Dødsmaske av Rasmus Steinsvik
Dødsmaske av Rasmus Steinsvik Foto: Dag Brøther

Dødsmaske av Rasmus Steinsvik

Eit magert og alvorleg andlet i gips er stilt ut i basisutstillinga «Eg var her» på Sunnmøre museum. Det er dødsmaska til redaktøren og norskdomsmannen Rasmus Steinsvik. Avstøypinga vart gjort etter at han var død, og det er difor gipshode som dette vert omtalt som dødsmasker. Maskene vart laga for å skildre den døde. Det at den som vart portrettert var gått ut av tida, gav avstøypinga ein eigen verdi. Samstundes kunne også denne type avstøypingspraksis vere meir pragmatisk gjennom at det var enklare å gjere slike avstøypingar av døde og dimed urørlege menneske. Å lage slike dødsmaskeavstøypingar var ikkje særleg utbreidt, men det finst nokre få i norske museum og då av personar som hadde ein posisjon i si samtid.

Dødsmaske av Rasmus Steinsvik Foto: Dag Brøther

Rasmus Steinsvik var fødd i 1863 og vaks opp i Knutsgarden i Steinsvika i Dalsfjorden i Volda. Foreldra var Steinar Olai Rasmusson og Anne Karine Pedersdotter. Den yngre broren hans, Jon, overtok seinare garden. Rasmus byrja på «Voldens høiere Almueskole» som 16-åring, og flytta så til Oslo for å ta artium. Her vart han del av norskdomsmiljøet i hovudstaden og arbeidde for både det norske landsmålet og norsk folkestyre. I 1886 etablerte han folkehøgskule i Ristegarden i Volda. Garden tilhøyrde ekteparet Synnøve og Per Riste, sentrale i norskdomsrørsla på Sunnmøre.

Per og Rasmus er lærarar ved skulen, og Synnøve tek også del i undervisninga. Ho er engasjert i vilkåra til jentene, både i målskulen og i samfunnet som heile. Onkelen hennar, Maurits Aarflot, driv prenteverk på Egset. Synnøve oppmodar han om å gje ut eit blad på landsmål om målsak og folkestyre. Ho foreslår Rasmus som redaktør. Kort tid etter er bladet Vestmannen ein realitet.

Synnøve er ein av dei som skriv i bladet om både kvinnesak og røysterett. Både Rasmus og Synnøve og miljøet kring dei uroa seg over posisjonen og makta vekkingsrørsla hadde fått i lokalsamfunnet. Synet deira var omstridd. Vestmannen var radikalt, og etter kvart kom Aarflot fram til at han ikkje kan trykke det. Han skulda på høge kostnadar. I 1889 vart Vestmannen slått saman med nynorskbladet «Fedraheimen», som Ivar Mortensson-Egnund gjev ut. Steinsvik vert medredaktør og flyttar til Tynset i samband med dette. I Volda held dei nasjonale sakene i samtida fram med å skape engasjement. Samtundes er Synnøve gravid, og Rasmus er far til barnet. I samband med fødselen får ho barselfeber og døyr 22. oktober 1889.

Rasmus gifte seg seinare med Marta Tonstad, flytta til Valstad i Asker, og vart naboar med Garborg- og Mortensson-Egnund-familiane. Steinsvik etablerte «Den 17de Mai» i lag med Hulda og Arne Garborg, og var ein del av dei sentrale i norskdomsrørsla desse tiåra. Han døydde i 1913 etter ein blindtarmoperasjon, og avstøypinga til dødsmaska vart teke.

Rasmus Steinsvik på likstrå 1913. Foto: Anders Beer Wilse

Artikkelen vart først trykt i Museum utgåve nr. 4, 2024.

Kjeldeliste:

Hylland, Ole Marius. (2018). “Faces of death. Death masks in the museum” i “Museums as Cultures of Copies The Crafting of Artefacts and Authenticity.” Routledge.

Øyehaug, Ingebjøerg Røyrhus. (1995) “Synnøve Riste – Kulturkonflikt og kulturkamp». Sunnmøre museum.

Kjelland, Arnfinn, Andenes, Gunnar og Myklebust, Olav (2005). Busetnadssoga for Volda – Band 1 – Dalsfjorden. Volda kommune.

Kjelder på Digitalt Museum:

Share to