Smijernsbeslag Borgund
Smijernsbeslag Borgund Anne Marit Noraker

Smijernsbeslaga på Borgund stavkyrkje

Ikkje så langt frå Urnes finn vi Borgund stavkyrkje. Det er vel inga overdriving å seie at denne kyrkja har gitt oss det allmenne bilete av kva ei stavkyrkje er – og korleis ho skal sjå ut.

Når det gjelder smijernsbeslaga her er dei i familie med beslaga i Urnes, og tilhøyrer ei gruppe som Torill kallar «drakehovudbeslag». Dette er fordi dei har «drakehovud» stikkande ut frå hjørna. Også gangjerna er av same typen som i Urnes (samt i Hopperstad, og dei to rivne kyrkjene Stedje og Hafslo). Mange av stavkyrkjene i Indre Sogn har derfor hatt jernbeslag av same type.

Når det kjem til sjølve prøvetakinga, vart det noko meir utfordrande i Borgund enn i Urnes, av den enkle grunnen at allereie i mai kjem svært mange turistar hit, mykje meir enn til Urnes.

Heldigvis let dei tilsette i Borgund Torill og temaet stenge vestdøra, slik at temaet fekk arbeide i fred. Og takk for det. Dermed fekk vi det vi var ute etter: ein liten bit av beslaget.

Forskningsprosjektet smijern i mellomalderen

Artikkelen er del av forskingsprosjektet «Smijern i mellomalderen – gamalt handverk, ny kunnskap». Tidlegare direktør ved Valdresmusea, Torill Thømt, driv smijernsprosjektet saman med ekspertar frå heile landet. Ei gruppe med kunsthistorikarar, arkeologar og smedar har i fellesskap undersøkt jernet og smikunsten frå mellomalderen. Prosjektet bygger på eit langt engasjement for smijern i dei norske mellomalderkyrkjene.

Eit stort prosjekt involverer gjerne mange menneske, mykje reising og etterarbeid. Slik prosjekt kostar pengar, og heldigvis har vi fått støtte frå fleire gode medspelarar. Forskningsprosjektet er støtta av Sørli-legatet, Riksantikvaren, DNB Sparebankstiftelsen, Bergesenstiftelsen, Kulturdirektoratet og Valdresmusea.

Les meir her: https://digitaltmuseum.no/0211814742885/jernanalyser

Borgund Anne Marit Noraker
Borgund Anne Marit Noraker
Tekniske undersøkinger av smijernet på Borgund stavkirke Torill Thømt
Tekniske undersøkinger av smijernet på Borgund stavkirke Torill Thømt

Order this image

Share to