Stove frå Settingsgard, Ål Bygdamuseum
Stove frå Settingsgard, Ål Bygdamuseum Bjørn Johnsen Attribution-NonCommercial-ShareAlike (CC BY-NC-SA)

Juletradisjonar i Ål

Jula har røter langt tilbake, og det var frå gamalt av knytt mange underlege skikkar til julehøgtida. Mykje er nok likt mellom dei ulike bygdene i Hallingdal, men denne artikkelen byggjer i all hovudsak på det som står skrive om juletradisjonar i Aal Bygdesoge II frå 1955.

Før jul

Førebuingane før jul vart kalla jolesnuggen, og tok til om lag ein månad i førevegen. Då vart det slakta, baka, bryggja øl, og til sine tider brent brennevin.

Det var mange som lenge dreiv og brende ulovleg og som fekk mulkt for det. Men i Uppheimsgardo brende dei lovleg. Dei brende i skatta kjerald, som dei sa. Dei hadde kjel som var stor nok etter lova, og som dei betalde skatt av. Det vart ikkje sløkt på peisen på Uppheim dei siste tre vekene før jol. Heile bygda kom til og brende. Han som åtte "fabrikken", fekk dranken for at dei fekk brenne der, og for at han skaffa is (Svarteberg 1955, s. 142).

På ein gard skulle det bryggjast minst ei tunne med sterkt juleøl, og det vart baka lefsekling og asningskaker (brøddeig forma til flate kaker og steikt på takke, mykje brukt før komfyren kom). Før jul skulle kosten vera enkel, og det blir sagt at dei siste sundagen før jul ikkje skulle skifte. Denne sundagen vart kalla svartesundan.

Det var elles mykje å passe på i julehøgtida, og mykje som måtte gjerast på ein bestemt måte. Mykje av grunnen til dette var omsynet til dei underjordiske, som var ute og for denne tida (Svarteberg 1955, s. 119).

Juleftan

Smørkjerald frå Ål, ÅL00822 Hallingdal Museum (copyright)

På juleftan var dei oppe ved 2-3 tida om natta. Det skulle hoggast juleved, og dette vart gjort tidleg om morgonen ("juleotta"). Vedhogsten skulle vera ferdig til grålysinga, og det var karfolkarbeid å hogge ved. Det skjedde òg at det vart gjort opp ein varme ved hoggestabben, eller at dei tente tyristikkar (Hodne 1996, s. 35). Når vedhogsten var ferdig, hogg dei ein kross i hoggestabben, og øksa skulle ikkje rørast att før trettandedagen (6. januar) (Svarteberg 1955, s. 119).

Vidare skulle pipa sotast, peisen vaskast med kalkvatn, og dei skulle bere inn juleveden. Denne veden skulle vara juledagane, fordi ein ikkje skulle arbeide i jula. Ein skulle berre gjere det som var naudsynt. Kvinnene vaska golvet og strøydde brisk (einer) på golvet (Svarteberg 1955, s. 119). Det vart òg hengt opp pynt på veggane:

I Hallingdal bruges den Dag i Dag at hænge op den saakaldte Stueklædning rundt alle Vægge, over Vinduer, Skabe osv. Den hænges op Juleaften for at gjøre det festligt i Helgen og tages ikke ned før Tyvendedag (Hodne 1996, s. 44).

I tillegg til å pynte på veggane, la dei gjerne ein heimevove duk på bordet òg (Svarteberg 1955, s. 121). Elles på bordet sette dei eit smørkjerald, som skulle stå der heilt fram til tjuandedagen (13. januar). Det var likevel ikkje berre inne dei var opptekne av at det skulle vera ryddig, ein måtte òg sørge for å ha det ryddig i gardsrommet. Var det ikkje ryddig der, kunne ein risikere at julereia snubla i noko når ho kom farande, og då kunne ho føre ulykke på garden (Svarteberg 1955, s. 119). Julereia skal ha køyrd ut frå Hahaug eller Høgehaug (Gol) julenatta, og kom tilbake kvelden trettandedagen (Narum 1965, s. 130).

Julebandet, eller juleneket, vart hengt opp til spesielle tider i kvar enkelt bygd. I Ål skulle det hengast opp før "høgst dag", altså klokka 12. Rakk ein ikkje å henge opp julebandet til då, vart ein for sein med alt arbeidet det kommande året. Det var òg anna overtru knytt til julebandet. Var det ein sporv som kom fyrst til bandet, skulle det bli eit godt kornår. Var det derimot ei skjær som kom fyrst, vart det eit sloår (dårleg år) (Svarteberg 1955, s. 119).

Mat

Ølbolle frå Ål, ÅL00137. Påskrift: Tørøn Ols Datter Døkken ANNO 1806. Truleg måla av Kitil Rygg 1806. Hallingdal Museum (copyright)

Matskikkane på juleftan har endra seg gjennom tidene.

Det som fremdeles gir vår julefest sitt preg, er den overflod på mat og drikke som hører til, for at den rette feststemning kan innfinne sig. Og dette gjaldt i enda høiere grad i gamle dager, da man skulde spise og drikke som ingensinde ellers i året. [….] Man hadde da også et ordtak som gav uttrykk herfor, når man, sa at om julekvelden skulde en drikke, så en ikke tørster på et år, og spise så en kan bie til jul igjen (Harildstad 2016, s. 59-60).

Før fekk dei vanleg øl og primmat til bisk (frukost). Til dugurd (lunsj) fekk dei varmøl med karva asningskaker og kvitost. Deretter fekk dei målbete i staden for non (middag). Det var lefsekling, rummebrød og asningskaker, øl eller kaffi, eller så kunne det vera mølje (kraft frå koking av rull og sylte med flatbrød). Etter maten var det øl og ofte ein dram (Svarteberg 1955, s. 121).

Klokka 18 skulle dei ha rettig mat (julemiddagen). Då vart det i Øvre Hallingdal servert lutefisk, potet og fiskesø (fiskesø får ein når lutefisken er kokt og tatt opp. Då set ein til mjølk og fløyte etter smak i fiskekrafta, og litt smør), lefsekling, øl og brennevin. Frå gamalt av var det vanleg at alle åt fiskesø av same koppen. Lutefisk og potet la dei på ein bit med lefsekling, og åt på den måten. Julemiddagen skulle stå på bordet til dagen etter, til ære for haugfolket. Og når julehelga var ferdig, tjuandedagen, vart smørkjeraldet sett bort, og primmaten vart vanleg kost att (Svarteberg 1955, s. 121-122).

Fyrste juledag

Julepynta stove frå Settingsgard i Vats, Ål Bygdamuseum Ragnhild Kolsrud, Hallingdal Museum (copyright)

Fyrste juledag var det servering på senga. Kjerringa kom med mat, og mannen kom med ølskåla og brennevinsbuttelen. Til bisk (frukost) var det same maten som juleftan: lutefisk, potet, fiskesø og lefsekling. Det vart òg vanleg å servere kaffi då den vart take i bruk i Hallingdal.

Dei som kunne, skulle reise til hovudkyrkja i soknet og høyre julemessa. Dei kom køyrande heilt frå Nordbygdene (Votndalen, Leveld og Vats) og Torpo til Ål denne dagen. Frå gamalt av kom òg holingane. Det var ikkje alltid like høgtidsamt i kyrkja fyrste juledag. Juleølet og julebrennevinet tok etter kvart til å virke, og nokon sette seg for å ture (drikke). Det blir òg forfald om at folk rauk saman i slagsmål ved kyrkja. Mange reiste nok til kyrkja for å treffe kjente og slektningar, som dei kanskje bad med seg heim etter messa. Skikken var likevel den at julemoroa ikkje skulle byrje fyrste dagen, og dei som ikkje var bedt bort skulle halde seg heime. Det skulle vera ein stille og høgtidsam dag (Svarteberg 1955, s. 123).

Andre juledag

Moroa byrja andre juledag. I Øvre Hallingdal var det til dømes vanleg å kappkøyrde aredagsskeidet eller an'dagsskei. Dei køyrde eller rei, fleire i følgje, frå gard til gard. Nokre kunne til og med ri inn på stovegolvet. På kvar gard dei var, fekk dei øl og skjenk, og det kunne bli mykje fyll og bråk. Det blir fortald at ein leivning av denne skikken har halde seg, men då som kappkøyring i flokkevis frå kyrkja (Svarteberg 1955, s. 123).

Julebukk

Frå andre juledag og fram til tjuandedagen (13. jannuar) kunne ungdomen gå julebukk. Dette var noko av det likaste dei visste. Dei kledde seg ut med masker framom andletet, og gjekk i flokkevis omkring i grenda. Når dei kom inn ein stad, gjorde dei seg ukjente i målet, og fann på ting å seie som var til å flire av.

Ei julegeit kunne vera med i følgjet.

Ho var eit fælt skremsle. Det verste dei kunne skremme ungane med var julegeita. Det kunne vera to karar som kledde seg ut. Den eine satt oppå aksla til den andre. Utysket hadde geiteskinn, to stavar til framføter, geiteskalle med eit fælt gap, lange horn og ei bjølle rundt halsen. Når ho kom inn, vart ho høgre og høgre, til ho stanga oppi kruna. Vart ho sinna, kunne ho gå borti peisen, taka glør i kjeften og blåse utover så det sto gneistar (Svarteberg 1955, s. 123).

Overtru og andre skikkar

Julepynta stove frå Settingsgard i Vats, Ål Bygdamuseum Ragnhild Kolsrud, Hallingdal Museum (copyright)

Før skaut dei gjerne inn jula, og nokre stader held dei framleis på med det. Grunnen til at dei skaut, var for å skremme vekk dei underjordiske. Det var vanleg å skyte tre skot, eitt ved stova, eitt ved fjøset og eitt ved stallane (Svarteberg 1955, s. 119):

Dei måla òg krossar med tjærekosten, mellom anna på soplingskaftet (sopelime laga av bjørkeris eller hestetagl), på øltunna, over alle dører, inne i stova, stolphus, bu, fjøs og stallar. I fjøset sette dei ein kross på veggen over kvar kyr, i tillegg til ein på panna og over krossbeinet.

Etter at dei hadde tent julelyset, måtte ungane vere inne. Det var ingen som måtte gå ut og seie "I Jøssu nabn". Om dei gjorde det, kunne haugfolket koma susande gjennom lufta, og ta med seg dei dei såg.

Nyttårstråd Gutane gjekk frå gard til gard og fekk trådokker av mangefarga ullgarn av jentene, som dei sette i lua eller hatten. Fekk dei ikkje tråd, kunne dei finne seg tråd sjølv. Til slutt kunne guten ha tråddokker rundt heile hovudet. Di fleire han hadde, di gildare var det. Det var merke på at jentene likte han. Trådokkene gav han kjærasten, eller så selde han dei (Svarteberg 1955, s. 124).

Tustepike og rokkemann Over nyttår skulle gutane finne seg tustepike, og jentene rokkemann. Gutane gjekk på låven og slo nokre slag med tusten. Den fyrste jenta som kom inn etterpå, var tustepika hans. Jentene tok fram rokken og spann litt, og den fyrste som kom inn, vart rokkemann. Noko meir var ikkje knytt til denne skikken med tustepike og rokkemann, enn at dei skulle ha traktering med julemat og øl (Svarteberg 1955, s. 124).

Klavadagane

Øltunne, ÅL04904. Hallingdal Museum (copyright)

Dagane mellom jul og nyttår vart kalla klavadagane. Då slapp dei ut kyrne med klavane på (band rundt halsen). Den stunda kyrne var ute, kunne folk gjere alt slags arbeid, så lenge det ikkje var helg. Elles i klavadagane måtte dei berre gjera det arbeidet som var heilt naudsynt.

På nyttårseftan og kvelden trettandedag (6. januar) var det same maten som juleftan, lutefisk, potet, fiskesø og lefsekling. Tjuandedagen tok dei ut øltunna og tok vekk smørkjeraldet som sto på bordet. Det hadde stått sidan juleftan, og kjerringa kunne då seie:

No er det ende på jolemate. No bi det å rote i primmatfate (Svarteberg 1955, s. 125).

På Torpo sa dei:

No er det ende på jolemate. No fær me rote i supandfate (Svarteberg 1955, s. 125).

Kjelder

Harildstad, G. (2016). Jul i gamle dager. Tekster av Kristofer Visted. Oslo: Norsk Folkeminnelag

Hodne, Ø. (1996). Jul i Norge – gamle og nye tradisjoner. Oslo: Cappelen

Laa, L. (1998). Meir halling-kost: mattradisjonar og skikkar i Hallingdal.

Narum, G. H. (1965). Livet i en fjellbygd omkring århundreskiftet. Oslo: Aschehoug

Svarteberg, K. (1955). Aal Bygdesoge – band II. Ål: Aal Sparebank

Share to