Kraftmuseet si fane, oppbevart hjå
Kraftmuseet si fane, oppbevart hjå Bevaringstenestene MuHo / Kraftmuseet

Marianne på fagforeiningsfana frå Odda?

Etter den franske revolusjon vart Marianne gitt som namn til ein kvinnefigur som symboliserte den franske republikken. Denne personifikasjonen vart avbilda som ei ung bondejente med frygisk lue, nok eit symbol på fridom.

Men kva gjer Marianne på den eldste bevarte fagforeiningsfana frå Odda?

Den eldste fana etter Odda Arbeiderforening har eit litt rotete motiv med fleire menn og ei kvinne. Ved første augekast kan det sjå ut som at kvinna ber ein bringklut. Men kvifor er det ei kvinne på fana til Odda Arbeiderforening når denne ikkje hadde kvinnelege medlemmer?

Fanemotivet

Eit hundre prosent sikkert svar på kvifor denne kvinna er malt på den eldste fana til Odda Arbeiderforening har vi ikkje. Motivet på fana er prega av at foreininga var ein kamporganisasjon der medlemene utførte fysisk arbeid; vi ser ein mann, dels overmalt, som held ei slegge. Vi ser òg ei gruppe ev tre menn og ei kvinne som held stenger med vimplar i hendene. På vimplane står dei sentrale orda FRIHED, LIGHED, BRODERSKAP.

Svaret på kvinneskikkelsen finn vi i denne symbolikken. Fridom, likskap og broderskap kjenner vi frå den franske revolusjonen (1789-1799). Etter revolusjonen var «Marianne» ein kvinnefigur som symboliserte den franske republikken. Ho blei framstilt i kunsten som ei ung bondejente eller ei jente av folket, og symboliserte «fridom for alle», uttrykt med orda Liberté, égalité, fraternité (fridom, likskap, brorskap). Som bondejente bar Marianne òg ei «frygisk lue», også den eit kjent symbol på fridom. Fana kan ha vore malt om i perioden rundt 1918 då den russiske revolusjonen påverka ideala. Men dette har vi ikkje kjelder på.

Kvinna på fana til Odda arbeiderforening har ikkje lue. Under jakka har ho heller ein fargerik kjole, og ikkje bringklut. Men ho kan sjå ut som ei bondejente, - ei ung, sterk kvinne frå folket. Dette passar fint inn: Dei fagorganiserte i Odda var godt orienterte både nasjonalt og internasjonalt.

Når blei denne fana skaffa og endra på?

Odda Arbeiderforening skaffa truleg denne fana i 1909. Dei var då organisert som avdeling 196 av Norsk Arbeidsmannsforbund. Odda Arbeiderforening var stifta den 11. november 1906. På side 13 i 75-årsberetningen, kan vi lesa at "Medlemsvervinga gikk trass i alt så godt at foreninga alt ved nyttårstider 1907 kunne reise kampfana." Om dette er bokstavleg meint, er ikkje klart.

Vi har funne dokumenterte utgifter i kassajournalen i fagforeningsarkivet: 1. mai 1911: En fanesele kr 3,50. 22. september 1911: kr 30,- Innsatt i Norges Kooperative Sparekasse for Fane- og byggekomité. Den 30. april 1912: Lån til ny fane kr 50,- og den 19. september 1912: Cyanamid for Fanekasse Udgift kr 9,10.

Odda Arbeiderforening si fane blei overmalt i 1925 kan vi lesa ut frå Odda Arbeiderforening sin møteprotokoll for 27. mars. Dei måla på ny dato: «Stiftet 1. januar 1924». Dei gjekk då over i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund og fekk ny stiftingsdato. At dei blei stifta på nytt er forståeleg sidan foreininga hadde vore lite aktiv, nær sagt borte i dei fire åra Oddafabrikkane sto etter konkursen. Men arbeidet lokalt i foreininga kom neppe i gang før Odda Smelteverk AS starta dette året.

Historien

Odda Arbeiderforening var skipa første hausten dei starta anleggsarbeid for å bygge karbid- og cyanamidfabrikkane som seinare vart Odda Smelteverk. Sidan dette var anleggsarbeidarar, var dei tilslutta Norsk Arbeidsmannsforbund på nasjonalt plan. Frå 1908 byrja mange av arbeidarane i fast arbeid ved fabrikkane, men foreininga heldt fram i arbeidsmannsforbundet. Oppdeling i fleire fagforeiningar etter ulike fag kom seinare. Ei av dei seinare foreiningane var t.d. Odda elektrikerforening.

Symbolikk

Ei fane er eit samlingsmerke for medlemene som er med. Framsida på fana er gjerne full av tydeleg symbolikk. Fana skal ha appell både til medlemene og til folket som står og ser på. Vanlege symbol kan vera eit handtrykk, ein lauvbærkrans eller ein fakkel. Dette uttrykker samhald, siger og opplysning. På gamle faner frå før 1920-talet, kan vi også finna kvinner utforma som meir og mindre påkledde gudinner. Andre gonger er kvinner i fanemotiv framstilte som bondejenter eller «vanlege» kvinner. Kvinnene som symbol på arbeiderfaner er uttrykk for fridom, altså «frihetsgudinner». Under den franske revolusjon var det ei bondejente som fekk ein heilt spesiell posisjon.

Detaljar av motivet

Utsnitt av fane
Detalj

Materiale og beskriving

Mørk eller mellomblå stor fane med malte bokstavar og motiv. Framside og bakside er laga av same type fanesilke. Fana er restaurert ved Kunstindustrimuseet (Nasjonalmuseet) før 1995 og har ein tynn duk (crepeline) utanpå fanesilken. Motiv på framsida er måla om. Hovudmotivet er delvis overmalt, og nedre del av fana med teksten for opprinneleg stiftingsdato i 1906 er tydeleg overmalt.

Share to