main article image

Elefanten fra Moss

Øyvind Andersen

I Moss by- og industrimuseums samling er Peterson-elefanten å finne på fleire gjenstandar, på trykksaker og dokument.

Elefanten er også på denne brune flaska som vart lansert i august 1983 og markerte 100 år med celluloseproduksjon i Moss. Men det er ikkje berre denne historia og elefanten som gjer den interessant: Glasemballasjen er produsert av Moss Glasværk AS. Innhaldet, eller pilsen i flaska er tappa av Moss Bryggeri. Tre tidlegare hjørnesteinsbedrifter er slik representerte i gjenstanden. Etiketten illustrerer elefanten til M. Peterson & Søn med tømmerstokken i snabelen. Det er nesten som ein vil tru at ein blir sterk av å drikke elefant-pilsen? Kraft er det berande elementet i logoen - ein metafor for arbeidet, produksjonen og produkta som fabrikken leverte.

Det var i 1930 elefanten vart valt som symbol på kraftpapiret til M. Peterson & Søn. Logoen vart fødd gjennom ei teiknekonkurranse, og Gotfred Rønning sitt utkast av ein elefant, pusla saman av bokstavane MOSS, vann. Elefanten symboliserer viktige verdiar som klokskap, styrke og uthald. Internt i verksemda vart den brukt som ein samlande metafor på det sterke og hardtarbeidande fellesskapet. «Elefanten har det travelt» stod det å lese i konsernsjefens leder i internavisa Kraftnytt i 1995. Ordreinngangen for 1994 hadde vore bra, og ein måtte fortsette det høge tempoet og utnytte dei gode tidene.

Den robuste elefanten er Peterson-konsernets logo den dag i dag. At den også blir kalla for «Mosse-elefanten» og i omarbeidde versjonar blir brukt i marknadsføring av kulturelle aktivitetar, gjer den også i dag til eit sterkt og identitetsskapande symbol for byen Moss.

Bjørg Holsvik, konservator – Moss by- og industrimuseum

Artikkelen er hentet fra boken "Ting & Tang" fra Østfoldmuseene.

Order this image

Share to