• Trengereid Fabrikker (1895–1999) var ein av dei store norske produsentane av lisser, band, snorer og strikk. Fabrikken produserte alt frå isolasjonsband og etikettar, til BH-stropper og selar. Trengereid leverte òg halvfabrikat til andre bransjar: frå linning og etikettar i konfeksjon til vikleband i elektroindustrien. Bedrifta hadde eit breitt produktspekter, der Jotun isolasjonsband, Bjørn selar og sokkehaldarar Gratie korsettstropper var blant dei mest kjende merkevarene.

Allereie i 1910 bygger Karl Jebsen ein ny fabrikkbygning på Solheim nærare Bergen sentrum: Karl Jebsens Baand- og Lidse-Fabrik. Denne blir snart ei avdeling i Trengereid Fabrikker. I 1974 fusjonerer Trengereid fabrikker med konkurrenten Oslo- Baand og Lidsefabrikk og blir til A/S Cebelle-Trengereid.
    (Public Domain-Merket (PDM))

Trengereid Fabrikker (Tekstilindustri)

Trengereid Fabrikker (1895–1999) var ein av dei store norske produsentane av lisser, band, snorer og strikk. Fabrikken produserte alt frå isolasjonsband og etikettar, til BH-stropper og selar. Trengereid leverte òg halvfabrikat til andre bransjar: frå linning og etikettar i konfeksjon til vikleband i elektroindustrien. Bedrifta hadde eit breitt produktspekter, der Jotun isolasjonsband, Bjørn selar og sokkehaldarar Gratie korsettstropper var blant dei mest kjende merkevarene.

Allereie i 1910 bygger Karl Jebsen ein ny fabrikkbygning på Solheim nærare Bergen sentrum: Karl Jebsens Baand- og Lidse-Fabrik. Denne blir snart ei avdeling i Trengereid Fabrikker. I 1974 fusjonerer Trengereid fabrikker med konkurrenten Oslo- Baand og Lidsefabrikk og blir til A/S Cebelle-Trengereid.

46 objects

Band

Papprull med svart merkeband (Krone str. 12) , produsert ved Trengereid Fabrikker for Salhus Tricotagfabrik.

Band

Papprull med vevd ubleika ullband, produsert ved Trengereid Fabrikker.

Band

Strømpehaldar

Strømpegrips i emballasje.
"Strømpegrips til utskifting av grips i roll-ons, hofte- og strømpeholdere."

Seler

Bukseseler i emballasje.

Barneseler

Bukseseler med grips i metall. Innpakning i plast og papp med svart/hvitt foto. Motiv: Gutt/jente, logo på svart bunn med gullskrift.

Bånd

Bånd

Mørkeblått BH-bånd i lycra, pakka i plast- og pappemballasje. Produsert av Trengereid Fabrikker: "nytt mykt elastisk BH-bånd som ikke ruller, glir eller strammer".

Strikk

Regulervar BH-strikk i papp- og plastemballasje.

Seler

Barneseler med metallspenner, "grips", til strømpebukser og nattøy, for barn 1-3 år.

Bånd

Tre stk pakker med hårbånd/hårsløyfe.

Ermribb

Kvit Trengereid ermribb, "til bruk i anorakker, boblejakker, treningsdrakter m.m.". Innpakka i papp- og plastemballasje.

Stropp

Korsettstropper med Lycra.

Ein del av arbeidarane ved Trengereid Fabrikker avd. Solheim, september 1955.

Elastikk

Kvit strikk/elastikk med mørkeblå striper, med papp/papiremballasje. Produsert ved Trengereid Fabrikker.

Elastikk

Kvit strikk/elastikk med mørkeblå striper, med papp/papiremballasje. Produsert ved Trengereid Fabrikker.

Løpar

Jubileumsløpar produsert til Trengereid Fabrikkers 100-års jubileum i 1995.

Fane

Korsettstropper

Korsettstropper

Eit par "Gratie" korsettstropper.

Share to