Populær påskepynt
Populær påskepynt

Prøv eit påskebroderi

Er du på jakt etter nye måtar å aktivisere familien gjennom heimepåsken? Prøv eit påskebroderi! Finn inspirasjon i desse påskemotiva frå 1950–80-talet, alle frå Oslo-firmaet Gunnar Pedersen AS.

Tekstilindustrimuseet har overteke bedriftsarkivet og tekstilar etter ei av dei store norske broderibedriftene i siste halvdelen av 1900-talet. Store delar av mønsterarkivet etter bedrifta er digitalisert, og er tilgjengeleg for alle broderiinteresserte. Mønstera er frie til ikkje-kommersiell bruk.

God påske!
Reklamefoto av brodert påskeduk i interiør, publisert i Norsk Ukeblad. Sydd med moulinegarn på lin.
Løper Gunnar Pedersen A/S
Løper Gunnar Pedersen A/S
Løper Gunnar Pedersen A/S
Løper Gunnar Pedersen A/S

I over 70 år selde Oslo-bedrifta Gunnar Pedersen A/S (1915-86) broderimønster i butikkar og vekeblad som Allers, Norsk Ukeblad og KK. Jul og påske var også høgtidene i mønsterproduksjonen, og difor finn vi mange slike mønster i arkivet.

Etter kvart vart firmaet ein viktig leverandør av mønster, garn og broderiutstyr i Noreg, og fekk også eit omfattande kundenettverk i utlandet. Varemerka Design Gunnar P, Laila og St. Georg har sitt sett preg på norsk broderi og -handarbeidshistorie, men bedrifta er kanskje aller mest kjend for dei mange mønstera i klostersaum den lanserte på 1970-talet.

Finn ditt påskebroderi her:

Les meir om broderibedrifta Gunnar Pedersen AS

Share to