main article image

Brev frå postvegen i Nordhordland (2)

Var Askild Olsen Gaulen den første postopnaren i Lindås, og var postopneriet på garden Gaulen?

Grunnlaget for denne diskusjonen er eit brev som er datert Gaulen post den 5. november 1785, sendt til generalvegmester von Krogh i Trondheim. Brevet kom til mottakaren i Trondheim den 12. januar 1786. Avsendar av brevet er lensmann Lars Larsen på Fjellsenda, ein av nabo gardane til Gaulen. Dette brevet viser at Gaulen truleg var postopneri på denne tida. Ein skulle tru at det var presten på Lindaas, Ludvig Daae, som var postopnar og prestegarden på Lindaas som var postopneriet. I postsoga frå postmuseet heiter det: «I posthistorien nevnes at før 1787 var en slags poståpneri på stedet, og at prestene ordnet med posten».

Det offentlege og postverket som var oppretta i 1647 hadde arbeid lenge med å få til veg og fast postføring mellom Bergen og Molde. Jens Schanche som var i eit ledig postmesterembde i Trondheim i 1748, var ein av pådrivarane for dette. I 1758 hadde han laga ein postforordning for korleis postruter skulle fungera, og i 1774 kom Schanche med framlegg om at 2 sakkunnige måtte sjå på ein plan for ei rute Bergen - Molde. Denne planen eller rapporten tek mellom anna føre seg korleis vegen skal gå gjennom Lindaas prestegjeld. Den 13. mai 1785 bifalt kongen, Christian VII planen og oppretta postruta Bergen - Molde. Postruta skulle gå ein gong i veka, frå Bergen laurdagar kl.12.00 til Molde og vidare til Trondheim. Når ruta vart etablert regelmessig etter 13. mai 1785 er usikkert, men Peder Michelsen Isdahl vart tilsett som postbonde på garden Isdal i Nordhordland 1. september 1785 og brevet frå Gaulen er datert 5. november 1785.

4. september 1786 sende kanselliråd Schanche ein klage til generalvegmestaren, der han klaga på vegen mellom Fanebust og Hundvin i Lindaas. I punkt e skriv han om ei bru som nå byggjast ved «Post Aabner stedet Gaulen i Lindaas».
Linje 3: "Post Aabner stedet Gaulen"
Linje 3: "Post Aabner stedet Gaulen"

Korleis var det på Lindaas prestegard og på garden Gaulen på denne tida?

Den nye postvegen gjekk forbi Gaulen og Lindaas prestegard. Ludvig Daae var tilsett som prest i Lindaas frå 1754 til han døydde i 1786. Det var nok naturleg at presten vart den første postopnar og at prestegarden vart det første postopneriet. Men slik vart det ikkje. I bygdeboka for Lindås side 520 står det: «Han bygde ny prestebustad i 1760, som brann ned i 1778. Nye hus vart sidan bygde. Dei flytta då til Mellingen på Sletta (no på Radøy), som dei eigde, og budde der til dei døydde».

Prestegarden på Lindaas fram til 1895 ( huset brant i 1917)
Brua på garden Gaulen

Så i 1785 måtte postverket finna andre løysingar. På garden Gaulen som på denne tida var eitt bruk, hadde ein truleg funne ein løysing for eit postopneri. Her kunne postskreppa opnast, og brev til området kunne takast ut og brev som skulle sendast leggjast inn. Dette kunne berre den som var postopnar gjera. På denne tida var det Askild Olsen som var brukar. Han var fødd i 1717. Han var lagrettemann i 1771 og 1772 så han skulle vera godt skikka til postopnar. Då han døydde 1785 står det i ministerialbok for Lindaas prestegjeld 1767-1791: «avdød 1785 Juule Dag». Han rakk å vera postopnar ei stutt tid og la truleg inni postskreppa eit av dei første breva frå vårt område til den nye postruta frå 13. mai 1785. Det var skifte etter Askild i 1786, då hadde han eit krav på ½ rdl. frå Lindaas prestegard for oppbygging av nedbrente hus der. Ludvig Daae døydde 18. februar 1786. Ny prestegard var truleg bygd då, slik at Jonas Hougs som var tilsett som prest i 1786 etter Ludvig Daae, budde der og vart den nye postopnaren, og prestegarden det nye postopneriet i Lindaas frå 1786/87.

I 1787 var det 12 postopneri mellom Molde og Bergen. Lindaas eller Linaae som det vart kalla i portotabellen i 1812, var det einaste postopneriet på postvegen mellom Eide i Gulen og Bergen, ei veglengd på 75 km, og som kryssa 3 fjordar.

• Bygdebok for Lindås band 3. Arvid Skogseth 2008. • Postens historie i Norge. August Schou 1947. • Den gamle postvegen imellom Vågseidet og Trælevika. Nils Holmås 1986. • Postdatabasen postmuseet. • Brev datert Gaulen post i 1785. Statsarkivet i Bergen
• Brev Lars Larsen Fjellsenda datert 5. november 1785 og brev frå kanselliråd Schanche datert 4 september 1786. Statsarkivet i Bergen. • Isdal gard. Brevet der Peder Michelsen vart peika ut til postbonde på Isdahl 1. september 1785 av kanselliråd Schanche.
• Kartverket

Share to