Ludvig Eikaas sine portrett

Dette er ei historie om blikk. Det å sjå og verte sett. Det å vere nokon. Det å verte verdsett. Det er biletkunstnaren Ludvig Eikaas (1920-2010) som ser. Dei fleste portretta vart laga på eige initiativ, og syner difor kven han såg på som interessante. I valet av personar fortel han òg mykje om seg sjølv. Kva slags menneske var han oppteken av? Det er biletkunstnarar, musikarar, forfattarar, professorar, direktørar, kunsthistorikarar og galleristar. Mektige personar innanfor kulturlivet, menneske på line med han sjølv. Ofte var dei omgangsvener. Han skildra òg eigen familie og personar i Jølster og på Tysnes som han sette høgt.

Av dei om lag 850 kunstverka i Eikaassamlinga er om lag 300 portrett, det vil sei meir enn ein tredjedel av samlinga. Av desse er 68 sjølvportrett og 26 av familien. 116 er av menneske som har prega kultur- og samfunnslivet i Noreg frå 1950-talet fram til 1990-talet. I samlinga finn vi òg 18 portrett laga på oppdrag. I 38 av portretta er personen enno ikkje identifisert. Dei fleste portretta er ferdige verk, nokre er skisser.

Det eldste portrettet i samlinga er tresnittet "Portrett av min far" (EG-0064). Det vart skore i 1943 medan Eikaas gjekk på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. Dette portrettet synes å ha røter i nokre av Nikolai Astrup sine svartkvite tresnitt. Skjeringa er grov og rask, uttrykket enkelt. Vi ser faren i heilfigur som arbeider i skogen. I motsetnad til i dei fleste av Eikaas sine portrett, får ein her innblikk i kvardagen til den portretterte.

Portretta av familien stammar for det meste frå tida rett før og etter 1960. Da skildrar han både sonen Stig og stedottera Siri. Det eldste portrettet vi har av Synnøve er måleriet frå 1959, og det eldste daterte sjølvportrettet i samlinga er frå 1961. I tiåra etter skildra han seg sjølv og Synnøve med jamne mellomrom.

I 1967 synte Eikaas fram ei rein portrettutstilling i Nasjonalgalleriet i Oslo og eit par år seinare stilte han ut ein god del portrett i høve Festspelutstillinga i Bergen. Eikaas var no ein veletablert og akta portrettkunstnar. Kanskje var han på toppen av si portrettkarriere, men han lagde mange fengande portrett òg etter det, heilt fram til 1991.

Nokre utvalde portrett og sjølvportrett frå Eikaassamlinga

Portrett av min far [Grafikk] Daniel Eikaas (1894-ukjend dødsår), far til Ludvig Eikaas og bonde på Østenstad i Jølster. Eikaas, Ludvig
Kunsthistorisk magister Haaken Christensen [Grafikk] Haaken Andreas Christensen (1924-2008) var magister i kunsthistorie, gallerist, kunsthandlar og kunstsamlar. Han dreiv Galleri Haaken i Oslo frå196... Eikaas, Ludvig
Håkons-hallen 1961 [Grafikk] Eikaas, Ludvig
Synnøve [Maleri] Synnøve Anker Aurdal (1908-2000) var ein norsk tekstilkunstnar og gift med Ludvig Eikaas frå 1950. Ho var ein pioner i arbeidet med å få biletvev godkjend som ein fullverdig fri kunst... Eikaas, Ludvig
utflyttet -- Jølstring Ø. Viken [Grafikk] Eyvind Viken (1918-2004) frå Jølster hadde ei lang yrkeskarriere i offentlig sektor og var fagleg aktiv både i NTL og NKF. Han var med på å stifte Sosialistis... Eikaas, Ludvig
Ludvig Eikaas, Jimmy Carter [Skulptur] James (Jimmy) Earl jr. Carter (1924) er ein amerikansk politikar (demokrat). Son av ein peanøttbonde. Han vart USA sin 38. president i 1977. I presidentperioden ... Eikaas, Ludvig
Selvportrett med slips [Grafikk] Eikaas, Ludvig
Lisje Knut [Grafikk] Knut Sandal var spelemann i Jølster Eikaas, Ludvig
Jeg Ludvig Eikaas [Grafikk] Eikaas, Ludvig

Fleire portrett frå Eikaassamlinga på DigitaltMuseum

Eikaasportrett i andre samlingar på DigitaltMuseum

Mapper om portrett på DigitaltMuseum

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to