Frå husmannsliv og fattigstell til bureising

Svein Thorsrud (f. 1943) er museumsvenn og tidlegare ordførar i Sør-Aurdal, aktiv med å samle og skrive lokalhistorie. Dette innlegget framførde han på 100-årsmarkeringa til Bagn Bygdesamling 22. august 2022. Foredraget var eit historisk tilbakeblikk frå den tida då museet på Islandsmoen vart grunnlagt - tidleg på 1900-talet. Her tok han for seg korleis bureisinga avløyste fattigstell og avviklinga av husmannsvesenet på bygdene generelt, og i Sør-Aurdal spesielt. Dessutan vart tilhøva i skogbruket samt lagsarbeid og foreningsliv i bygda belyst.

Sosiale skilnadar og offentlege tiltak

Auken i folketalet på 1800-talet førde til store sosiale forskjellar. Husmannsvesenet var på topp midt på 1800-talet. Dei fleste husmannsplassane var små og dårlege og ga elendige levekår, men det var «lausgjengarane» som stod lågast på rangstigen.

Måten samfunnet skulle ta seg av dei trengjande på var fastsett ved lov. Til å forvalte lova var det ein fattigkommisjon i kvar kommune. I Sør-Aurdal vart det av praktiske grunnar oppretta to fattigkommisjonar. Ein øvre del med Reinli, Bagn og Bruflat (til 1894) og ein nedre del med Hedalen og Begnadalen.

Kommuna var delt i 6 fattigdistrikt fram til 1894, då Etnedal vart eigen kommune. For kvart distrikt vart det valt ein tilsynsmann og ein rodemeister for 4 år om gongen. Hjelpa vart gjeven mest i form av mat – helst korn – men kanskje vel så mykje gjennom det gamle systemet med legd. Dei som måtte gå den tunge vegen frå gard til gard på legd var helst folk som på ein eller annan måte var tilbakeståande, gamle folk, og foreldelause eller mishandla barn.

Fattigkommisjonen vart etterkvart erstatta av eit «fattigstyre» og «fattigkasse». Dette var belasta ord. Det «å koma på fattigkassa» eller «å ha tå kassa» var ei skam, men ein siste utveg. Med små skatteinntekter var det svært avgrensa kva kommuna kunne hjelpa til med.

Etterkvart som folketalet gjekk ned – særleg på grunn av utvandringa til Amerika – vart det færre på legd. Ordet legd er likevel å finna i protokollane heilt fram til 1920-åra. Ordninga med legd vart formelt oppheva då den nye fattiglova vart vedteken i 1900. Til tross for det, finn vi så seint som i -30-åra personar som var sett bort mot betaling. Tidleg på 1900-talet innførde kommuna fleire velferdstiltak. Dette – saman med stor aktivitet i bygg og anlegg - kravde mykje ressursar. Det vart finansiert med store låneopptak og auka skattar. Utover på 1920-talet kom omslaget i norsk økonomi, og kriseteikna melde seg. Mot slutten av 1920-åra braut kommuneøkonomien saman. Staten måtte yte store summar til nødsarbeidstiltak i mange kommunar.

Vegarbeid var eit tiltak som vart sett i gang. Betaling for dette skjedde i form av «handlelappar», som dei kunne levere på butikken. Så seint som i 1935 var løna for slikt arbeid tre kroner dagen. Fattigvesenet fekk sin renessanse, og Sør-Aurdal måtte kjempe hardt for å oppretthalde dei sosiale tiltaka dei hadde innført. Kommuna var nær ved å bli sett under administrasjon av fylke og stat.

Etter mange forhandlingsrunder kom det istand ei gjeldsordning, og kommuna fekk i 1936 ettergitt 80 prosent av gjelda. Mange bankar gjekk konkurs. Sør-Aurdal Sparebank var ein av dei.

Nedgangstidene i 1920 og -30-åra var krevande for mange. I 1930 omfatta budsjettet for Bagn fattigkasse 64 namn. Å sitja i fattigstyret i desse åra var ei vanskelg oppgåve. Mange inderlege bøner måtte møtast med avslag. Dei viktigaste arbeidsplassane for vanlege arbeidstakarar på denne tida, var i skogen og på «sliperiet». Det går eg grundigare inn på etterkvart.

Eigaren av Storebrofoss Tresliperi – Pedor Piltingsrud – overrekte ei gåve på 50.000 kroner til kommuna på 50-årsdagen sin. Gåva skulle brukast til aldersheim. Då kjøpte Sør-Aurdal kommune Klukkarmoen, og den vart brukt til aldersheim heilt til 1960.

Husmannsvesenet var i sterk vekst fram til midten av 1800-talet. Husmennene leigde plass av ein gardbrukar og betalde avgift for plassen ved pliktarbeid. Berre i Reinli og Vestre Bagn var det i 1865 ikkje mindre enn 315 husmannsfolk og 772 bondefolk. I 1851 kom husmannslova. Den skulle verne husmannen mot overgrep frå husbonden. Lova vart ståande ved lag til langt ut på 1900-talet.

Husmannsordninga var eit problem for politikarane. Alle var samde om at noko måtte gjerast, men det var usemje om kva som skulle gjerast.

Kampen om eigedomsretten til jord var ein stadig konflikt. Den regjeringsoppnemnte Husmannskommisjonen fekk i 1917 i oppdrag å ta for seg eigedomsforholda til husmenn og leiglendingar. Her gjekk fleirtalet inn for at husmannsfolka skulle ha rett til å kjøpa plassen, men dei urolege politiske forholda – med mange regjeringsskifter - gjorde at husmannsordninga vart forlenga fleire gonger. Berre i 1920-åra var det heile åtte ulike regjeringar.

I 1919 fekk den såkalla Jordkommisjonen i oppdrag å fremja forslag til ny jordlov. Problemstillinga var at folk som var interessert – og godt skikka til å drive jordbruk – ikkje slapp til. Dette skapte sosial uro og konfliktar. Stor politisk usemje i jordspørsmålet gjorde at den nye lova ikkje vart vedteken før i 1928.

Husmannsordninga var eit problem for politikarane. Alle var samde om at noko måtte gjerast, men det var usemje om kva som skulle gjerast.

Kampen om eigedomsretten til jord var ein stadig konflikt. Den regjeringsoppnemnte Husmannskommisjonen fekk i 1917 i oppdrag å ta for seg eigedomsforholda til husmenn og leiglendingar. Her gjekk fleirtalet inn for at husmannsfolka skulle ha rett til å kjøpa plassen, men dei urolege politiske forholda – med mange regjeringsskifter - gjorde at husmannsordninga vart forlenga fleire gonger. Berre i 1920-åra var det heile åtte ulike regjeringar.

I 1919 fekk den såkalla Jordkommisjonen i oppdrag å fremja forslag til ny jordlov. Problemstillinga var at folk som var interessert – og godt skikka til å drive jordbruk – ikkje slapp til. Dette skapte sosial uro og konfliktar. Stor politisk usemje i jordspørsmålet gjorde at den nye lova ikkje vart vedteken før i 1928.

Bureising

Då husmannsvesenet vart avskaffa tok bureisinga på ein måte over. Der utflytting og utvandring hadde vore utvegen for mange, vart det no mogleg å brøyte seg rydning, og byggje sin eigen heim i jordbruksnæringa. I 1928 vedtok Odelstinget formell avvikling av husmannsvesenet, men det kom inn ein husmannsparagraf i den nye jordlova same året. Denne ga alle husmannsfolk rett til å kjøpe bruket. Lova hadde eit sterkt sosialt preg med to hovudføremål; - Det eine var å gjera husmenn til sjøleigarar. Det andre var å skaffe jord til dei som ville utvide små bruk - eller reise nye. Det er lett å forstå at det stod politisk strid om ei slik lov, men i praksis vart ikkje lova eit tvangsmiddel slik mange hadde frykta. Dei fleste ordningar skjedde frivillig. Ein revisjon av jordlova i 1938 gjorde det og lettare å skaffe dyrkingsjord og tilleggsjord til bureisingsbruk.

Den store satsinga på bureising var eit enormt samfunnslyft som i dag er for lite kjent. Bureisinga var – saman med gjeldssaneringa – det mest effektive tiltaket mot krisa som utvikla seg på bygdene utover i 1920-åra. Folk som Arne Garborg og Knut Hamsun agiterte for bureisinga. Det same gjorde Johan Nygaardsvold. Kanskje kan Hamsun sitt epos om nybrottsmannen Isak (1917) ha hatt positiv innverknad på den statlege satsinga på bureising. Mange las «Markens grøde» og når den til og med var tildelt Nobelpris i litteratur i 1920, bidro det til ekstra stor merksemd.

Organisasjonen «Ny Jord» (1915) skulle arbeide for dyrking og bureising. Eit føremål var å motarbeide utvandringa til USA og Canada. For å få tilskot til bureising måtte det dyrkbare arealet i starten vera minst 20 dekar, og bureisaren måtte vera «godt skikka». Bureisinga var motivert av politisk interesse for småbrukarane, noko som førde til strid og konflikt, særleg den fyrste tida. Men frå «kriseforliket» mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet i 1935, vart det meir ro om kursen med å byggje opp nye sjølstendige bruk. Satsinga på bureising er i stor grad årsaken til den omfattande nydyrkinga i mellomkrigsåra. Berre i 1920-åra vart det dyrka nær 700.000 dekar med statleg tilskot. Det tilsvarar om lag 10 prosent av all dyrka jord i Noreg på den tida. Ved hjelp av statlege og kommunale tilskot til planlegging, dyrking, grøfting, husbygging, vegbygging og framføring av el-kraft, vart det skapt nye grender. Bureisingsfelta låg ofte avsides, gjerne opp mot fjellet, eller på myrlendt jord. Av den grunn fekk bureisarane for det meste dårlegare avlingar.

Den som ville bli bureisar måtte kjøpe jord – ofte frå foreldregarden – og gjerne samtidig med at den eldste sonen overtok garden. Herredsagronomen eller jordstyreformannen kunne også hjelpa til med å formidle jordkjøp. Bureisinga var eit viktig tiltak mot arbeidsløyse, redusert utflytting, og auka matproduksjon i ei tid prega av sosial uro og mangel på det viktigaste – arbeid og mat. Bureisinga var ei motvekt til utvandringa som over ei periode på 50-60 år hadde tappa bygdene for folk med stor tiltakslyst og på leiting etter eit levebrød. Totalt utvandra ca. 4000 sør-aurdøler i denne perioda (Terje Mikael Hasle Joranger).

I Valdres vart det bygd ut 387 bureisingsbruk. Etnedal hadde flest med 82 bruk. Sør-Aurdal hadde 65. Rett før krigen hadde berre 20 prosent av bureisarane bruket som eineyrke medan andelen kombinasjonsbruk steig raskt. Særleg i Etnedal vart mange setre bygd ut til bureisingsbruk. Ein del av desse er fortsatt i drift som sjølstendige driftseiningar. Venelia Fjellgard på Bagn Vestås - bygd i 1976 - er i full drift med vel 40 mjølkekyr pluss ungdyr og 30 sauer.

Då krigen braut laus i 1940 vart mange bureisingsplanar lagde bort eller utsett. Uferdige bruk vart ståande halvferdige fordi det var mangel på det meste som skulle til for å fullføra – ikkje minst spikar. Mange fann seg anna arbeid, men bureisinga stoppa ikkje opp. Spørsmålet var kva plass bureisinga no skulle ha i det nye industrisamfunnet. Det vart sett strengare krav til bureisarane. Berre dei mest ivrige og dyktigaste slapp til. Bureising var noko mange i det moderne Noreg no såg på som avleggs.

Bureisaren sette seg i livslang gjeld. Sjøl om dei fyrste sju åra var avdragsfrie, kom det seinare 40 år med like store årlege avdrag. Bureisaren måtte lystre storsamfunnet. Dei måtte byggje og dyrke slik kommunale og statlege planleggjarar bestemte.

I mellomkrigstida var det generelt tronge kår, men dei som fekk godkjent bureising, hadde det ofte betre enn mange andre. Sjøl om dei hadde lite med pengar å handla for – mangla dei ikkje det viktigaste – arbeid og mat. Totalt vart det bygd over 19.000 bureisingsbruk med eigen arbeidskraft i Noreg. Til minne om bureisingsperioden vart bureisingsbruket Åseng frå Sør-Fron flytta og sett opp att på Maihaugen, etter initiativ frå Åge Hovengen. «Dette er et monument over storslitera i samfunnet», sa Hovengen då bureisermuseet vart formelt opna med Dronning Sonja til stades 3. november 2002.

Skogbruket

Under fyrste verdskrigen var det «jobbetid» i landet – ikkje minst i skogbruksbygdene. Då krakket i skogbruket kom i 1920-21, vart det slutt på oppgangen som hadde vara i om lag 25 år. Store variasjonar i prisar og avsetning skapte naturleg nok store variasjonar i avvirkninga. I toppåret 1920-21 vart det avvirka nær 12 mill. kubikkmeter. Ti år seinare var volumet nesten halvert. Uttrykket «konjunkturhogst» vart skapt i jobbetida, og kapital var lett tilgjengeleg. Bankane «poppa opp» i skogbygdene. Dette freista i ei næring der langsiktig tenkning var svært viktig. Skogskjøtsel og planting kom i fokus.

Skogbruksprofessor ved NLH – Agnar Barth – åtvara sterkt mot rovhogsten og var særleg uroa over verneskogen opp mot fjellet og ut mot kysten. For å fremja kunnskapen om tilstanden til skogen, vart Landskogtakseringen etablert i 1919. Dette arbeidet skulle kartlegge areal, fordelig av treslag og tilvekst. Det er altså 100 år sidan dette arbeidet tok til, og på desse 100 åra er skogvolumet i Noreg tre-dobla. Sjøl om utgangspunktet for norske skogar for 100 år sidan var svært dårleg, meiner NIBIO på Ås at målretta kartlegging og forvaltning er forklaringa på framgangen.

Skogen vil no spela ei svært viktig rolle i det såkalla «grøne skiftet». I ti år har forskarar ved NMBU på Ås, i samarbeid med bl.a.TINE, jobba med foredling av tremasse til fiske- og dyrefor til erstatning for importert kraftfor som soya og mais frå Brasil bl.a. No er dei nær ved å nå målet – «frå tre til filet». For oss som har legge i «oljeskuggen» i fleire ti-år, vil skogen kunne bli den nye «olja» brukt til mat og drivstoff. Vi får tru at skogbygdene kan ha ein fordel her.

I Sør-Aurdal var det også store variasjonar i avvirkninga. Det vart sett eit minstemål for tømmer som skulle hoggast. Minstemålet gjekk stadig nedover, og dette gjekk hardt ut over skogane. Kommunestyret tilsette blenkjarar som skulle ha ansvaret for avvirkningsnivået. Det var enkelt. Dei største trea – som ga størst netto – skulle hoggast. I 1922 vart det tilsett herredsskogmeister (skogoppsynsmann) i Sør-Aurdal. Det var Kristian Fønhus som seinare vart fylkesskogsjef i Oppland. Han var kjent for sin store innsats i skogbruket. Han gjekk mellom anna inn for nye retningliner for skogskjøtselen, noko som fenga etterkvart. Då skogvernlova kom 1932 sette denne greie krav om korleis skogen skulle drivast. Det vert hevda at intensjonane i denne lova hadde si vogge i Sør-Aurdal.

Tømmertransporten

Transporten ut av skogen skjedde med hest, og køyremetodane kunne vera harde for tømmerstokken. Det vart brukt krokar og nåler. Ein måtte «nåle» mest mogleg for å få lengdene til å halda saman ned dei bratte og ofte svingete vegane. Sagbruka og fabrikkane sette etterkvart inn kampanjar for å få slutt på «nålinga». Det kunne ofte bli lange slep, opp til 10-12 lengder i kvar vending. Sjøl om arbeidet var både hardt og farleg, gjekk det med liv og lyst til musikken av hestebjøller og lekkjer og ramlig i tømmer. Karane gjekk rundt og spurde etter hogst og kjøring. Det er fortalt at berre frå Muggedalen og tilgrensande område kunne det gå opp til 70-80 hestar i tømmerkøyring om vinteren. Dei hadde to-spora veg slik at tomkøyrarane på veg opp ikkje skulle møta dei som kom ned med lass i same sporet. Det var harde tider både for hest og mannskap. Angåande gamle driftsmetodar viser eg til heftet Frå skog til tømmer av Trond Bråten (for Bagn Bygdesamling – 2003).

Skogsarbeidarane

Desse budde svært enkelt og primitivt, gjerne i barhytter med jordgolv. Etterkvart bygde skogeigarane meir permanente hytter, men skogkarane hadde små krav, og hyttene vart deretter. Då Arbeidervernlova kom i 1936 – med forskrifter om areal, lysopningar, tørkerom osv. – vart det gradvis betre standard. Karane var gjerne borte frå heimen i to-tre veker eller meir om gongen. Når skogsareidarane skulle heim til jul, eller om våren, gjekk det heile karavanar med hestar og slede med køyrekar langs hovudvegen. Når hestane måtte kvile, hende det nok at karane og nytta høvet til å feire at slitet i skogen no var over for ei stund. Nokon feira det gjerne med ein dram eller to. Då var det ingen risiko for kontroll verken ved Lundby eller i Briskebyen – og hestane kjende vegen heim. Begna var hovudtransportåra for tømmeret frå Valdres. Ein måtte stole på vårflaumen utan oppsamla damvatn. Dersom vårflaumen ikkje var stor nok til å få fløyta tømmeret fram til Sperillen, kom det som regel ein ekstraflaum ved St.Hans-tider, når snøsmeltinga i fjellet sette inn. Alle stader langs elva, der det var plass og lett å koma til, vart det lagt opp tømmer til oppmåling, merking og utslag. Sparkevika t.d. kunne vera «full» av tømmer langs elva. Ja, til og med på Slimsa – den smale stripa mellom vegen og elva på søre Dølvesæter – var det store tømmerlunnar. I tverrelvane vart det bygd inntaksdammar oppover i vassdraget for å samle opp vatnet. Solide steinmurar – skådammar – vart bygde for at tømmeret skulle fylgje straumen i elvefaret og ikkje flyte til lands langs elva. I Muggedøla t.d. gjekk fyrste brøtningen i 1918. Her har vi nokre prakteksemplar av slike murar – solide og fine byggverk etter Arne Brenden.

Brøtningskarane

Dette var nokon ekte hardhausar som det stod respekt av. Mikkjel Fønhus har skildra desse og heile stemninga med brøtningen i sin roman «Tømmerfløterne». Tømmermålarane var også nokon harde karar. Ein meinte vel at hvis desse ikkje fekk godt med mat og drikke, så kunne ein riskere å ikkje få «god nok måling». Det var vel ofte kjøparane og mellom-mennene som tente best på tømmerdriftene. Nokon var kanskje i «smartaste» laget. For den enkelte skogeigar kunne fortenesta avgrensa seg til arbeidsinntekta med hogging, kjøring og fløyting.

I 1924 var skogane i Bagn og Reinli Privatsameige ferdig utskifta. Alle gardsbruk med sameigerett fekk då tildelt kvar sine teigar til privat bruk. Utskiftinga var eit storarbeid – som gjekk over mange år – og var utført av dyktige folk. Arbeidet gjekk utan store konfliktar, etter det vi veit.

Viktig skogindustri i Bagn

Storebrofoss Tresliperi vart etablert av pioneren Pedor Piltingsrud med oppstart i 1910/11. Storebruføssen peika seg ut som industristad pga. fossefallet. Dette ga grunnlag for nødvendig kraftproduksjon. I Bagn var det lett tilgang på tømmer og stabil, god arbeidskraft. Transport av stort omfang vart mogleg etter at Valdresbanen kom til Fagernes i 1906.

Sliperiet vart planlagt for ein arbeidsstokk på 45 mann, men på det meste var 60 – 70 mann i arbeid her. Arbeidarane var i hovudsak bygdefolk – ofte småbrukarar og søner av desse – men det flytta og folk frå andre bygder til Bagn for å få arbeid på sliperiet. Dette var noko nytt. Regelen var at folk flytta ut for å finna seg arbeid. Sliperiet – og ringverknaden av det – la grunnlag for utviklinga av Bagn som eit bygdesenter for industri og handel.

Tømmersalg til sliperiet ga inntekter til skogeigarane og arbeid med hogst, køyring og fløyting. Sliperiet kjøpte inn ca. 16.000 tylfter årleg og var ein viktig kjøpar av tømmer i ei tid med låge prisar og avsetningsvanskar.

Mellomkrigsåra var kriseår med stor arbeidsløyse. Då var arbeidsplassane på sliperiet ein stor styrke for bygda. Dei som hadde arbeid her klarte seg gjerne best, særleg dersom dei hadde eit småbruk ved sidan av.

Svikt i tremassemarknaden sette til slutt ein stoppar for dette dristige industrieventyret i Bagn. Sliperidrifta var svært verdfull for bygda i ei elles vanskelg tid. I 1938 var Storebrofoss Tresliperi kome til vegs ende etter vel 25 års drift.

Lag og foreningsliv

Tida rundt århundreskiftet var på mange måtar ei brytningstid. Kvinnene fekk allmenn stemmerett, og stemmerettsalderen vart senka til 23 år. Det vart dessutan innført viktige reformar som sjuketrygd og normalarbeidsdag. Noreg vart lausriven frå unionen med svenskane, og vi fekk vår eigen konge. Det vaks fram ei sterk nasjonalkjensle i folket. Dette virka stimulerande, og var ei viktig drivkraft for eit blømande foreningsliv i bygdene. Det var kristeleg arbeid som fyrst kom inn i organiserte former sist på 1800-talet. Dette var ulike former for misjonsforeningar, kristelege ungdomslag, sundagsskular, barne- og ungdomsarbeid og bedehusbygging. Ei mengd emisærar og predikantar har vitja bedehusa opp gjennom åra.

Snart kom også fråhaldslaga i gang, så dei frilynte ungdomslaga, skyttar- og idrettslaga. I enkelte bygder vart det og bygd ungdomshus. Sang- og musikklivet vart meir organisert med kor og korps i nesten alle deler av kommuna. Etterkvart vart det også stifta helselag og husmorlag. Desse har gjort mykje for heimemiljøet og bygdemiljøet opp gjennom åra. Barne- og ungdomsarbeid har vore ein viktig del av arbeidet i alle desse laga. Dessutan vart det stifta ulike faglege og politiske organisasjonar, med lokale lag.

Det vil føra for langt å omtala alle desse laga no, men sidan vi er på «Moe», og vi markerer 100-års-milepælen for Bagn Bygdesamling, finn eg det naturleg å nemne nokre lag frå denne kretsen spesielt. Eg vil dvele litt ekstra ved ungdomslaga. Eivind Sæteren skriv i Hølera Ungdomslag sitt 75-skrift:

Det fyrste ungdomslaget i Sør-Aurdal kom i gang i Bagn i 1881, og det var lærar Ole Thorsrud som tok opptak til dette. Truleg var dette det fyrste frilynte ungdomslaget i Valdres. I 1894 vart det ungdomslag i Hølera. I dette laget var det med ungdomar frå Hølera og Dølven. Lærar Ole Thorsrud og Olaus Islandsmoen tok opptak til skiping av ungdomslag i desse to kretsane.

Fram til ca. 1930 vart det stifta ikkje mindre enn 11 ungdomslag i Sør-Aurdal. Hølera Ungdomslag var opphaveleg eit fråhaldslag, men vart seinare eit frilynt lag. Olaus Islandsmoen hadde lært folkeviseleik av Hulda Garborg då han budde i Oslo. Eit resultat av dette vart ein stor leikarring i laget. Denne aktiviteten var svært populær i ungdomslaget og bygda heilt fram til 1990-talet- dvs. i 100 år. Ved sidan av leikarringen hadde laget teaterframføringar, studiearbeid, turar og ikkje minst lagsavisa Fossekallen. Dølven Ungdomslag – «Ørni» - hadde lagsavisa Turrfisken. I dag held vi oss til Facebook o.a. sosiale nettmedia. Ungdomslaga har vore ein svært viktig kulturfaktor i bygdene på 1900-talet.

Eit anna lag som må nemnast er musikklaget Måltrosten som vart stifta på Dølven Skule i 1915. Dette vart til Bagn Musikkorps 40 år seinare. Det fyrste korpset i kretsen – frå 1895 – vart lagt ned etter åtte år.

Sentrale arenaer for foreningslivet var skulane i Hølera- og Dølven-kretsane. Dølven Skule og festplassen Turrmoen fortener ei litt grundigare omtale her.

Då Dølven Skule vart bygd, var det 16 skulekretsar i Sør-Aurdal. Bygginga skjedde i to etappar. Den fyrste midt på 1890-talet – med ein etasje. Kommuna skulle ta 2/5 av byggebudsjettet mot at skulekretsen tok 1/5 (360 kroner) og amtet (fylket) resten. Totalbudsjettet var 1.902,- kroner. Fyrst 20 år seinare var skulehuset heilt ferdig med to etasjar. Det vart då bordkledt og med lærarbustad i andre etasje. Sist på 1890-talet var det omlag 50 elevar ved skulen. Til vanleg var det 30-40, men etter krigen gjekk det ned til 20-30. Ingvar Koppervik vart lærar ved skulen i 1924, og var der heilt til skulen vart lagt ned i 1966. Ingvar var og ein ihuga museumsmann – ikkje minst som styreformann for Bagn Bygdesamling i 25 år. Skulehuset med inventar er no som kjent ein del av bygdesamlinga. Festplassen Turrmo (1910-1966) var ein felles festplass for Hølera- og Dølven-kretsane i 50 år (ikkje i krigsåra). Opphaveleg var det ein gamal danseplass her. Turrmoen – ei slette omtrent der ProMek er no – vart teken i bruk til 17-mai- festar i 1910, då skulekretsane fann ut at dei ville feira 17. mai saman.

17.-maitoga fråd ei to kretsane møttest då på Turrmoen til felles feiring, og med Måltrosten fremst i toget frå Hølera- og Dølven-skulane annankvart år. Korpset var og med på festen på Turrmoen – dersom dei hadde tid.

Denne dagen var korpset sterkt etterspurde, då mange bygder ikkje hadde eige korps til 17.-maitoget sitt. Den fyrste tida var festtalen på Turrmo ofte av Mikkjel Fønhus eller Olaus Islandsmoen. Lærarane ved dei to skulane – Eivind Sæteren og Ingvar Koppervik – overtok seinare i stor grad rolla som festtalarar.

Eit notat etter grunnleggjaren av bygdesamlinga – Olaus Islandsmoen – fortel oss noko om tida, og kva han som festtalar ville formidla i tala si på Turrmoen 17. mai 1920. Eg siterer nokre stikkord frå notatet; «- 1. Kva fedrane hadde å stride med. – 2. Den arven dei ga oss; -a) Eit fritt folk. –b) Materielle og økonomiske goder. – 3. Me får fara fram i deira fotefar, og gjera dei og fedrelandet ære. Dette må vera eit vakkert føremål for kvar gut og gjente». Andre lag som bør nemnast frå desse grendene er Hølera og Dølven Husmorlag og Hølera og Dølven Sanglag. Det var i stor grad dei same kvinnene i desse laga som på ulike vis sterkt bidro til miljøskaping og trivsel i bygdene. I historiske beretningar som dette blir det helst menn som får merksemd for det dei har gjort.

Share to