Konrad Birkhaug på kontoret i heimen sin i Kalvedalsveien 12 i Bergen 1940.
Konrad Birkhaug på kontoret i heimen sin i Kalvedalsveien 12 i Bergen 1940. Konrad Birkhaugs fotosamling/ukjent fotograf (copyright)

Legen og forfattaren Konrad Birkhaug

Namnet Konrad Birkhaug (1892-1980) vil i all ettertid vera sterkt knytt til følgjene av det som hende i Telavåg aprildagane i 1942; Etter etterforsking av det norske Statspolitiet aksjonerte Gestapo mot trafikken over Nordsjøen frå Telavåg. Under ei skotveksling vart ein norsk agent og to tyske offiserar drepne. Dette fekk grufulle konsekvensar for folket i Telavåg. Vaksne menn vart sende til konsentrasjonsleirar, dei fleste til Sachsenhausen. Barn, kvinner og eldre vart internerte. Først på Storetveit skole i Bergen, og sidan på Framnes i Hardanger.

Organisatoren

Frå gymnastikksalen på Storetveit skole mai 1942. Nordsjøfartmuseet, ukjent fotograf

Dr. Konrad Birkhaug var leiar i Raude Krossen på Vestlandet som fekk ansvaret for å ta imot fangane frå Telavåg på Storetveit. Sjølv om Raude Krossen sine medarbeidarar var under oppsikt av tyske styresmakter, vart det aller beste gjort for at fangane skulle få ei god mottaking. Birkhaug og nokre andre lækjarar fekk overtydd Gestapo om at det måtte vera lækjarar og sjukepleiarar nært knytt til dei internerte der det var mange gamle og mange som var sjuke.

Birkhaug i arbeid for Telavågfangane på Storetveit 1942. Nordsjøfartmuseet/ukjent fotograf.

Tett oppfølging av Telavågfolket

Kvinnene aktiviserer seg med karding og spinning for å få dagane til å gå på Framnes Nordsjøfartmuseet/ ukjent fotograf

Raude Krossmedarbeidar Ragnvald Steenstrup var leiar for lokallaget som tok i mot Telavågfangane på Storetveit. Han har laga ei rik kommentert fotosamling som han har kalla Telavåg. Det er mest truleg Andreas Wernøe som er fotografen bak dei fleste av fotoa som vart tekne på Storetveit skole. Wernøe arbeidde også for Telavågfangane i Paradis Røde Kors hjelpekorps. Birkhaug og Stenstrup har begge, som fotografisamlarar og truleg også som fotografar, gjeve ettertida ei verdifull dokumentasjon av livet til dei internerte fangane på Storetveit skole. Då fangane seinare vart flytta til interneringsleir på ein skule på Framnes i Hardanger, fylgde hjelpekorpsmedarbeidarane dei på plass og Konrad Birkhaug var jamt på besøk for å sjå etter Telavågfolket.

Konrad Birkhaug og Albert Henrik Mohn i Telavåg 30. mai 1945. Foto frå denne dagen er også blitt publiserte i Gyldendals tidsskrift Verden i bilder Nr. 6 august 1945. Nordsjøfartmuseet/ukjent fotograf

Då krigen i Noreg var over våren 1945, kunne ein dra til Telavåg utan å bli stoppa av tyske vakter. Det var ikkje noko hyggeleg syn som møtte desse første som kom til bygda etter nazistane sine herjingar. Konrad Birkhaug var med i eit fylgje som tok turen til Telavåg våren 1945. Han hadde med seg fotografiapparatet sitt men det er usikkert om han var fotografen til nokre av bileta som vart publisert i Gyldendals «Verden i bilder» nr. 6 august 1945 frå denne turen. Birkhaug hadde god kontakt med fleire av familiane då dei seinare starta eit nytt liv i Telavåg etter gjenoppreisinga.

Forfattaren

Med sitt sterke nærvær til Telavåg og folket som opplevde terrorhandlinga i 1942, var Konrad Birkhaug den første til å skildra dette, då han allereie i 1946 kom ut med boka «Telavåg – Fiskeværet som tyskerne slettet ut i 1942». Boka vart illustrert med foto som han hadde samla. Mellom anna innsamla foto som motstandsfolk hadde klart å smugla unna frå den tyske krigsmakta si dokumentasjon av terroren i Telavåg. Boka vart utgitt av Gyldendal Norsk Forlag i mars 1946 og eit nytt opplag kom i mai det same året.

Verdsmannen

Birkhaug på BCG laboratoriet i helsedepartementet i New York 1952 Konrad Birkhaugs fotosamling/ukjent fotograf

Konrad Birkhaug hadde studert og arbeidd i ulike land og kunne uttrykkja seg på fleire språk. Han omsette si eiga bok om Telavåg til engelsk med tanke på å få utgitt boka i USA og i Storbritannia. Birkhaug dedikerte det engelske manuset til Franklin D. Roosevelt på grunnlag av orda i talen hans september 1942, då overleveringa av skip til den norske regjeringa fann stad på Washington Navy Yard: «If there is anyone who wonders why this war is beeing fought, let him look to Norway… And if there is anyone who doubt the democratic will to win, again I say, let him look to Norway!»

Med orda ovanfor opnar han brevet til Eleanor Roosevelt 2. juni 1947, der han høfleg spør om ho vil skriva eit føreord til boka som han på engelsk vil kalla «Yesterday’s Madness». Brevet til Eleanor er sendt til hennar adresse i New York, der ho leiar eit menneskerettsarbeid for SN. På dette tidspunktet bur og arbeider også Dr. Birkhaug i New York. Med sin leiande kompetanse innan baktereologi og lange erfaring frå arbeid med BCG-vaksinen i Frankrike og Noreg, er han tilsett i det amerikanske helsedepartementet som direktør for det nye BCG Tuberkulosevaksine Laboratoriet. Han skriv i brevet at han er blitt oppmuntra av sine amerikanske kollegaer om å få omsett boka om Telavåg til engelsk. Førespurnaden om å skriva eit føreord har også gått til Trygve Lie, som må takka nei til oppdraget grunna si stilling som generalsekretær for dei sameinte nasjonane. Eleanor vil skriva dette føreordet og får tilsendt manuskriptet til Birkhaug, som er på 496 maskinskrivne sider. Først 3. november 1947 mottek Dr. Birkhaug Eleanor sitt føreord, med ei orsaking om at det har teke så lang tid og at forordet hennar er så kort.

Frå Nordsjøfartmuseet sitt arkiv

Yesterday`s Madness

Forfattaren har samla 33 listeførte illustrasjonar i ein forseggjort, burgunder perm. I det engelske manuset er det heile 55 postar på illustrasjonslista, og det samsvarar med talet på foto og illustrasjonar i den norske versjonen av boka om Telavåg. Trass i dette arbeidet til Konrad Birkhaug, så blei dette manuset ikkje publisert i bokform i engelsk språkdrakt. Det er ei glede for oss ved Nordsjøfartmuseet at dei første fotoa frå samlinga vår som me publiserer på Digitalt museum, er fotoa i burgunderpermen med namn: Yesterday’s Madness. By Konrad Birkhaug.

Den burgunder fotopermen. Nordsjøfartmuseet

Order this image

Share to