
Bø Meieri
Omkring 1870 blei det starta meieridrift i Bø, både på Veirud og på Oterholt. Meieribygningen i sentrum stod ferdig januar 1895. Bygningen brann i 1901. Nytt meieribygg blei straks bygd.
Dei fyrste åra blei mykje av mjølka selt på mjølkeutsal i Skien, på Notodden og på Rjukan. Økonomien var vanskeleg og drifta stoppa i 1925.
Ny start - mellomkrigstida.
I 1927 kjøpte Bø nye mjølkelag meieriet. Dei tilsette Paul Espeland frå Bjerkreim som meieristyrar. Dei fyrste åra gjekk all mjølk og fløte til konsum. I løpet av nokre år blei drifta lagt om til produksjon av ost og smør. Det blei kjøpt inn ystemaskin, kinne, fløtekjølar og syrningskar for fløten.
Drivkraft var ein gamal dampmaskin fram til 1932. Då gjekk ein over til elektrisk kraft frå det nye kraftverket i Oterholtfossen.
I 1932 blei meieribygget utvida og ein kunne auke produksjonen. Ein ysta 2-3000 liter mjølk kvar dag, for de meste heilfeit gouda. Kvalitetsstempelet kløvermerke fekk ein tidleg på smør. Etter at det i 1935 blei kjøpt kjøleanlegg, fekk dei også rett til kløvermerke på heilfeit gouda. Då pasteuriseringslova kom, blei det kjøpt nytt pasteuriseringsapparat.
Fram til 1938 mangla meieriet skikkeleg god vasstilførsel. Då blei det lagt ledning frå vasskjelda på Brukarmyra, som også fleire hus i sentrum fekk nyte godt av.
Andre verdenskrig.
Andre verdenskrig var ei vanskeleg tid, men Bø meieri greidde seg rimeleg bra. Under krigen starta dei med å koke blanda geitost. Dette fordi Eckbo på Borgja dreiv med geiter, og denne mjølka måtte meieriet ta i mot.
Etterkrigstida - framgang.
Det fyrste tiåret etter krigen blei det ny, sterk utvikling. I 1948 starta ein å produsere iskrem. I 1949 blei det bygd fryseboksanlegg og ostelageret blei utvida. I 1950 kom nytt pasteuriseringsanlegg og ystekar. I 1953 kom nytt oljefyringsanlegg, potetkokeri, ny mjølkebutikk og transportbanar og maskinar til vasking av meierispanna. I denne perioden var Håkon Håheim styrar. Han hadde stillinga heilt til 1974.
Utviklinga snur.
Frå midten av 1950-åra snudde utviklinga. Ei årsak var omlegging av landbrukspolitikken som førte til at det mjølkeleveransene til Bø meieri blei redusert frå 3,4 mill. kg i 1953 til 2,4 mill. kg i 1968. Ei anna viktig årsak var rasjonaliseringstanken i meierisamvirket. Det førte til at iskremproduksjonen blei lag ned i 1956 og flytta til Meierienes Fellesfabrikk i Tønsberg. Mangel på mjølk førte til at ost- og smørproduksjonen blei lagt ned kring 1970. Nye ting i denne perioden var tapping av mjølk på flasker (1965), tapperi for mjølkekartongar, Pure Pack (1969) og tankhenting på gardane (1969-70).
I 1964 blei det laga rasjonaliseringsplan for meieridrifta i fylket. Målet var eitt meieri for storparten av fylket. Sentralmeieriet på Kjørbekkhøgda blei bygd og mange bygdemeieri blei lagt ned. Bø meieri stoppa drifta 17. februar 1979.