Hvalbyhaugen, - første bygning på Lands Museum

Huset vart freda i 1924, og 11 år seinare gjenreist som Lands Museums første bygning. Korleis kom det til museet? Kven har budd der og kva for historier kan det fortelle oss?

Historia

Opphaveleg sto dette huset på Hvalbyhaugen i Hov i Søndre Land. Hvalbyhaugen, eller berre Haugen som også vart brukt, var ein plass under garden Søndre Hvalby. Både namnet på hovudgården og plassen skrivast på ulike måtar: Kvalby, Hvalby og også Valby. Det skal i følgje kapittelet om stadnamn i Boka om Land bind II bety Kvalpegården og viser til at den ein gong låg under garden By i Hov.

Den veksla mellom å være ein husmannsplass og ein sjølveid plass. Verdien av plassen auka på 33 år, mellom 1736 til 1769, frå 40 til 200 riksdalar. Noko som er ein kraftig auke sjølv om ein tar omsyn til vanleg prisauke. Det ser ut til å ha vore ein attraktiv plass som var gjenstand for avtaler og bytehandel litt utanom det vanlege.

Huset vart bygget i rundt 1740. Det består av to rom over to etasjar, men det er berre dei to romma i første etasje som var meint som opphaldsrom. På loftsdelen var det ein enklare og «luftigare» lafting. Der er det eit rom for oppbevaring av kle og eit pulterkammer. (Definisjon på pulterkammer: Rom for rot og ting ein ikkje brukar, gjerne på loftet).

Skorsteinen var mura opp i det minste rommet, kjøkkenet, med ein stor open peis. Peisen har ei bua opning på baksida, ut mot det andre rommet. Denne kunne opnast og har fungert som ei lyskjelde i stuerommet. Huset har preg av aner tilbake til mellomalderen.

Det er i utgangspunktet eit uvanleg hus på ein husmannsplass. Husmannsstuene var gjerne berre i ei etasje. Kor mange bustadhus var det på Hvalbyhaugen frå byrjinga av? Først i 1865 blir det oppgjeve at det var to. Er dette huset det første eller har det blitt flytta til Hvalbyhaugen frå ein anna plass? Her er det mange spørsmål utan svar.

Maleri, ca. 1970. Arvid Arnesen

Eit freda kulturminne

27.februar 1924 vart vedtaket om å frede bygningen vedtatt. Ved fredinga ga Den antikvariske bygningsnemnd denne omtalen av Hvalbyhaugen: «Paa gaarden staar en gammel to-etages stuebygning av laftet upanelt tømmer, med sideordnede rum og svalgang med høit rækverk utenfor overetagen paa den ene langsiden; i 1.etage er der i den ene gavlvæg bevaret et gammelt vindu.»

I Riksantikvarens grunngjeving står det: «De kulturhistoriske verdiene ved bygningen er særlig knyttet til bygningens alder, utforming og autensitet. Formålet med fredningen er å bevare stuebygningen frå Kvalbyhaugen som et bygningshistorisk og kulturhistorisk viktig eksempel på en bygning fra Land med alderdommeleg utforming og høg autensitet».

I 1931 vart huset tilbudd museet. Det vart tatt ned i 1933 og lagra medan ein venta på ei endeleg avgjersle om kor Lands Museum skulle plasserast. Her var det fleire alternativ, så det tok si tid. Men, den 14.juli 1935 stod det klart som det første gjenreiste huset på Lands Museum. For å feire høvet vart det arrangert stemne og innviingsfest på museet. Dette var ein viktig milepåle i museet si historie, ei stor folkemengd var møtt frem og det var talar og høgtideleg overrekkingar.

I arkivet finn vi rekneskapen for flyttinga av bygningen som viser at det heile kom på ein pen sum av 981 kr og 88 øre. Det tilsvara i dag omtrent 37 000 kr. Ved oppsettinga på museet vart stua tilbakeført til tidlegare utforming med plassering av trapp i søre enden av huset, og svalgang også i første etasje ved trappeoppgangen. Dette vart ikkje godtatt av riksantikvaren og trappa vart flytta tilbake slik huset stod då det vart tatt ned i 1933. Etter oppsettinga på museet har det vore nødvendig og sette opp støttestolper for svalgangen i andre etasje. Dei eine vindauget med småruter var originalt frå nedtakinga. Dessverre har det vore gjenstand for på hærverk og ruteknusing, og det er få originale ruter att. Huset blir på museet vist fram som ein del av eit gardstun i Land på 1700-1800-tallet. Hvalbyhaugen er då kårhuset kor dei eldste på garden budde. Slik var det mest sannsynleg brukt deler av tida når det stod på Hvalbyhaugen også.

Planteikning. Laga ved flytting av bygningen.
Snitteikning. Laga ved flytting av teikningen.

Kven har budd på Hvalbyhaugen?

Plassen har tydelegvis ein lang historie. Allereie ved manntalet i 1666 blir det nemnd to plasser tilknytt garden Hvalby, truleg er den eine Hvalbyhaugen. Det første personen som ein kan dokumentere på plassen er Lars Knudsen. I 1736 låne han pengar til gardbrukaren på Hvalby, Christen Christophersen. 40 riksdalar var lånet på. For dette fekk han «retten til å bruke plassen Haugen under Kvalby, samt sæteren Svarthølen, og videre skulde han ha rett til i gården Kvalbys skog å nyte den til Haugen fornødne havning, brenne og gjerdefang, risbrudd med videre». Lars skulle ikkje betale noko avgift av plassen Haugen men «ha den som brukelig pant, uigjenløselig i 27 år, og siden sålenge til den nevnte pantesum er betalt til ham selv eller hans arvinger».

Knudsen vart ikkje i tjuesju år, berre i fire. I 1740 selde han rettigheitene vidare til Tosten Einarsen Hov (1704-1773) som var gift med Mari Nielsdatter for 80 riksdalar. Dei fekk fire born: Endre 1742, Anne 1745, Anne 1755 og Peder 1757. Torsten jobbet i militæret som sersjant. Han tok opp to lån med det formålet om å kjøpe plassen. Det han pantsette var sine rettigheiter til Hvalbyhaugen og setra Svarthølen. Han makta tydelegvis ikkje å overhalde lånene, og rettigheten til plassen gjekk dermed tilbake til hovudgarden som då var kjøpt av Jacob Olsen frå Bjørlien i 1748.

Frå 1751 fekk Ansten Michelsen og Gunild Andersdatter bygsel på Hvalbyhaugen. I bygselsseddelen datert 19.juli 1751 frå Jacob Olsen Hvaleby står det: «…på de Conditioner at de årlig svarer mig du i Husleie 2 rd 2 f i penger eller arbeide dessuten skal de vare forbundet når jeg eller anden at dem fornødiger, enten vinter eller sommer, de da fremfor nogen fremmet hos mig skal arbeide, og derfor nyde billig betaling, som hos andre, hvormodt Ansten M. og hustrue skal nyde fornøden brendeved, ligesaa til deres paa pladsen bestaaende husers Reparationer udi min til gaardens tilhørende skoug paa de steder jeg til dem samme udviser, men hvad sig angår Løving eller anden årvirke udi bemeldte min eiendom, maa de aldeles ikke befatte sig med uden mit ja og samtykke. Likeledes maa de være lydig og troe baade udi ord og gjærninger, og såfremt dette ikke overholdes skal de ha plassen forbrudt»

I 1763 blir garden Søndre Kvalby seld til Johannes Christensen Brenna på 1000 riksdalar. Han seljer garden igjen, like etterpå for 1060 riksdalar, men beheld sjølv retten til bruken av plassen Hvalbyhaugen. God forretningssans måtte han ha hatt og tente godt på den handelen. Paret som hadde bygsel på Hvalbyhaugen måtte nok då flytte ut. Vi finn dei igjen som tenestefolk på Søndre Hvalby i 1767.

I perioden 1772-1781 skal Lars Pedersen Bye (Kleven) har vore på Hvalbyhaugen. Det er ikkje så mykje dokumenter som fortel om han og kva han gjorde på når han bydde på Hvalbyhaugen.

Frå 1781 finn vi urmakar Lars Simensen (1723-1785) på Hvalbyhaugen saman med kona Anne Haraldsdatter Bjørlieie. Dei fekk barna: Simen 1751, Berte 1754, Karen 1759, Maria 1762, Lars 1766, Simen 1769. Då Lars dør i 1785 var det svigersonen Peder Olsen som overtar. Han var gift med Berte, dottera til Lars og Anne. Plassen blir seld vidare til Ole Hansen Grette i 1786, han seljer vidare til Hans Nielsen (1760-1803) og Sigrid Olsdatter, i 1787 (folketeljing i 1801 bur Hans med sin kone Sigri og sin 8 år gamle son Ole Hansen på Hvalbyhaugen. I folketeljinga står han oppført som husmann med jord, men skjøtet mellom Ole Hansen Grette og Hans Nielsen tilseier at plassen var sjølveid.

Ole Hansen Kvalbyhaugen (1793-1841), som var 10 år når faren dør, bur truleg vidare på plassen saman med si mor Sigri og overtar etterkvart drifta. Han vart gift med Lisbeth Nielsdatter Haug i 1825. Dei hadde fem barn: Andreas 1825, Niels 1828, Sesilia 1830, Johan 1836 og Nikoline Olava 1840.

Andreas Olsen (1825-) overtok plassen då hans far døde i 1841. I folketeljinga frå 1865 finn vi han ugift og utan barn på Hvalbyhaugen. Likevel var det to bustadhus og ni personar til saman.

Blant anna budde Andreas sine to systrer, Sesilia og Nikoline Olava Olsdatter, der. Det står oppført at dei hjelpte til på garden. Sesilia hadde fått ein gut utan å vere gift og han budde også på Hvalbyhaugen. I tillegg til dette budde det også ein skomakar, ein skreddar med to læredrenger og ein smed på plassen.

Sesilia gifter seg etter kvart med Olaus Pedersen (1853-), og dei overtar plassen. Sesilia dør av kreft i 1896 og Olaus gifter seg på nytt i 1897 med Mari Olsdatter Dalby (1843-), og det er dei som er drivarar av garden ved folketeljinga i 1900. Framleis bur Kristian Olsen, Sesilia sin son, og Nikoline Olava på plassen. Kristian med føderåd i hovudbygningen og Nikoline Olava i føderådsbygning. Begge med eigne midlar. Vi reknar med at det er vår bygning, også nemnd som «Gamlestua» er føderådsbygningen på denne tida. Ein finn også dokumentasjon på at Kristian blir erklært umyndig på grunn av ringe aansevner. Dette i ein alder av 42 år og same år som mora dør. Det forklare kvifor han som voksen mann er ugift og bur saman med stefar og stemor i Hvalbyhaugen.

Mari Olsdatter Dalby overfører til slutt plassen til sin nevø Ole P. Dalby i 1922.

Hvalbyhaugen på Digitalt Museum:

Bilete frå før flytting og skildring av slik den framstår på museet i dag.

Kjelder

Lands Museums arkiv: Gardsmappe for Hvalby gnr. 64 Kolsrud, Oluf og Reidar Th. Christiansen, 1952: Boka om Land, Bind II. Fra gamle dager. Schilbred, C.S, 1962: Boka om Land, Bind III. Gårdshistorie for Søndre Land

Share to