Blindheimsvik landhandel ved Norsk vegmuseum
Blindheimsvik landhandel ved Norsk vegmuseum Norsk vegmuseum

Blindheimsvik landhandel: Næring, heim og lokalsamfunn

Blindheimsvik landhandel formidlar ein spennande historie om norsk samferdsel og vegtrafikk. Mellom 1952 og 1970 var butikken i drift på Vigra i Møre og Romsdal, og der var den ein naturleg del av bygdesamfunnet. I 1990-åra vart heile landhandelanlegget flytta til Norsk vegmuseum, der bygningane gjenopna i 2007. I sommarsesongen kan besøkande ved museet oppleve både butikken, bustaden og tilhøyrande uthus.

Byhandel og landhandel

Omgrepet landhandel viser til varehandel som går føre seg utanfor byane – det vil seie på landsbygda eller i mindre bygdesamfunn – og gjerne med eit breitt varesortiment retta mot dagleglivets behov. Skiljet mellom byhandel og landhandel går tilbake til tidleg moderne tid, med røter i eit strengare regulert samfunn prega av privilegieordningar og monopol knytt til byane.

Frå 1500-talet og framover, under unionstida med Danmark, var handelen i Noreg regulert gjennom privilegiesystemet der byborgarar hadde einerett på handel innanfor sine jurisdiksjonar. Dette innebar at befolkninga på landsbygda måtte handle med godkjende kjøpmenn i dei nærmaste byane, og ikkje kunne drive fri handel med kvarandre. Formålet med dette systemet var å sikre skattlegging, kontroll med varestraumane og vern om byborgarskapet sine økonomiske interesser.

Denne ordninga vart etter kvart utfordra av praktiske og geografiske tilhøve i Noreg. Lange avstandar, dårleg kommunikasjon og eit spreitt busetjingsmønster gjorde det vanskeleg, og dels urimeleg, å tvinge bygdefolk til å handle berre i byane. Frå 1700-talet vart det derfor gradvis opna for handel utanfor bygrensene, men slik verksemd var framleis strengt regulert.

Landhandel som sosial møteplass

Utover 1800-talet vart dei gamle privilegia gradvis avvikla. Ein viktig milepæl kom med Handelslova av 1842, som opna for meir handel på landsbygda. Dette la eit grunnlag for etableringa av den klassiske landhandelen: små, privatdrivne butikkar som selde eit breitt utval varer til lokalbefolkninga. Desse landhandlane kombinerte gjerne detaljhandel med oppkjøp av lokale produkt, og dei fungerte ofte som mellomledd mellom bonden/fiskaren og marknaden.

Landhandelen fekk med dette ein viktig funksjon i utviklinga av norske lokalsamfunn. Den formidla varer, og fungerte samstundes som møteplass og informasjonsknutepunkt. I tillegg spegla landhandelen framveksten av ein ny samfunnsstruktur der bygdene i aukande grad vart knytte til nasjonale og internasjonale handelsstraumar.

Ordninga med landhandel heldt seg sterk gjennom store delar av 1800-talet, og også gjennom første halvdel av 1900-talet. På slutten av 1900-talet fekk landhandlarane konkurranse frå andre former for detaljhandel, sentralisering og bilbasert infrastruktur. Desse faktorane bidrog til at mange landhandlarar la ned drifta i denne perioden.

Artikkelen held fram under biletet.

Blindheimsvik landhandel ved Norsk vegmuseum Norsk vegmuseum

Blindheimsvik: Frå sjøkant til vegkant

Landhandlarar har eksistert i mange lokalsamfunn rundt omkring i Noreg, mellom anna på øya Vigra i Møre og Romsdal. På midten av 1900-talet, då øya hadde om lag 1500 innbyggjarar, var heile ni landhandlarar i drift på Vigra. Dette seier mykje om kor viktig slike handelsverksemder var for lokalsamfunna i ei tid då transport og kommunikasjon framleis var avgrensa, då kvar bygd måtte dekke sine eigne behov. Éin av desse landhandlane var Blindheimsvik landhandel, som i dag blir bevart på Norsk vegmuseum.

Blindheimsvik landhandel har sitt opphav i eit eldre handelsutsal, kalla «Vikebuda», som låg heilt nede ved sjøkanten i Blindheimsvika på Vigra. Der kunne både varer og kundar kome med rutebåt. Dette var typisk for landhandelen på Vestlandet fram til midten av 1900-talet, då sjøtransporten framleis var den viktigaste ferdselsåra for folk og varer.

I 1952 skjedde eit skifte: Olav Blindheimsvik tok over handelsverksemda frå faren sin, og han flytta samstundes drifta opp frå sjøen til huset sitt ved vegen – omkring 400 meter frå den gamle kaia. Denne flyttinga speglar ei større utvikling i samferdsla på Vestlandet i etterkrigstida. Bygginga av nye vegar, bruer og tunnelar gjorde det mogleg å flytte trafikk og handel over frå sjø til land. Dermed gjekk mange landhandlarar frå å vere orienterte mot fjord og kai til å vende seg mot det veksande vegnettet.

Heim og arbeidsplass

Blindheimsvik landhandel var ikkje berre butikk. Olav og kona Olga kombinerte drifta med fleire andre inntektskjelder. Dette var heilt vanleg i distrikts-Noreg på denne tida. Olav dreiv transportverksemd med lastebil, og dei heldt også husdyr. Dei økonomiske vilkåra for små handelsverksemder var ofte tronge, og mange landhandlarar var avhengige av fleire bein å stå på. Dette vart ofte gjort gjennom jordbruk, fiske eller tenesteyting.

Landhandelen var tett vevd inn i kvardagslivet. Blindheimsvikhuset fungerte både som bustad, arbeidsplass og sosial møteplass. Olga og Olav hadde ikkje eigne barn, men dei leigde inn hjelp til både butikk og anna arbeid. I mange tilsvarande heimar i distrikta var det vanleg at heile familien deltok i drifta. Barn kunne hjelpe til i butikken eller med dyrestell, og grensene mellom privat og offentleg liv var ofte flytande. Kombinasjonen av heim, arbeid og samfunnsrolle var eit særtrekk ved mange landhandlarar.

Inventaret frå Blindheimsvik fortel også ei historie. Møblane i landhandelen var solide, og ofte norskproduserte, og mange av møblane er bevart i god stand. Dette illustrerer kvaliteten på møblane, og det er også eit bilete på haldninga om å ta vare på det ein hadde. I 1960-åra var landhandelen blant dei første på øya som skaffa seg fjernsyn. TV-en vart eit samlingspunkt i bygda, der folk kom for å sjå sendingar i lag. Slik speglar interiøret ved Blindheimsvik også eit tidsbilete av etterkrigstidas velstandsauke og nye teknologiar.

Trass i at Vigra er ei relativt flat øy utan eigen vasskraft, fekk øya tidleg tilgang til straum gjennom eit interkommunalt samarbeid. Dette gjorde det mogleg for butikkar som Blindheimsvik å ta i bruk elektriske hjelpemiddel og å tilby kjølevarer. Elektrifiseringa er også eit bilete på moderniseringa av Noreg, der tilgang til straum i mange bygder skapte nye moglegheiter innan handel og hushald.

Artikkelen held fram under biletet.

Olav Blindheimsvik dreiv transportverksemd med lastebil. Lastebilen blir bevart ved Norsk vegmuseum Ford USA / Norsk vegmuseum

Avvikling og bevaring

Blindheimsvik landhandel vart driven i denne forma frå 1952 til 1970. Olav Blindheimsvik gjekk då bort etter lengre tids sjukdom. I 1970 hadde også endringar i infrastruktur, forbruksmønster og handelsstruktur gjort det vanskeleg for små sjølvstendige butikkar å halde fram.

Etter nedlegginga fortsette Blindheimsvikhuset å fungere som bustad for Olga. Då ho vart enke, flytta også søstera inn i huset. Dei to søstrene budde ilag fram til eldstesystera gjekk bort i 1990. To år seinare gjekk også Olga bort, og huset vart då ståande tomt.

Norsk vegmuseum kjøpte Blindheimsvikanlegget i 1995, og då starta prosessen med å flytte hus, bil og uthus frå Vigra til Fåberg. Her har butikken vorte rekonstruert med tidsriktig interiør, og Blindheimsvikhuset står som eit døme på korleis samferdsel, næring og kvardagsliv hang saman i det norske bygdesamfunnet på midten av 1900-talet.

Blindheimsvik landhandel fortel også ei historie som strekkjer seg langt utover Vigra. Butikken gir eit innblikk i overgangen frå sjøveg til landeveg og frå eit småskala, fleirbeint næringsliv til meir spesialiserte og sentraliserte samfunnsstrukturar. Som museumsgjenstand er landhandelen eit uttrykk for dei store samfunnsendringane som fann stad i Noreg i etterkrigstida. På denne måten kan Blindheimsvik vere eit viktig bidrag til formidlinga av norsk transport- og bygdehistorie.

Blindheimsvik landhandel ved Norsk vegmuseum Norsk vegmuseum

Litteratur

  • Brøgger, Waldemar. Norge 3: Geografisk leksikon. Oslo: Cappelen, 1963.
  • Heradsstyret i Haram og Vigra. Haram og Vigra kommune: 1837-1937. Ålesund: Sunnmørspostens bok- og aksidenstrykkeri, 1937.
  • Kaurel, Finn-Egil: Landhandel i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 5. juni 2025 fra https://snl.no/landhandel
  • Lokalhistoriewiki. Landhandel i Lokalhistoriewiki på lokalhistoriewiki.no. Hentet 5. juni 2025 fra https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Landhandel
  • Molnes, Johan S. J. Vigra-slekter gjennom 500 år. Valderøy: Giske kommune, 1987.
  • Paulsrud, Geir og Berit Hole (red.). Årbok for Norsk vegmuseum 2007. Oslo: Statens vegvesen, 2007.
  • Sætherskar, Johs. Det Norske næringsliv. Bild I: Fylkesleksikon for Møre og Romsdal. Bergen: I kommisjon hos Ed. B. Giertsen A/S forl., 1942.

Share to