein flink spelemann og var mykje brukt til å spela i bryllaup og andre samkome. Han skal ha arbeidd som snikkar i Jølster før han reiste til Bergen rundt år 1900 for å finna seg arbeid. I folketeljinga 1910 finn me han tilbake på Sandalstrand, der han står oppført som gardbrukar med kona Ragnhild Halvorsdotter frå Voss og tre born. Foreldra til Johannes er oppførte med same bustad, truleg ein kårbustad på bruket. I nemnde gåvebrev kan me òg lesa at Johannes, etter å ha arbeidd i Bergen, skal ha flytta med familien til Voss «nokre år seinare». Dette skjedde truleg før 1912, ettersom far til Johannes, Nils Olsson, selde bruket på Sandalstrand til målaren Nikolai Astrup i 1912. Dette bruket er i dag betre kjent som Astruptunet. Gåvebrevet fortel vidare at Johannes Nilsson Sandalstrand busette seg på Mønshaugen på Voss og skal ha overtatt ein gard der.

Lat oss forlata Johannes Nilsson litt og ta ein nærare kikk på fela hans. For å finna ut meir om historikken til ei fele, kan det vera lurt å ta ein kikk inni ho. I fela til Johannes er det festa ein liten lapp på innsida av sargen («veggen» mellom loket og botnen i fela). På lappen står det «K. T. Aase. Felemakar. Voss». I tillegg står det nokre tal nedst som er litt vanskelege å tyda, men kan vera årstalet 1927. Alternativt kan det vera eit slags produksjonsnummer.

«K. T. Aase» er truleg felemakaren Kristoffer Torbjørnsen Åse (1879–1927) som budde på Voss, men opphavleg kom frå Strandebarm i Hardanger. I ein rapport om dei norske instrumentbyggartradisjonane frå 2009, står det at Kristoffer Torbjørnsen Åse var kjend for «å lage rimelige og greie feler som fikk stor utbredelse som bruksinstrumenter blant amatørspelmenn i vossebygdene. Han var trolig den første profesjonelle felemakeren på Voss». Dette kan stemma bra med fela etter Johannes Nilsson, så det er truleg Kristoffer T. Åse som er felemakaren. Men dersom årstalet på lappen stemmer, må fela vera ei av dei siste han laga.

Då veit me altså litt om opphavet til fela og har ei aning om korleis ho hamna hos Johannes Nilsson Sandalstrand, ettersom han etter kvart busette seg på Voss. Men kva med den underlege dekoren?

For å koma nærare eit svar, gjer me først eit lite hopp til spelemannen Ola Mosafinn (1828–1912) frå Voss. I folkemusikksamlaren Arne Bjørndal si bok om Ola Mosafinn frå 1922 finn me følgjande skildring:

Daa Mosafinn var slokna, vart det straks vidspurt utyver alt landet. Han hadde eit kjent og vyrdt namn. Og ei mengd med blad i bygd og by hadde minneord um honom som avliden var. Det var ei stor saknaddaude for mange; og dei som kjende Mosafinn og hans kunst, tok i mot avferds-fretti med sorg.

Som sitatet over viser, var Ola Mosafinn ein kjend spelemann i si samtid. På 1870-talet spela han for den dåverande kronprinsen, seinare kong Oscar II, då han reiste gjennom Voss. Mosafinn spela òg for både Edvard Grieg og Ole Bull som begge roste spelet hans. Dei møttest fleire gonger og Ole Bull skal seinare òg ha lært feleslåttar av Mosafinn. På byrjinga av 1890-talet var Mosafinn to turar til Amerika og heldt fleire konsertar der. I følgje Arne Bjørndal kom Mosafinn heim att med «mykje æra og ikkje so lite gull». Dei siste leveåra heldt han seg stort sett på Voss, men deltok på kappleik i Bergen så seint som i 1906. Då han døydde i 1912 vart det først reist ein bauta på gravplassen hans, før det seinare kom opp eit minnesmerke på Vossevangen, «Ridande Vossabrudlaup» av Nils Bergslien, som kan sjåast den dag i dag.

Men kva har så Ola Mosafinn med «vår» fele å gjera?

Under ser de eit eksemplar av eitt av dei mest kjende fotografia av Ola Mosafinn:

Fotograf: Per Eikenes / Eigar: Universitetsbiblioteket i Bergen

Når me samanliknar dette fotoet med teikninga på botnen av fela til Johannes Nilsson, verkar det svært truleg at akkurat dette fotoet er modellen for teikninga og at spelemannen på fela truleg er Ola Mosafinn. Detaljane er forenkla, men me kjenner tydeleg att bunaden, sitjestillinga og måten han held hardingfela. Likskapen i utføringa av dekoren som omkransar teikninga og dekoren på fela elles, kan tyda på at det er same person som står for både feledekor og teikninga. I så fall er teikninga truleg påført då fela var nokså ny. Dette fotoet av Mosafinn vart òg brukt i Arne Bjørndal si bok frå 1922 og kan slik ha vore tilgjengeleg for teiknaren mot slutten av 1920-åra.

Me tok kontakt med felemakar Sigvald Rørlien på Voss for å høyra om han kunne hjelpa oss nærare eit svar på spørsmåla våre. Han stadfesta at fela er laga av Kristoffer Torbjørnsen Åse, at det truleg er Ola Mosafinn som er teikna på baksida og at årstalet nok er 1927. Rørlien fortalde òg at han har sett ei anna Åse-fele med liknande motiv og at det truleg er Kristoffer T. Åse som står for denne dekoren. Det var altså ikkje berre Kristoffer T. Åse sjølv som teikna denne teikninga, men han gjorde det òg på fleire feler. Rørlien kunne ikkje seia kvifor Åse sette Mosafinn på felene sine, så me kan berre spekulera i bakgrunnen for dette valet av dekor. Gjorde Åse det for å heidra sambygdingen Mosafinn? Me har elles stadfesta av Mosafinn var nokså kjend i si samtid, så kan det rett og slett ha vore ein «salsgimmick»?

Om fela sin vidare lagnad fortel det tidlegare omtala gåvebrevet at systerson til Johannes Nilsson, Tollef Ripe, laga ny felekasse til Johannes kring år 1920 (truleg til ei anna enn «vår» fele, dersom byggeåret er 1927). I 1948 arva Tollef fela etter Johannes og skal ha bruka ho mykje. Då Tollef døydde i 1989 overtok sonen fela og gav ho seinare til Sunnfjord Museum med ønskje om at ho skulle verta godt tatt vare på for ettertida. Historia om den særskilde dekoren gir ein ekstra dimensjon til museet si forteljing om fela til Johannes Nilsson Sandalstrand.

Kjelder

Eit utval hardingfeler ved Musea i Sogn og Fjordane

Musikkinstrument ved Musea i Sogn og Fjordane

I denne mappa har me samla musikkinstrumenta i samlingane til Musea i Sogn og Fjordane.

Order this image

Share to