Gamle symbol lever lenge – side om side med dei bibelske forteljingane. Hesten, sola og korset gir styrke, og vi finn dei på mykje av det som blir skapt. Stolpekista frå Nørre Berg...
Gamle symbol lever lenge – side om side med dei bibelske forteljingane. Hesten, sola og korset gir styrke, og vi finn dei på mykje av det som blir skapt. Stolpekista frå Nørre Berge i Vestre Slidre er frå 1200-talet, og vi finn framleis slike i heimar i nørre Valdres. Kista har ringmønster skore med jern. Stolpane har flettemønster, tre sirklar i kvar sekvens. Bak står med runeskrift: Reidulv gjorde for deg ark.
Mangletreet og hengeskåpet har sirklar i karveskurd. Teppet i åklesmett har sikksakk-bordar og firkantar og er vove med lin i renning og ull i innslaget.
Kannestolen har enkle rankemotiv og markerte profilliner i listverket. Skåpet er frå 1600-talet og har vore brukt til å oppbevare kanner og drikkekar.
Sylvkruset frå Vang har nydelege ranker og var ei gåve til Karen Iversdatter Leganger (1668–1702) og Ludvig Christophersen Munthe (1657–1708) då dei gifta seg i 1686. Kruset er laga av Johannes Reimers (1644–1722) i Bergen.
Bibelmotiv og gamle symbol møter nye tradisjonar i austleg og europeisk målarkunst. Hesten, solhjulet og livstreet slår fylgje med blomar, fuglar og dyr frå andre land. I perioden 1750–1800 startar blømingstida for folkekunsten. Og blomar skulle det bli.
Peder Aadnes (1739–1792) frå Søndre Land introduserte den europeiske kunsten på bygdene.
I kyrkjer og heimar måla han alt det nye, og han bana veg for det som vi i dag kallar rosemåling. Skåpet frå Etnedal er måla av Aadnes, medan kista truleg er måla av ein som gjekk i lære. «Den ukjende» er han kalla – og han kan vera lekken mellom Aadnes og Valdres. Kista er i privat eige.
Krokbragdteppet er vove med bomulls renning og ull i innslaget – grønt, raudt og rosa. Ein svarva bolle med roser i blått med denne innskrifta: «Ber mig til den rette tønde lad godt øll i mig rinde. Anno 1736.»
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».