Legerings- og Zinkverk, Tyssedal
Legerings- og Zinkverk, Tyssedal Kraftmuseet

Tysso legeringsverk

Kraftselskapet AS Tyssefaldene sette sjølv i gong Tysso legeringsverk. Dei ynskja å nytta ledig kraftkapasitet.

Verket prøvde seg på fleire ulike produkter som ferrosilisium og ferromangan, og var også innom produksjon av kiselmangan og sink.

Det var Sam Eyde som i 1909 tok initiativ til å danna AS Hardanger Elektriske Jern og Stålverk for å nytta ein ny metode for elektrisk jern- og stålsmelting. Saman med selskapa Elektrokemisk og Norsk Elektrometall, bygde Eyde ein fabrikk i Tyssedal med prøvedrift i 1909 og 1910.

Produksjonen ved legeringsverket starta opp i 1912. Fabrikken vart bortleigd til Norsk Elektrothermiske AS i 1919. I 1923 måtte selskapet, som ei tid hadde 56 tilsette, gje opp drifta.

Legeringsverket var på eit sett byrjinga på Zinkverket som seinare vart lokalisert til Eitrheimsneset.

Bygget vart sett opp som bek- og tjærekokeri og var i nokre år laboratorium. AS Tyssefaldene starta Tyssedal Handelsverkskursus i 1935, som eit sosialt tiltak. I dag nyttar fabrikken i Tyssedal bygget til kontor.

Huset er i utmura bindingsverk av teglstein og stålprofiler. Muren er pussa, medan vindauga har rundboger av teglstein. Det er teglpilastera i fasaden.

Storm i Tyssedal

  1. april 1913 kan ein lesa i lokalavisa:

I går herja det ein uvanleg sterk storm her i distriktet. Verst var det i Tyssedal der dei hadde ein rein syklon. Det laga seg ei skypumpe som drog vatnet opp or elva. Huset åt Ola Skjeldås i Tyssedal vart lyft av tufta og knust. Glastaket på det nye drivhuset åt AS Tyssefaldene vart krasa, likeeins vart taket rive av Legeringsverket. Festivitetslokalet som er under bygging heldt på å bli velt overende, men dei greidde å berga det. To mann kom alvorleg til skade og vart sende med snøggruta til bergen, men lagerformann Finne døydde undervegs.

Legeringsverket i Tyssedal etter ein uvanleg sterk storm 16. april 1913. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Share to