main article image

Ein heimelaga handgranat

I 2018 fekk Bjørn West-museet overta ein spesiell gjenstand, nemleg ein heimelaga handgranat. Kor kom han frå? Kven produserte slike?

Fridtjof Kampevold frå Vågseidet på Lindås kontakta sommaren 2018 Museum Vest, med ein førespurnad om ein handgranat frå krigens dagar. Han skreiv i eposten til avdelingsleiar Arnold Matre på Bjørn West-museet i Matre:

«Jeg har en hjemmelaget håndgranat fra krigen. Fant den i kjelleren på hytten da vi bygget nytt. Far, Birger Kampevold, var i Steinorganisasjonen. Venner ble tatt men far kom seg til Sverige i polititroppene. Hytten ble brukt til skjul og hvile for mange som skulle inn til Bjørn West i 44. Er omtalt i boken av Nilsen. Jeg skal kjøre forbi Matre på mandag formiddag. Kan jeg levere denne? Mvh. Fridtjof Kampevold.»

Kampevold leverte handgranaten som avtalt og sidan då har denne gjenstanden vore del av Museum Vest sine samlingar.

Granaten har ei spesiell form som ikkje liknar på noko av det som vart produsert av dei krigførande landa under verdskrigen – verken på dei allierte eller på aksemaktene si side. Gjenstanden er eit jernrøyr med eit lokk skrudd på i eine enden (sjå bilete), og ser heimelaga ut. Truleg er dette også ein heimelaga handgranat frå Milorg i Hordaland. Bakgrunnen for denne gjenstanden kan fortelja oss litt om det tidlege motstandsarbeidet i Bergen og Hordaland.

Den heimelaga handgranaten som Fridtjof Kampevold gav til Museum Vest i 2018. Arnold Matre

Stein-organisasjonen

Fridtjof Kampevold fortalde at faren var i Stein-organisasjonen, det vil seia motstandsnettverket som var skapt av postekspeditøren Kristian Andreas Stein i Bergen. Men Kampevold er ikkje nemnt i boka om Stein-organisasjonen, Kristian Stein og hans menn (1948). Men «organisasjonen» var jo heller ikkje ei foreining med medlemskapsnummer, så det kan godt henda at Birger Kampevold var ein del av det finmaska nettverket som strekte seg utover Bergen, Laksevåg, Fana og Sotra. Stein-organisasjonen vart fullstendig opprulla i oktober/november 1941. Særleg skadeleg var det at Gestapo fann namnelister på mange av mennene i gruppa. Birger Kampevold stod ikkje på listene og vart ikkje etterlyst, noko som tyder på at han ikkje var blant dei mest aktive i motstandsmiljøet rundt Kristian Stein.

I andre kjelder dukkar Birger Kampevold opp som del av nettverket til den såkalla Eksportgruppa, som heldt etterlyste motstandsfolk i dekning og organiserte båttransport over Nordsjøen til Storbritannia. Dette var ein del av Milorg, og det er nok meir riktig å rekna Kampevold som del av Milorgs nettverk.

Erling Kvales gruppe på Laksevåg

Eit anna moment er at det heller ikkje er dokumentert eller nemnt nokon stad at Stein-organisasjonen produserte handgranatar. For å kunna masseprodusera slike granatar, måtte ei motstandsgruppe nødvendigvis ha tilgang til ein verkstad og høveleg verktøy for å bearbeida metallet. Laksevåg var ein stad der det fanst rikeleg av dette: Mesteparten av Bergens tungindustri låg i Laksevåg kommune, der verft, tørrdokker og maritime bedrifter låg som perler på ei snor langs Damsgårdsveien. I dette miljøet var det mange arbeidarar, og somme av dei lét seg verva til motstandsarbeid. Leiaren for det illegale kommunistpartiet i byen, Bjarne Dalland, verva til dømes rundt 200 mann for Kristian Steins nettverk. Erling Kvale var ikkje kommunist, men verva folk i det same arbeidarmiljøet på industribedriftene i Laksevåg. Etter at Stein-organisasjonen var opprulla hausten 1941, gjekk Kvales gruppe inn i Milorg.

Problemet for historikarar som skal kartleggja motstandsarbeid i okkupasjonens første år, er at kjeldematerialet er dårleg. Det finst ikkje lister over dei folk som var med i diverse motstandsgrupper. Det er grunn til å mistenkja at mange av desse vart tekne til inntekt for fleire grupper, til dømes at folk som var verva av kommunistane vart «gitt» til Kristian Stein då det såg ut til at Steins nettverk var det dominerande motstandsmiljøet i Bergensområdet. På same måte kan folk som var i Kvales gruppe, gjerne ha sagt seg villige til å gjera tenester for Stein-organisasjonen og dermed bli rekna for – eller rekna seg sjølv for – å vera del av Steins nettverk.

For å gjera ei lang historie kort: I kjeldene er det dokumentert berre eitt miljø på våre trakter som hadde eigen produksjon av våpen, og det var Erling Kvale si gruppe i Laksevåg: På blikkvalseverket vart det i løynd sveist saman jernrøyr som kunne brukast som vegminer, kan vi lesa i boka Med Laksevåg opplysningskomite for gjenreisningen rundt i Laksevåg, som vart gjeve ut av Laksevåg kommunes Opplysningskomité i 1946. I Kjell Fossens Laksevåg-historie står det at det på Laksevågs-bedriftene vart produsert Molotov-cocktailar, lagra aluminiumspulver til brannbomber og samla inn jernsakser for å klippa piggtråd og kablar. Men ingenting av dette vart noko sinne brukt, for seinare under okkupasjonen begynte motstandsrørsla å motta fabrikkproduserte våpen frå Storbritannia og USA. Den heimelaga handgranaten på Bjørn West-museet stammar truleg frå dette miljøet i Erling Kvales gruppe på Laksevåg.

Birger Kampevold (1908–1974) var butikkekspeditør i Jørgen Eeg Herreekvipering i Olaf Kyrresgate 11. Han budde i Haukelandsveien 50, men måtte flykta under den store opprullinga i motstandsrørsla i Bergen sommaren 1942. Han kom til Sverige 15. juli 1942. Bilete er frå tida i Sverige. Privat

Med tanke på dei hyppige kontaktane på tvers av ymse motstandsmiljø i okkupasjonens første år, er det slett ikkje utenkjeleg at heimelaga vegminer, handgranatar, Molotov-cocktailar, brannbomber og jernsakser kan ha blitt distribuert til grupper utanfor Laksevåg, og hamna på lager hos Milorg-folk i Bergen, slike som Birger Kampevold. Særleg i dei tidlege okkupasjonsåra var det stor mangel på våpen, og slike heimespøta løysingar kunne gje ei kjensle av at motstandsarbeidet nytta. Kampevold var butikkekspeditør på Jørgen Eeg Herreekvipering i Olav Kyrresgate 11 og vart brukt som kontaktperson og kurér når folk i motstandsrørsla skulle kommunisera med kvarandre. Sommaren 1942 kom han i faresonen og måtte nytta seg av apparatet til Eksportgruppa, som han sjølv hadde arbeidd for: Han flykta til Sverige, dit han kom 15. juli 1942.

Truleg har Birger Kampevold ein gong i 1941 eller 1942 gjennom sine kontaktar i Bergen fått tilgang på heimeproduserte handgranatar frå Laksevåg, og teke vare på ein slik – enten til bruk i ein nødssituasjon eller som ein kuriositet. Alternativt kan ein av dei som overnatta i hytta på Vågseidet på veg til Bjørn West-basen i Matre ha lagt igjen granaten.

Kjelder: Lars Gjendemsjø 1948: Kristian Stein og hans menn Johanna Bugge Olsen (red.) 1946: Med Laksevåg opplysningskomite for gjenreisningen rundt i Laksevåg Kjell Fossen 1991: Laksevåg, bind III 1918-1945

Order this image

Share to