Lasskøyring og bondehandel
Om bondehandel og lasskøyring generelt, og i Sør-Aurdal spesielt. Korleis gjekk handelen føre seg, kvar gjekk ferda til Bragernes og kven var det som dro? Svein Thorsrud (f. 1943) er museumsvenn og tidlegare ordførar i Sør-Aurdal, aktiv med å samle og skrive lokalhistorie.
Generell historikk
Kva er lasskøyring? Lasskøyring var transport av varer med hest og slede vinterstid, og med vogn evt. kløvjing – på berrmark. Då Røros Koparverk vart grunnlagt i 1644, vaks det opp ein liten bergstad på fjellet. Å skaffe mat og div. andre forbruksvarer til hushald og drift av bergverket var ei utfordring. Røros var heilt avhengig av å få tilført mat og andre forsyningar utanfrå. Folk frå mange kantar av landet – også frå Sverige – frakta varene sine til Røros for å byte, selja og kjøpe. Fleire reiselivsaktørar har i dag sin største aktivitet rundt Rørosmartnan, som er den største møteplassen for lasskøyrarkulturen. Slik utvikla det seg etter kvart omfattande lasskøyring og handelsverksemd mellom bygder og byar også i andre deler av landet. Eksempel på områder med store marknader og mykje lasskjøring var Stavsmartn på Tretten og Grundsetmartn ved Elverum. Hedemarken Lasskjørerforening arrangerer årleg lasskøyrartur til Røros. I år går turen frå Atlungstad i Furnes 10.2. og er framme på Røros 20.2.
På grunn av klima og topografi skjedde nesten all lasskøyring vinterstid. Med hesten som transportør, var lasskøyrarane sjølve bærebjølken i eit samfunn utan vegar, sidan dei frakta livsnødvendige varer til folk. I store deler av Skandinavia fanst det ikkje farbare vegar før sist på 1800-talet.
Lasskøyring i Sør-Aurdal
I krevjande tider på 17- og 1800-talet var lasskøyring og bondehandel svært viktig også for folket i bygdene her. Difor skriv eg litt om dette generelt, men legg særleg vekt på lasskøyrarhistorier relatert til Sør-Aurdal. Det eg skriv er i hovudsak basert på utdrag frå beretningane til Knut Hermundstad i Valdres Bygdebok bind IV (1954) og frå Wikipedia. Bondehandelen starta med at bøndene sjølve køyrde til byen med varene sine. I Sør-Aurdal gjorde dei større bøndene til vanleg tre Bragernes-turar i året – om våren og hausten og ved marknadstid midtvinters. Setermaten var viktigaste vara på haustturen. Men kvar bygd hadde gjerne ein oppkjøpar som handla inn varer som dei selde att med meir eller mindre fortenest. Ofte var det «lauskarar» - som ikkje dreiv med jordbruk sjølve - som dreiv med dette. Bonden som selde varer til oppkjøparen tinga han til kjøpa med seg «byvare» heim. Oppkjøparen fekk gjerne med seg ei lang kjøpeliste til byen. Det kunne vera salt, sukker, kaffe, rug- eller kveitemjøl, diverse garn, skreddartråd, krydder, brennevin o.a. «framand» vare. Mellomlaget etter handelen ordna dei opp i med pengar når byturen var unnagjort.
Det var stor stas når bonden kom heim
Det var stor stas når bonden eller ein oppkjøpar kom heim frå byturen. Han hadde mykje interessant å fortelja, og så hadde han med seg mange sjeldne varer m.a. «bykake» som dei sa – honningkake. Når han reiste rundt i bygda til dei han hadde handla med, og gjorde opp for seg, vanka det gjerne eit stykke «bykake» og kanskje ein dram attpå. Det var høgtid så lenge kaka vara.
Handelen gjekk både mot aust og vest, men det var handelen mot aust som var viktigast for bøndene i Valdres. Det meste vart køyrt til Bragernes (Branes), Christiania og Gjøvik. Frå byen køyrde dei heim med slike varer som dei ikkje fekk kjøpt i heimbygda. Handelen med Branes var eldst og størst, men vegen dit var kronglut og krevjande – særleg på berrmark. Sør-Aurdølene reiste helst på berrmark om hausten og våren. Frå starten kløvja dei varene, men då det vart veg, køyrde dei til Nes i Ådal. Vidare rodde dei Sperillen og leigde køyring til Steinsfjorden/Tyrifjorden (Sundvollen). Derifrå var det å få båt til Svangstrand (Holsfjorden) i Sylling. Herifrå leigde dei hest nedover Lierdalen til Branes. Om vinteren køyrde dei heile vegen på slede – i stor grad isvegane. Det var ei kunst å vera ein god lasskøyrar. Ein måtte spara hesten, så ein ikkje skamkøyrde han. Eit ordtak var: «Køyr sakte og jamt! Han kjem fram som køyrer sakte med!»
Før det vart hjulvegar, kløvja dei varene etter ride- og gangvegar for det meste langs høgdedrag over åsane der det var mindre med skog, ur og myr. Ein slik veg gjekk opp Vestringsbygda og over til Reinli. Vidare opp vestbygda i Bagn, forbi Prestbrøtin, Bjødnsplassen, over Islandsbrua og til Hølersetra. Derifrå over Høleraelva og Smørholhøgda til kvilarplassen Valdreshaugen. Neste etappe gjekk til Hedalen om Bakkom, Grøv og kyrkja og vidare over bruene ved Kulterud og Storruste. Sidan gjekk vegen gjennom Vidalen og Soknedalen til Ringerike. Frå 1860-åra vart det meir vanleg at lasskøyrarane tok med seg varer heim til bygdekræmarane, som det etterkvart vart fleire av. Bondehandelen avtok og rundt 1900 var det heilt slutt. Bygdekræmarane overtok handelen lokalt.
Kvilarplassane
Lasskøyrarane hadde gjerne faste kvilarplassar eller «losjehus» langs heile ruta. Kvar plass hadde sine faste lasskøyrarar. Dei kunne koma inn når dei ville og finna seg ei seng – dersom nokon var ledig. Hvis ikkje – låg dei på golvet. Var det ikkje plass inne - låg dei gjerne på lasset. Dei grov seg ned i høyet i fulle klede og breidde utanpåfrakken over seg. Ved Seigen i Begnadalen og Kjerstistugu og Renna i Ådal t.d. var det faste kvilarplassar. Frå 1880-90-åra kom det etterkvart småhotell langs vegane. Dei spesielle losjehusa vart ståande tome – eller vart rivne – og berre tomtene var minner om den primitive fortida.
Varene
Varene dei køyrde til byen med var frå eldgamal tid for det meste pelsvare av rev, mår, gaupe, bjørn og ulv – og desse bytte dei ut i varer dei hadde bruk for heime. Men etterkvart hadde dei også med seg div. jordbruksvarer til byen. Smør var viktigast. Oppkjøparane reiste rundt i bygda og tinga seg salgsvarer av småbrukarar og slike som ikkje kunne reisa til byen, eller vera med sjølve. Om hausten kjøpte dei inn smør, gamalost, søtost, primost osv. Dei kjøpte også kjøt, flesk, talg, rakfisk, huder og skinn som bøndene hadde til overs etter at dei hadde dekka sine eigne behov til klede, sko og div. anna utstyr. Dei kunne også ta med seg eit griseslakt eller to. Den gjævaste handelsvara var vilt som ryper, orrfugl, tiur, hare, reveskinn, røyskattskinn o.a. pelsverk. Oppkjøparane sette ikkje store krav til forteneste. Stundom kunne dei bli verande i byen i vekevis før dei fekk kvitta seg med eit par varelass. Vart det mildver - og ein hadde med seg mykje vilt og usalta kjøt - var ein ille ute. Dersom lasskøyrarane handla mykje av kjøpmenne i byen, kunne dei få med seg nokre flasker brennevin attpå.
Nye impulsar - til gagn både for by og land
På Branes handla sør-aurdølene mest med kjøpmann Syversen. Mange Branes-kjøpmenn hadde såkalla «bondestogor» der bønder og oppkjøparar fekk bu fritt så lenge dei var i byen. Det var ofte svært livleg på Branes dei dagane valdrisane handla. Hallingane hadde også det meste av handelen sin der.
I byen fekk lasskøyrarane mange nye impulsar, for det meste positive, men det kunne også vera negative ting. Det hende nok at dei t.d. kom heim med leie sjukdomar frå byen, og som seinare spreidde seg i bygda. Dei ungdomane som skulle til byen på skule, eller arbeid, slo seg oftast i lag med lasskøyrarane. Desse kunne då rettleie dei litt om tilhøva i byen dei kom til.
Totalt sett var nok handelsreisene til byen til stort gagn både for by og land. Dei bidro til at folket vart knytt meir saman, og dei lærde mykje av kvarandre. I politikk, arbeidsliv, kunst og kultur fekk desse byfararane mykje å si for bygdene. Bønder og oppkjøparar, som vanka mykje i byane, vart jamt over opplyste og framsynte folk som ofte bidro til å brøyte veg for ei ny tid i bygda.
Historier om lasskøyrarar frå Bagn
Midt på 1800-talet var det harde tider og det var stor mangel på både matkorn, såkorn og pengar. Ein vår måtte Hans Person Islandsmoen – til dagleg kalla «Hans på Moe» – og Syver Dølvessæter reise til Branes for å kjøpe det mest nødvendige på vegne av bygdefolket. Dei hadde reist mange gonger med setermat, så dei kjende vegen. Dei var respekterte menn som hadde opparbeida seg stor tillit hjå handelsmennene i byen. Difor hadde dei ikkje problem med å få varer på borg. Heimturen gjekk greit til dei kom til Sørum. Der ville ikkje omlastarane gjera jobben sin for den vanlege betalinga. Dei ville ha betre betalt. Då sa Hans Islandsmoen: «Mø kan ikkje betala meir enn før. Då får mø heller laste tå sjølve!» Dei så gjorde og køyrde heimatt om natta. Og dagen etter var dei fleste åkrane i bygda sådde. (Formidla av Olaus Islandsmoen til Knut Hermundstad)
Hans på Moe
Hans på Moe var også ofte i Christiania. Han var gardsstyrar hjå presten Boye i Bagn. Presten hadde ein stor hund som vart kalla Bamse. Denne tok Hans ofte med seg på byturane sine for å ha «lasshund». Bamse hadde eit piggut halsband til vern mot ulven. På ein bytur var dei ille ute. Det var mange som køyrde i fylgje, alle var valdrisar. På Krokskogen tok dei inn på ein gard for å kvile om natta. Der var det gravøl og tredje gravølsdagen var det mykje fyll, skrål og ståk. Då dei kom til gards skreik ei «slåstbikkje»: «Graut-vallerser!» Og så kom ein heil flokk rennande ned til lasset. Slåstbikkja sette i å skrika: «Er det nokon som vil slåst!?». «Du får tala ve mann med toppluvun!» sa han som køyrde fyrst («Gamle-Lundin»). Han meinte Hans, som hadde ei raud topplue. Dei ropa på Hans, og han kom. Det vart ryggtak og slåstbikkja for i bakken så det song. Då vart Hans skulda for at han for med knep. Det vart eit nytt tak, og det bar i bakken att fort og godt. Då hogg fanten tak i håret til Hans, sleit og klora. «No får du røre på deg Bamse», sa Hans. Då tok slåstbikkja føtene fatt og dei andre etter.
Det gjekk bra i byen. Dei selde all setermaten og fekk kjøpt det dei skulle ha med heim. Heimturen gjekk bra heilt til dei kom til Leite. Det var natt og dei ville gjerne heim. Då sette det brått i eit uhyggeleg ulvehyl. Dei såg at Bamse var borte og var redde for at han var tatt av ulven. Dei køyrde alt dei makta til prestegarden og var berga. Då dei kom ut om morgonen, møtte dei Bamse på tunet. Han var velberga, men svært oppøst. Dei for då utetter på elveisen. Der møtte dei eit fælsleg syn. Det var blod og ulveskinnsfiller alle stader. (Formidla av Olaus Islandsmoen til Knut Hermundstad).
På reisene hadde Hans gjerne med seg 3-4 mann til å hjelpa til med roinga og transporten elles. Var veret dårleg, kunne bølgjene bli farleg høge på dei store fjordane. Slik drukna eigaren av Nord-Garthus og to hedølingar då dei rodde gods på Holsfjorden i 1845.
Ola Olson Thorsrud
I boka «Gard og bygd i Sør-Aurdal» – bind A finn vi denne lasskøyrarhistoria: «Ola Olson Thorsrud var ein kjempe, heiter det, liten av vekst, men kraftig og tettvaksen. Han var med på dei gamle byreisene, då valdrisane køyrde varelass utover Valdres, Ådalen, Ringerike og gjennom Lier til Bragernes. Dei køyrde i fylgje i heile, lange rekkjer. Om vinteren var vegane i Lier smale med høge snøkantar på båe sider. Liungane køyrde plankelass. Når liungane og valdrisane møttest, ville ingen vike av vegen, og makta vann. Båe partar let sterke folk køyre fyrst for å halda vegen open. I valdresfylgjet måtte Torsrud'n køyre fyrst. Ein gong hadde liungane ein høg kar på over tre alen i spissen. Men Torsrud'n tok og kasta han over lasset bort i snøhaugen. «Høt du gut», sa han idet han kasta. Sidan vart det eit ordtak i Valdres: «Høt du gut», sa Torsru'n, kasta liungen i snøhaugen». (Frå avisa Valdres 5.8. 1919)
Brennevinskaggin i Torsrud
Eit minne frå tida med lasskøyring til Bragernes er brennevinskaggin i Torsrud. Denne vesle rosemåla tønna frå 1700-talet har ei litt spesiell historie. Ved ein ryddesjau på stabbursloftet for mange år sidan fann eg ein haug med stutte tønnestavar innst i ein krok på loftsgolvet. Eg samla dei saman og var på veg til å kasta/brenne dei. Men så spurde eg mor mi om ho visste kva dette var - eller hadde vore. Då kunne ho fortelja at dette hadde vore ein brennevinskagge. Gjuringane hadde falle av og var borte, slik at berre stavane og endestykka låg att. Ho fortalde at denne hadde lasskøyrarane frå Bagn med seg den tida dei køyrde varer til Bragernes. Der fekk dei fylt opp tønna med brennevin som dei hadde til fordeling rundt om på nabogardane når dei kom heim. I det eine endestykket var det eit hol til påfylling og tapping. Då eg fekk høyre historia forstod eg at denne måtte eg ta vare på – og om mogleg – få sett saman. Det vart eit krevjande puslespel. Men med god hjelp av min smarte og henduge onkel Toralf (Leite), greide vi det. Den gamle og slitte målinga var då til god hjelp for å få plassert stavane slik at dei passa saman. Onkel Toralf gjura opp att tønna slik at ho vart nesten som ny.