main article image
Foto: Bymuseet i Bergen

Hordamuseet si båtsamling

Hordamuseet si båtsamling består av trebåtar som trekk historiske linjer attende til førhistorisk tid med båtar som representerer båttypar som kan ha vore brukt alt i jernalderen. Samtlege båtar i samlinga er klinkbygde og føyer seg inn i ein lang og typisk båtbyggartradisjon i heile Norden, ein handverkstradisjon som i desember 2021 vart innskriven på UNESCO si liste over verdas immaterielle kulturarv. Tekstane i artikkelen er henta frå utstillinga i båthallen på Hordamuseet.

Båthallen opna i 2013. Foto: Bymuseet i Bergen

Båtar i fortida

Kunnskapen om å byggja båtar er like gamal som busetnaden i Noreg, og slik menneska har endra seg i tankesett og levemåte har båtane endra seg med. Dei tidlegaste båtane vart utvikla i ei tid då resultata av den store istida framleis var merkbar. Trevirke fantes knapt, men med greiner og liknande materialar kombinert med skinn frå sjøpattedyr klarte ein likevel å utvikla havgåande båtar. Korleis båtane i steinalder og bronsealder såg ut har vi fyrst og fremst bergbileta å tolka ut frå. Truleg er både båtar i skinn og tre avbilda. Hjortespringbåten funne i Danmark som er datert til 3-400 f.Kr. var laga av tre, berre eit hundreår etter at bronsealderen tok slutt.

Med Halsnøybåten frå eldre jernalder får vi ein båt som er med på å markera slutten på dei sydde båtane. Samstundes med brukstida for Halsnøybåten vart det i Norden nytta store havgåande roskip, truleg opptil 30 meters lengde, med bordgangar som var festa saman med klinka jernsaum. Samtlege båtfunn frå vikingtida syner at no vart alle bordgangar klinka saman med jernsaum. Innveden (spanta) vart likevel festa med snor til surringsklampar i bordgangane.

Klinkbygd teknikk vs. den meir moderne kravellbygde teknikken. Foto: Wikipedia

Gokstadfæringen, den minste av båtane i Gokstadskipet, er datert til ca. 900 e.Kr. Det er lett å kjenna att dei vestnorske færingane frå vår eiga tid i den 1100 år gamle færingen. Både oselvaren og den treborda hardangerfæringen har mykje sams med Gokstadfæringen. Men den skil seg frå desse ved at stamnane er tilhogne slik at bordgangane startar som ein del av stamnen.

By og land vart knytt saman

Hordamuseet sine naust Foto: Bymuseet i Bergen

Den lange kystlinja i Noreg, med sin rikdom av fisk og andre ressursar, gjev grunnlag for ei busetjing som starta for meir enn 10 000 år sidan. Sidan den tid har nordmenn klort seg fast her ute. Utan båten ville det ikkje vore liv laga. Den var sjølve berebjelken i kystøkonomien. I tillegg hadde båten ein annan viktig funksjon – den batt folk og grender saman. Hordaland er eit godt døme på det tette sambandet mellom folk og båt.

Hordamuseet har systematisk samla inn båtar som fortel om denne soga. Innsamlinga starta rett etter andre verdskrigen og har halde fram heilt til no. Museet har over 50 båtar i samlinga kor tjuefem er utstilte i museet sin båthall. Det er dei opne klinkbygde trebåtane med årer og segl som har hovudrolla i denne samlinga. Båtar frå dei tre kjerneområda for båtbygging i Hordaland, Indre Nordhordland, Bjørnafjordområdet og Hardanger er alle godt representerte i samlinga. Her finst mellom anna skyssbåtar for å frakte presten mellom kyrkjene, losbåt nytta til å lose skuter trygt i hamn i Bergen, ein regatta-oselvar som har vunne kongepokalen, og ikkje minst færingar som har vore nytta til frakt av folk, varer og utstyr. I museet si samling finn ein representasjon av båtar som gjorde at forfedrane våre kunne overleva i dette opprivne landet vårt, som skapte sterke små grender, og knytte by og land saman.

Båtbygging i Nordhordland

Nordhordland er eit område med lange båtbyggings- og båtbrukstradisjonar. Medan den ytste delen av Nordhordland har vore trelaus i fleire tusen år, har dei indre, austlege stroka hatt god tilgang på båtaskog, og naturleg nok var det der inne båtbyggjarane heldt til. Før køyrevegane kom var båten i dagleg bruk. Båtane i Nordhordland fekk, som i andre områder, eit særpreg forma av lokale naturtilhøve, levesett og tradisjonar.

Slektskap med Sogn og Fjordane

Sidan Nordhordland grensar mot Sogn og Fjordane er det ikkje så underleg at nordhordlandsbåtane syner sterkt slektskap med båtane i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Nokre fellesnemnarar for dette området, jamført med båtane sør for Bergen, er ein stivare båt med sterkare innved. Jamt over har båtane ein bete (spant) meir enn båtane lenger sør. Dei vart bygde med fire bordgangar (omfar), noko som òg var med på å stiva av båten. Øvste bordet spissar seg mot stamnen. Esing er festa i overgangen mellom tredje og fjerde omfar. Keipane lyt difor festast på innsida av fjerde omfar. Med unntak av sognebåtane stødde keipane seg mot esinga med keipsneller (runde trenaglar). I høve til lengda er båtane smalare enn i Os/Hardangerområdet.

Dei vart bygde i ulike storleikar, frå færing til tiæring («femkeiping»). Det er vanleg at båtane i Nordhordland hadde påsett ei innvendig forsterkningslist, ei ripestø eller ripefôring på innsida av øvste bordgangen. Listene vart ofte avslutta med eit dekorornament som varierte frå båtbyggjar til båtbyggjar. Båtane fekk ofte namn etter båtbyggjaren slik som Haldrobåt, Kikallbåt osb.

Områda for bygging og bruk

Mange båtbyggjarar reiste rundt på gardane og bygde båten på plassen hos den som tinga han. Hadde tingaren eigen båtaskog vart denne brukt i båten. Nordhordlandsbåtane fekk namnet sitt etter kva fjordområde dei vart bygd i. Masfjordbåten syner tydeleg likskap med Nordfjordbåten. Ostrabåten frå Osterfjorden, og båtane som vart bygde i Austfjorden har sine særdrag, medan båtane frå Stamnes, Veafjorden og Bolstadfjorden har drag frå «søringabåtane» i Os/Hardangerområdet.

Nordhordlandsbåtane vart lite brukt blant strilane ute ved kysten, her var det i staden oselvaren som blei brukt. Nordhordlandsbåten var den dominerande båten i midte og indre fjordstrøk i Nordhordland.

Geitbåt

Nordhordlandsbåtane vart ofte kalla «geitabåtar». Kallenamnet kan dei ha fått frå den karakteristiske framstikkande stammen, lik halsen på ei geit, eller horna på geita. Nemninga geitbåt er elles kjend frå Nordmøre og Trøndelag.

Ferjer

Ein annan båttype som vart bygd i Nordhordland var ferjer, dvs. små flatbotna båtar for frakt på vatn og inne i fjordane.

Ferje, HOM08435 Foto: Bymuseet i Bergen

Ein broten tradisjon

I dag er det diverre ingen båtbyggjarar att som kan byggja nordhordlandsbåtar i ein levande ubroten tradisjon.

Båtbygging i Bjørnafjordområdet

Opphavet til oselvaren

Oselvaren har fått namnet sitt etter elva som renn ut ved Os sentrum. Ved elveutløpet stod det naust der det vart bygd båtar allereie på midten av 1700-talet. Dei fyrste båtbyggjarane vi kjenner namnet på er Lars Olson Tøsdal og Jørgen Larsson Tøsdal. Truleg vart det bygd båtar av oselvartypen i ei rekkje bygder rundt Bjørnafjorden, då særleg i Os, på Tysnes, Austevoll og i Fusa. Dei blei då kalla Osbåt, Tysnesbåt, Austevollbåt og Fusabåt. Båtane kunne òg få namnet etter byggjestaden, som Søvikbåt, Jonsholmbåt og Drangebåt.

Tidleg båtproduksjon og eksport

Frå skriftlege kjelder veit vi at det allereie på 1500-talet blei levert båtar frå Os til Bergen. Kor lik desse båtane var oselvaren slik vi kjenner den i dag er uvisst, men at oselvaren høyrer til ein svært gamal båtbyggjartradisjon med røtene godt planta i jernalderen sin byggjeteknikk er sikkert. Best ser vi likskapen mellom oselvaren og jernalderen sine småbåtar i den treborda færingen frå Gokstadskipet. Båtar av oselvartypen vart heilt fram til midten av 1800-talet eksportert til Skottland.

Dei breie bordgangane

Oselvaren høyrer til dei «sørvestlandske» båtane som var i bruk frå Rogaland i sør til ei grense i nord som gjekk tvers over Osterøy og ut til Fedje. Ingen andre båtar i Noreg vert bygde med slike breie bord. Færingar og mindre seksæringar har tre breie bordgangar (tre omfar). Større båtar har ei kjølrenne (ein smal bordgang som står bratt opp frå kjølen) og i tillegg tre breie bordgangar. Bruk av få, tynne bord gjer oselvaren svært lett og fjøral. Til skilnad frå båtane i Nordhordland har sørvestlandsbåtane esinga langs øvre kanten av ripebordet, som er øvste bordet i oselvaren. Ripebordet er og omlag jambreitt heile vegen.

Oselvar, seksæring. HOM14381 Foto: Bymuseet i Bergen

Populær blant strilar og byfolk

Oselvaren vart ein viktig båt for folk ved fjordane og ute ved kysten. Oselvaren var nett slik havstrilane ville ha båten sin, mjuk, lettrodd og snøggsigla. Fiskarane nær Bergen kunne føra levande fisk (torsk og pale) til bytorget. Dei slepte fangsten i fiskekister etter båtane, selde han i Bergen og for heim att. Byferda skulle skje snøgt, på dagen eller med berre ei overnatting. Då høvde snøgge småbåtar best. Oselvaren vart difor mest einerådande i dei ytre stroka av Hordaland heilt nord til Hernar i Øygarden.

Seinare, når motorbåten kom og oselvaren etter kvart gjekk or bruk blant strilane var det andre som oppdaga dei gode eigenskapane til båten. Mange bergensarar fekk bygd seg oselvar til fritidsbruk, og ikkje minst kappsegling. Den store interessa for oselvaren som fritidsbåt, og båtbyggjarar som har klart å omstilla seg til ein nymarknad, har hatt mykje å seie for at båten framleis blir bygd.

Kunnskapen å byggja oselvar vart sikra i siste liten, gjennom to kurs på Hordamuseet i 1979 og 1980. Lærarane på kurset var eldre båtbyggjarar som stod i ein ubroten tradisjon. Resultatet av desse kursa vart til slutt opprettinga av Oselvarverkstaden på Os, som byggjer oselvarar på oppdrag, og held den viktige båtbyggjartradisjonen levande.

Båtbygging i Hardanger

Hardangerbaadene, bygges ved Hardangerfjord og nærmeste trakter, hvis vinslibelige indbyggere forarbeide en stor mængde, og forsælge dem langs kysten. De ere byggede av meget brede bord, hvis antal endogsaa i ikke saa ganske smaa baade-ei utgjør mer end 3 stk. paa hver side.

C.F. Didriks i Folkevennen i 1863: «De forskjellige slags baade i Norge»

I Hordaland har Hardanger stått i ei særstilling i høve til produksjonsmengder, eksport og utvikling av nye båttypar. Dei eldste båtane i naust og museum er bygd tidleg på 1800-talet. Her finn me ei stor grunnstamme av dei spisstemna hardangerbåtane i storleiker frå færing til tiæring. Mangfaldet av båttypar som seinare vert utvikla til ulike føremål til dømes gavlabåt, kyraferger og hekksbåtar og vidare til snekker, livbåtar og motorbåtar, har band tilbake til denne grunnstamma.

Hardangerbåten

Den tradisjonelle hardangerbåten er i nær slekt med båtane elles i Hordaland. For det røynde auge er det likevel råd å sjå at båtane har sine særtrekk i mest alle delar av konstruksjonen. Det ein først legg merke til er kanskje dei markerte stamntoppane og dei smekre keipane. Meir avgjerande for båten sine eigenskapar er bogen på reisingane, vinklane på det enkelte omfar, og korleis borda møter stamnen. Trass i skilnadane er det likskapane som dominerer og gjer det naturleg å sjå på hardangerbåt og oselvar som dialektvariasjonar over den same grunntypen. Bruksområde, krav frå kjøpar og båtbyggjarslekta sine vurderingar har gjort sitt for å utvikle særtrekka.

Frå færing til kyrkjebåt

Færingen var kvardagsbåten brukt til det meste av dagleg transport, heimefiske og småærend. Seksæringen tolte meir av sjø og last og vart difor nytta på lengre turar både i fiske og frakt. Åttæring og tiæring kunne vere eigd av fleire garder ilag. Dei vart nytta i fiskeri ute ved kysten, til føring av dyr, og når folk skulle fraktast til kyrkje ved ulike høve. Den mest staselege bruken gav dei difor namnet kyrkje- eller brurabåt.

Storproduksjon av båtar

Det som har særmerkt båtbygginga i Hardanger, er omfattande produksjon for ein marknad utanfor regionen. Såleis kan fyrdirektør Diriks alt i 1863 fortelja at hardangerbygde båtar dominerer på fiskefelta mellom Bergen og Egersund. Også det neste hundreåret klarte båtbyggjarane i Hardanger å halda oppe marknaden for båtane sine. Når dei lukkast var det på grunn av at dei tilpassa båtane til nye fiskemetodar og kundegrupper. Som døme kan strandebarmaren nemnast. Denne moderne versjonen av hardangerbåten blei populær på den nye fritidsmarknaden som oppstod utover på 1900-talet og vart selt over heile landet. Berre i bygda Strandebarm blei det såleis i mellomkrigsåra bygd omkring tusen båtar i året.

Strandebarmar, HOM08437a

Hardanger fartøyvernsenter

Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund arbeider for å ta vare på hardangertradisjonen innan båtbygging. Dette skjer gjennom dokumentasjon og forsking, men først og fremst gjennom å byggja dei tradisjonelle båtane og slik halda handverket i hevd. Her er det såleis framleis råd å tinga seg ein nybygd hardangerbåt eller strandebarmar.

Ynskjer du å lese meir om Hordamuseet si båtsamling finn du størsteparten av båtregistreringane tilgjengeleg på DigitaltMuseum.

Order this image

Share to