Rullestol frå 1912 brukt av Kristine "Molla" Aarseth (1911-1973) då ho var barn.
Rullestol frå 1912 brukt av Kristine "Molla" Aarseth (1911-1973) då ho var barn. Foto:Ingrid Berger/Nordfjord Folkemuseum Attribution-NonCommercial-ShareAlike (CC BY-NC-SA)

Historia om "Molla"

26.mai 1911 vart det fødd ei jente på bruket Aarset (på garden Hamre) i Davik i Bremanger, i gamle Sogn og Fjordane fylke. I 1912 vart det skaffa ein rullestol til ho. Kristine Ragnhild Aarseth (1911-1973), kalla Molla av alle, var fødd med cerebral parese og open gane.

Molla sin rullestol

Vi veit ikkje kor, eller av kven, rullestolen er laga. Det er skrive "Aarseth 1912" med handskrift på undersida av setet. Molla og familien budde på bruket Aarset og heitte Aarseth til etternamn, så dette er truleg ein "eigarsignatur".

Du kan klikke deg inn på rullestolen under for å sjå fleire bilde og få fleire fakta om stolen:

Rullestolen er ei gamal oppfinning, frå heilt tilbake til 1500-talet. Dette var meir "stolar på hjul" enn rullestolar slik vi i dag kjennar dei. Dagens rullestolar fekk si form kring år 1900.

Molla sin rullestol har handtak, og måtte køyrast av ein hjelpar. Stolen vart skaffa året etter at Molla vart fødd. Men Molla skulle ikkje få bruk for rullestolen særleg lenge.

Lærte seg å gå før nokon hadde trudd

Bror til Molla, Lars (1925-2024), var 14 år yngre enn Molla. Då Lars var 96 år, og rullestolen vart tilbydd museet, fekk familien Lars til å fortelje om rullestolen og om Molla. Det han fortalde vart skrive ned og delt med museet.

Lars kunne fortelje at Molla lærte å gå då ho var om lag fire år, noko som var mykje fortare enn nokon hadde trudd. Molla var glad i å gå, fortalde Lars, sjølv om ho gjekk svært ustødig. Ho gjekk gjerne turar, både til butikken (2 km) og til støylen. Turen til støylen tok om lag ein og ein halv time å gå og vegen var berre "eit geitetråkk", så på den turen leide Molla syster si i handa, fortalde han.

Lars kunne ikkje hugse at Molla brukte rullestolen, ho gjekk sjølv det han kunne hugse.

Konfirmasjonensbilete frå Davik, Bremanger tatt 18. september 1927. Molla står i første rekke som nummer to frå høgre Foto: Ukjend/Vestland fylkeskommune, SFFf-100042.102610. Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Molla var med på alt

Familien fortalde at Molla var med på alt. Foreldra tok ho med seg rundt på same måte som med dei andre borna sine. Slik formidlar av rullestolen til museet forstod det, var det ganske unikt på denne tida at Molla ikkje vart gøymt bort fordi ho var annleis.

Molla prata utydeleg, så det var vanskeleg for folk å forstå ho, fortalde broren Lars, men dei næraste forstod ho. Andre slektningar, yngre og lengre ut i slekta enn Lars, fortalde at dei tykte det var vanskeleg å forstå kva ho sa når ho prata. Samstundes oppfatta dei at ho tok del i dei vaksne sin samtale, og vart forstått og lytta til av dei.

I bygda der ho levde, var Molla godt synleg der ho kom "sjanglande" til og frå butikk og post, fortel ein av slektningane. I bygda vart ho oppfatta som ei som hadde store fysiske vanskar på grunn av sjukdomane ho var fødd med, men med vettet og det å vere menneske i behald.

Molla greidde seg uventa godt og hadde sterk livsvilje. Molla var aktiv og sprek, sosial og glad i folk, fortalde broren Lars. Ho gjekk gjerne i besøk til naboar, og var gjerne med på festar, som juletrefestar. Men ho måtte alltid ha nokon med seg. Lars hugsa søstera som snill og med humoristisk sans, men han hugsa også at ho kunne bli lei seg.

Sjølv om Molla byrja seinare på skulen enn andre, lærte ho seg å lese og skrive, og ho vart konfirmert (sjå bilete frå konfirmasjonen hennar over). Ho var ikkje så interessert i å lese, fortalde Lars, men ho var veldig glad i å synge, så salmeboka var viktig for ho.

Budde heime på Aarset nesten heile livet

Molla budde heime på Aarset heile livet, utanom to år i Oslo (meir om det under). Heime på Aarset hadde ho faste arbeidsoppgåver, som å vaske opp og dekke på bordet, fortalde Lars. Ho var også flink til å veve, men måtte ha hjelp til å sette opp veven, for ho sleit trådane lett.

Under ser du fotografi frå området der Molla levde. Fotografia er tekne av kunsthistorikaren og museumsmannen Robert Kloster (1905-1979), og er frå garden Hamre i Davik, der bruket Aarset låg. Bilda er ikkje daterte, men må vere tatt i Molla si levetid. Vi veit ikkje kven personane på fotografia er.

«Sophies Minde»

Broren Lars fortalde at Molla gjekk to år på Sophies Minde skule i Oslo. Ho lærte ikkje så mykje nytt der, meinte han, for Molla hadde allereie lært alt heime av mor si.

I fylgje Lars var det kusina Gjertrud (Gjertrud Liljedahl Rosenlund 1903-1991), som var diakonisse i Oslo, som tok Molla med seg og fekk ho installert på Sophies Minde. Gjertrud eigde eit hus i nærleiken av Aarset der ho sikkert var ganske ofte. Lars fortalde iallfall at Gjertrud ofte var på besøk, og at det var stor stas for Molla.

Stiftelsen "Sophies Minde" bygde på "Arbeidsskole for Vanføre" i Oslo. "Arbeidsskole for Vanføre" vart oppretta av søstrene Nanna og Agnes Fleischer i 1892. Agnes Fleischer levde sjølv med funksjonsnedsetjing. Arbeidsskulen var det første organiserte arbeidet for dei med nedsett funksjonsevne i Noreg. Skulen var eit tilbod for å hjelpe desse til, i størst mogeleg grad, å kunne klare seg på eiga hand.

I 1902 opna skulen med namn "Sophies Minde" i Skådalen i Vestre Aker. Det same året vart det også etablert ein eigen poliklinikk, der elevane med nedsett funksjonsevne vart undersøkt og fekk behandling.

Under kan du sjå fotografi frå Sophies Minde:

Litt generell historie om tilhøva for menneske med nedsett funksjonsevne i Noreg

I denne artikkelen er hovudmålet å fortelje historia knytt til Molla sin rullestol. Men for å sette Molla sin historie inn i ein større samanheng, må vi sjå litt på utviklinga over tid for menneske med fysisk funksjonsnedsetjing i Noreg.

I boka "Vestlandske Vanførelag gjennom 40 år", skriv Øyvind Hope (i kapittelet "Dei gav oss ein arv å byggja på" s.10-14) at Magnus Lagabøte sin Landslov (frå år 1274) sette forbod mot å setja vanføre og vanskapte born ut i skogen for at dei skulle omkoma der.

I lange tider var det systemet med "legd" som vart nytta for den som av ein eller annan grunn ikkje kunne greie seg sjølv, og som ikkje hadde nokon av sine dei kunne få vera hjå. I legd-systemet låg at den trengande måtte gå på omgang mellom grannane, som måtte ha dei i visse tilmålte dagar. Eit stort framsteg var det nok då det i 1880-åra vart vedteke at «dei eldste og hjelpelause» skulle sleppa å gå på omgang i legd-systemet, men få vera i ro på ein stad, og at kommunen skulle betala for opphaldet, skriv Hope.

Frå siste del av 1800-talet og opp mot vår tid, har utviklinga gått frå at den einskilde hjelpetrengande "vanføre" (kva omgrep ein brukar har også endra seg opp gjennom tida) var familien/nabolaget/bygda sitt ansvar, til at samheldet tok ansvar for hen sin økonomiske tryggleik. Men ikkje før i 1936 vart ei "midlertidig lov om hjelp til blinde og vanføre" vedteken (behovsprøvd og til "totalt hjelpeløse"), og først i 1960 vart lova om uføretrygd vedteken, sjølv om mange kommunar hadde innført kommunal uføretrygd tidlegare.

Vestlandske Vanførelag var først ute i Noreg med å organisere seg. Laget kom i gong ved at om lag 20 "vanføre" sjølve gjekk saman og organiserte seg. I 1922 vart det første styret i Vestlandske Vanførelag valt. Den som fekk fart i arbeidet var Toralf Sandvik frå Alvøy ved Bergen. Han var elev ved Sophies Minde i åra 1903 - 1905. Det skal ha vore alle samtalane han hadde med søstrene Fleischer og elevane på skulen, som sette han på tanken om å bygge opp ei landsomfattande foreining for vanføre. Vestlandske Vanførelag hadde jamn og god framgang, og det vart stifta lokallag og arbeidslag.

I 1931 vart Norges Vanførelag stifta. I 1975 skifta Norges Vanførelag namn til Norges Handikapforbund. Norges Handikapforbund er ein norsk interesseorganisasjon for personar med funksjonshemming, skriv dei. Hovudmålgruppa er rørslehemma, men organisasjonen arbeider for full likestilling og samfunnsdeltaking for alle personar med funksjonsnedsetjing.

Molla sin rullestol - unik på grunn av den personlege historia

Då museet fekk spørsmål om vi ville ha stolen inn i samlinga, tok eg kontakt med Nasjonalt medisinsk museum - Norsk Teknisk Museum. Dei kunne fortelje at Molla sin rullestol var spesiell fordi ein visste at rullestolen hadde vore brukt av eit barn som ein kjente så mykje av historia til.

Familien til Molla, som såg verdien av å ta vare på rullestolen, og å få skrive ned det ein hugsa om Molla, fortener stor honnør.

Under finn du mange rullestolar som museum har lagt ut på DigitaltMuseum:

Rullestolar på DigitaltMuseum

I 2025 kan du sjå Molla sin rullestol i utstillinga "SAMAN" på Nordfjord Folkemuseum

"Molla" sin rullestol vil i heile 2025 stå utstilt i utstillinga "SAMAN" på Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Utstillinga opna 9.februar 2025 og skal stå ut året.

Les meir om utstillinga her:

Kjelder

KJELDER

Informasjon, e-post korrespondanse og nedskrive minne frå Molla sin familie.

TRYKTE KJELDER

Manin, Emma Helene, 2007: Rehabiliteringsvirksomhetens historie, hovedfagsoppgave, Seksjon for helsefag, Det medisinske fakultet, UiO

Mulehavn, Roppestad (red.), 1962: Vestlandske vanførelag gjennom 40 år 1922-1962, Sandane

Svihus, Årstein, 2006: Bremanger bygdebok Band IV, gards og ættesoge, Davik og Ålfoten, gnr 96-117, utg. Bremanger kommune, Selja Forlag

INTERNETT

Norges Handikapforbund om historia si: https://nhf.no/om-oss/historien-var/ lest 14.03.2025

Store norske leksikon https://nbl.snl.no/

https://www.samfunnogokonomi.no/2022/11/utviklingen-i-det-norske-trygde-og-pensjonssystem-1894-1967/ lest 14.03.2025

https://fagpressenytt.no/artikkel/100-%C3%A5r-med-rullestol-fra-sitteplass-til-avansert-framkomstmiddel lest 14.03.2025

Order this image

Share to