main article image
Foto: Kvamme, Nils Åge/Nordfjord Folkemuseum Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)

Gåva frå russiske Mitja til norske Maria

Dette er historia om eitt skrin. Skrinet var ei gåve frå Mitja, ein sovjetisk krigsfange, til Maria, ei lokal kvinne, under andre verdskrigen. Denne historia er ikkje eineståande, men eit av mange døme på utveksling av hjelp og gåver mellom sovjetiske krigsfangar og nordmenn under andre verdskrigen.

Fangeleir for sovjetiske krigsfangar på Sandane

På tettstaden Sandane (Gloppen, Nordfjord i Vestland fylke) var det ein fangeleir for sovjetiske (russiske)* krigsfangar under andre verdskrigen. Fangeleiren vart etablert i 1943 og låg i «Øvrevegen», ganske sentralt på Sandane . Det var mellom 25 og 40 fangar i leiren. Tyskarane hadde store lager av matvarer og fòr sentralt på Sandane, som fangane vart sett til å laste og losse (Lothe 1965).

"Som eit 17.mai-tog"
Synnøve, gjevaren av skrinet til museet, var født i 1940. Ho vaks opp i sentrum av Sandane. Sjølv om ho var lita, kunne ho hugse at dei russiske fangane kom marsjerande på vegen forbi huset deira på veg til og frå arbeid: «Dei var mange, som eit 17.mai tog», fortalde ho.

Frå Mitja - krigsfange frå Moskva

Handskrift med blyant under loket. Foto: Kvamme, Nils Åge/Nordfjord Folkemuseum Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)

Under loket på skrinet er det skrive noko med blyant: «Mitja Rutikov, Moskva» tydar vi det som. Ein må tru dette er namnet og heimbyen til han som laga skrinet.

Fleire liknande skrin frå krigsfangane på Sandane
I ein artikkel i eit lokalhistorisk skrift for Gloppen, er det bilete av fire skrin laga av fangar som var i same fangeleir på Sandane. Skrina var gåver til lokale folk som takk for mat og anna hjelp (Hellesnes 2013). Desse skrina liknar på skrinet frå Mitja. Det ser ut til at alle skrina har fuglar i dekoren. Eitt har også hjarte på, og eitt har også eitt kvinnenamn på loket.

Til Marjija - ho som gav han mat

Skrinet er omlag14 cm breitt og 5,5 høgt. Museumsnummer er NFM.2022-00003 Foto: Kvamme, Nils Åge/Nordfjord Folkemuseum Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)

På loket av skrinet er det eitt raudt hjarte med ein fugl inni. Under hjartet er det rissa inn ordet «Marjija». «Marjija» må vere Mitja, den sovjetiske krigsfangen, sin skrivemåte av det norske namnet «Maria». Mitja høyrte sikkert namnet vart sagt, men såg det ikkje skrive.

Maria
Synnøve hadde arva skrinet etter tanta si, Maria (f.1907). Maria var kokke på eit hotell på Sandane, ho var ugift og budde i 2.etasje i same hus som gjevaren.

Synnøve fortalde at tanta gav fangane mat. Ho visste ikkje korleis tanta hadde fått til det, men Maria hadde iallfall fått skrinet av ein av dei russiske fangane ein gong fangane kom marsjerande forbi huset deira.

Då Maria sitt namn står på loket, må dei ha hatt såpass kontakt at Mitja kjente Maria ved namn.

Hjelp med mat og hjelp til å rømme

Det var ikkje berre Maria som hjelpte dei sovjetiske krigsfangane på Sandane, det var mange som gjorde det. Både med mat og med å gøyme seg for tyskarane når nokon av fangane faktisk rømte.

"Russehola"
Særleg ei dramatisk historie om då fire av fangane rømte frå leiren på Sandane hausten 1944, er det skrive og fortald mykje om lokalt. Med hjelp frå lokale folk greidde rømlingane å helde seg skjult i ei hole i skogen, «Russehola», i åtte månader. Hola er no eit kulturminne i Gloppen kommune, og det går ein merkt sti til ho.

"Eg var som ein maskot for dei"
Jon Hellesnes, som var liten gut under krigen og budde i nabolaget til fangeleiren på Sandane, skriv i ein artikkel at han vart som «ein liten maskot for dei. Dei likte meg og eg likte dei.» Mor hans laga til pakkar med mat som han gjekk til leiren med. Av fangane fekk han utskorne fuglar i tre og eit dekorert skrin. Dei tyske vaktene jaga han ikkje, men smilte og gav han drops (Hellesnes 2013 s.41).

Nokre av dei sovjetiske krigsfangane (med tysk vakt) marsjerande gjennom Sandane på veg tilbake til fangeleiren etter ein arbeidsdag ute. Fotografert i 1944 Alfred Lyslo/Lyslo Foto (copyright)

Fuglar på brett og fugl av trepinnar

Synnøve fortalde at dei også hadde hatt to leikar som ungane i huset hadde fått av dei russiske fangane. Desse to leikane hadde gått tapt, men ho hugsa dei godt. Ho fortalde at eine leika hadde fem fuglar på ei plate og at andre leika var ein fugl laga av ein slags tynne trepinnar.

Fuglar på brett
Eg sendte Synnøve bilete av ein leike vi har på Nordfjord Folkemuseum, som vi ikkje veit så mykje om, og ho sa at den likna ja, men den hadde hatt mykje sterkare fargar: Grønt brett og mange fargar på fuglane. Leiken Synnøve hadde hatt, likna ein del på "hønsebrettet" frå Telemark på biletet under, kunne ho fortelje. "Hønsebrettet" frå Telemark er også laga av russiske krigsfangar under andre verdskrigen.

Leiken i NFM si samling som gjevar fekk sjå bilete av. Foto: Nordfjord Folkemuseum Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
"Hønsebrett" i streke fargar (Telemark Museum). Laga av russiske krigsfangar som låg i leir ved Haugsjåsund, Treungen (Nittedal, Telemark) under krigen 1940-45. Foto: Telemark Museum Attribution-NoDerivs (CC BY-ND)

Fuglar av trepinnar i andre samlingar

Nordfjord Folkemuseum har ikkje slike fuglar laga av trepinnar i samlinga. Men vi finn fuglar som sovjetiske krigsfangar i Noreg laga av trepinnar (eller spon) i andre samlingar. Synnøve fekk sjå bileta under og kunne stadfeste at desse fuglane likna på den ho hadde hatt. Fuglen Synnøve hadde hatt var trekvit, hugsa ho.

Foto: ARKIVET freds- og menneskerettighetssenter
Foto: Falstadsenteret Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)

I heile Noreg - (og fuglemotivet går att)

Det var ikkje berre på Sandane at det vart utveksla mat, hjelp og sjølvlaga gåver mellom lokalbefolkninga og sovjetiske krigsfangar. Det ser også ut til at både "systemet" og mange av gåvene liknar mykje på kvarandre.

Vi finn fleire «sponfuglar» og «fuglebrett» laga av sovjetiske krigsfangar under andre verdskrigen publisert her på DigitaltMuseum frå ulike plassar i Noreg. Fugle-motivet går att, både som dekor på skrina, og i form av «sponfugl» og "hønsebrett".

Russisk lykkefugl - ei forteljing frå Møre og Romsdal

Det er skrive ei forteljing om ein slik «sponfugl» her på DigitaltMuseum: «Russerfuglen på Godøy» (Godøya ligg i Giske kommune i Møre og Romsdal fylke).

I forteljinga kan vi lese at i Nord-Russland har denne typen «treflis-fugl» vore eit symbol på lykke. I forteljinga står det også at om lag 3 millionar sovjetiske soldatar vart tekne til fange på austfronten av tyske soldatar, og at om lag 100 000 av dei vart sendt til Noreg som «slavearbeidarar». Dei fleste av desse fangane var russarar. Over heile Noreg kor russarane var i fangenskap, har dei etterlate ”russarfuglar”. Tyskarane tillet russarane å utføre handverket, mot at dei fekk ”kjøpe” fuglane i bytte med mat. Også tyskarane kalla dei ”Glucksvogel”, lukkefugl, står det i forteljinga.

Trykk på biletet under for å kome til forteljinga.

Ikkje fugl og ikkje i tre - ein aluminiumskam frå Årdal

Men sovjetiske krigsfangar laga også gåver som ikkje var fuglar eller hadde fuglemotiv. Ein brukte vel det ein hadde tilgjenge til av materialar.

Musea i Sogn og Fjordane (DHS-SF) har ein kam av aluminium som er laga av ein russisk fange i fangeleiren i Årdal, (inst i Sognefjorden) under 2. verdskrig.

I opplysingane om kammen les vi at aluminium var lett tilgjengeleg materiale frå Årdal Verk som vart utbygd under krigen i stor mon av russiske krigsfangar under tysk kommando. Innbyggjarane bytte i løynd matpakkar med smågjenstandar som fangane laga.

Ei forteljing til om "russerfuglar" - frå Troms

Ei anna forteljing om gåveutveksling mellom norske folk og russiske krigsfangar er i frå Spansdalen, ein dal i Lavangen kommune i Troms i Nord-Noreg. Forteljinga, "Surstomp og russefangar", finn du her:

Fleire gåver med fugletema laga av krigsfangar.

Litteratur

Hellesnes, Jon, 2013: «Flukta og dei gode hjelparane», i «Ljøren - Sogeskrift for Gloppen" 2013, (s.40-46). Årgang 15, Utgjeve av Gloppen Sogelag. Sandane. (Ljøren 2013 kan lesast på internett på nasjonalbiblioteket sin nettstad www.nb.no)

Lothe, Hjalmar, 1965: «Då fire russarar rømde frå tysk fangeleir på Sandane. Eit minne frå 1944-45». i «Årbok for Nordfjord - Eit skrift for folke- og kulturminne» 1965, 7.årgang, utgjeve av Nordfjord Sogelag og Firda Ungdomslag. Sandane.

Sovjetisk eller russisk?

  • I kjelder vert dei sovjetiske krigsfangane oftast nemnt som russiske. Når sovjetiske krigsfangar vert omtala generelt i denne artikkelen, og ein ikkje veit sikkert om fangane kom i frå Russland eller andre sovjetiske land, vert "sovjetisk" brukt. Om "russisk" er brukt i kjeldene det visast til, vert "russisk" brukt. Då Moskva ligg i Russland vert "russisk" brukt om Mitja.

Order this image

Share to