Strikkeriet på Safa Samnanger våren 2013.
Strikkeriet på Safa Samnanger våren 2013. Kristin Jørgensen/Tekstilindustrimuseet

På sokkelesten: Safa Samnanger Fabrikker

Safa Samnanger Fabrikker (1931-) startar produksjonen av sokkar og strømper på eit ganske usannsynleg tidspunkt – i starten på dei «harde trettiåra».

Frå Voss til Bergen

Firmaet blir først etablert på Voss i 1931. Då kjøper grunnleggaren Alfred M. Bruvik (1886–1978) Voss Strømpefabrikk, med sine seks automatiske strikkemaskiner og produksjonslokale i første etasje i eit bustadhus. Han startar forsiktig med 7–8 tilsette, men bedrifta veks raskt. To år seinare er lokala allereie for små, og Bruvik kjøper eigedomen til tidlegare Jaquardvæveriet i St. Jørgens gate 8 i Bergen.

Blå frottésokkar produsert til Vinter-OL på Lillehammer i 1994. Bevaringstenestene MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Marineblå Safa Sport ullsokkar. Bevaringstenestene MuHo / Museumssenteret i Hordaland Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Kvite frottésokkar med rosa mønster til Lillehammer-OL. Bevaringstenestene MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Raud Safa barnestrømpebukse i frottéstoff. Bevaringstenestene MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Kvite frottésokkar produsert til OL på Lillehammer i 1994. Bevaringstenestene MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)

Ei familiebedrift

I dei nye lokala blir det plass til nye maskiner og eige strømpefargeri. Seint i 1933 er det blitt 25 tilsette i bedrifta. Sønene til Bruvik, Johannes og Aksel, går også inn i firmaet med ansvar for den daglege merkantile og tekniske drifta. Seinare skal også Aksel sin son Alfred M. Bruvik, og sonen til Johannes, Gunnar Bruvik, få viktige stillingar i bedrifta, som tredje generasjon i Bruvik-familien.

Ny start i Samnanger

Etter nokre års drift og oppdatering av maskinparken, vert også dei nye lokala i Bergen for små. Safa kjøper såkalla automatiske Cotton-maskiner: desse kunne vere 17 meter lange, og laga fasongstrikka damestrømper som så blei sydd saman med ein saum bak. I 1941 kjøper Bruvik ny eigedom på Tysse i Samnanger, og reiser ein ny fabrikk på tomta til Samnanger Ullvarefabrikk (1900–31), hjørnesteinsbedrifta som hadde brunne ned ti år tidlegare. Med eigedomen følgjer fem arbeidarbustadar, leiar- og direktørbustad, og fabrikken får eige spinneri – og seinare også kraftproduksjon. I 1966 er det heile 240 tilsette i bedrifta.

Computer love

Datastyrt sokkestrikkemaskin frå 1984, programmerbar med kassett. Tekstilindustrimuseet MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)

Bransjetidsskriftet Norsk Tekstiltidende skildrar Safa si investering i nye strikkemaskiner i 1984, under overskrifta "Strømpeproduksjonen inn i data-alderen":

At en vanlig kassett - av samme type som du og jeg har i bilen til musikkbruk, skal kunne trylle frem en strømpe med til dels innviklet mønster - ja, det virker utrolig for en som ikke er dus med datatidens virkemidler. For det er investering i avansert datautstyr som gjør at tradisjonsrike Safa Fabrikker kan 'trylle' pr. kassett.

Driftsleiar Alfred Bruvik fortel til bladet at maskina produserer rundt 18 sokkar i timen, og 6 dusin sokkepar per arbeidsdag, men hovudfordelen med maskinene var at dei var enkle å programmere om til nye mønster. Safa investerte 2,5 millionar i 8 av desse japanske maskinene (Norsk Tekstiltidende 08 1984).

Strikkeriet ved Safa Samnanger våren 2013

Sying av tåsaum.
Frå strikkeriet.
Ferdigstrikka sokkar.
Reparasjon av strikkemaskin på Safa Samnanger 2013.
Alle foto Kristin Jørgensen/Tekstilindustrimuseet.

Pent på sokkelesten

Hovudprodukta til Safa har alltid vore sokkar, strømper, og strømpebukser. Safa er det mest kjende merket i dag, men fabrikken har òg produsert varer i namn som Promenade, Galla, Condor og Terri (ca. 1950-tal).

Til OL på Lillehammer i 1994 hadde bedrifta eineansvar for strømpeproduksjonen. Fram til slutten av 1990-talet konsentrerte bedrifta seg om sokkar og strømpebukser for damer og barn. Sidan 1999 har bedrifta samarbeidd med Skinija, ein strømpeprodusent i Kaunas i Litauen, og eit selskap Safa eig aksjar i. Sommaren 2013 la bedrifta ned strikkeriet i Samnanger, men har enno sal, design, lager og administrasjon lokalt. I dagens kolleksjonar finn ein dei klassiske strømpene og sokkane, i tillegg til leggvarmarar og anna ulltøy.

Kjelder

  • Bøe, Torunn Kojan. 2015. "Internasjonal arbeidsdeling i norsk tekstilindustri - i lys av Safa Samnanger og Dale of Norway, i Arbeiderhistorie 2015 (Årbok for Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek). Oslo: Universitetsforlaget, s. 178-193.
  • Grieg, Sigurd (red). De norske tekstilfabrikkers hovedforening. 1950. Norsk Tekstil 2. Oslo: Johan Grundt Tanum, s. 338-341.
  • Norsk Tekstiltidende - fagskrift for tekoindustrien. 1984, nr. 8. Norsk tekstilteknisk forbund.
  • materiale i samlingane til Tekstilindustrimuseet, MUHO

Strikkemaskiner frå Safa Samnangar

Tekstilindustrimuseet har fleire maskiner frå Safa, som enno er i bruk på museet.

Bentley Komet BR sokkestrikkemaskin, med 52 nåler og 5 1/2 finheit. Tekstilindustrimuseet MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Bentley Komet sokkestrikkemaskin som strikkar tynne sokkar til vaksne. Tekstilindustrimuseet MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
"Komet" sokkestrikkemaskin laga av Bentley i Leicester, England. Tekstilindustrimuseet MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Mintgrøn Bentley sokkestrikkemaskin som strikkar raggsokkar Tekstilindustrimuseet MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Mintgrøn Bentley sokkestrikkemaskin som strikkar einsfarga mønstersokk. Tekstilindustrimuseet MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Mekanisk 2-sylindra sokkestrikkemaskin. Tekstilindustrimuseet MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Datastyrt 1-sylindra sokkestrikkemaskin som blir programmert med kassett. Tekstilindustrimuseet MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Mintgrøn Bentley sokkestrikkemaskin som strikkar barnesokkar i ulike storleikar. Tekstilindustrimuseet MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)

Les meir

Order this image

Share to